Eurovision Song Contest 2012
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
Eurovision Song Contest 2012 | ||||
---|---|---|---|---|
Light Your Fire! | ||||
|
||||
Dato | ||||
Semifinale 1 | 22. mai 2012 | |||
Semifinale 2 | 24. mai 2012 | |||
Finalen | 26. mai 2012 | |||
Vertskap | ||||
|
||||
|
||||
|
||||
Varigskap | ||||
Semifinale 1 | 21:00 til 23:00 (UTC+2) | |||
Semifinale 2 | 21:00 til 23:00 (UTC+2) | |||
Finalen | 21:00 til 00:15 (UTC+2) | |||
Opningsnummer | ||||
Finalen | «Running Scared» av Ell & Nikki | |||
Pausenummer | ||||
Semifinale 1 | Natiq rhythm band | |||
Semifinale 2 | «Believe» av Dima Bilan, «Molitva» av Marija Šerifović, «Fairytale» av Alexander Rybak, «Satellite» av Lena og «Waterloo» av Ell & Nikki, Lena, Alexander Rybak, Dima Bilan og Marija Šerifović | |||
Finalen | «Never Enough» av Emin | |||
Bidrag | ||||
|
||||
|
||||
|
||||
|
||||
|
||||
Kart | ||||
ESC 2012 Map.svg | ||||
██ Deltok
██ Kvalifiserte seg ikkje til finalen ██ Deltok ikkje | ||||
ESC 2012 Semi-Finals.svg | ||||
██ Deltok i semifinale 1
██ Røysta i semifinale 1 ██ Deltok i semifinale 2 ██ Røysta i semifinale 2 | ||||
Røysting | ||||
|
||||
Eurovision Song Contest | ||||
|
Eurovision Song Contest 2012 (ESC 2012), offisielt 57. Eurovision Song Contest, var den 57. gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Tevlinga vart halden i Bakı Kristal Zalı i Baku i Aserbajdsjan. Den fyrste semifinalen fann stad tysdag 22. mai, den andre semifinalen fann stad torsdag 24. mai og finalen fann stad laurdag 26. mai. Sverige vann tevlinga med songen «Euphoria», framført på engelsk av Loreen.
Montenegro, som sist deltok i 2009, kom attende i tevlinga. Armenia og Polen trekte seg.
Tevlingsopplegg
[endre | endre wikiteksten]2012 var fyrste gongen Eurovision Song Contest vart halde i eit land i Kaukasia, og det var fyrste gongen Aserbajdsjan var vertsland. Tevlinga vart halden i hovudstaden Baku. Fram til januar 2012 kunne land som ynskte å delta melde seg på Eurovision Song Contest eller trekkje seg utan økonomisk straff. Semifinalane vart sende 22. og 24. mai, og finalen 26. mai, ei veke seinare enn tevlinga året før. 25. januar 2012 vart mottoet for Eurovision Song Contest 2012 presentert.
Thomas Schreiber, underhaldningssjef i Arbeitsgemeinschaft der öffentlich-rechtlichen Rundfunkanstalten der Bundesrepublik Deutschland (ARD), uttrykte i eit intervju med Frankfurter Allgemeine Zeitung at han ville at Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) skal forby alle deltakarlanda å velje artist og bidrag internt. I staden for burde dei halde minst ei nasjonal uttaking. EBU hadde ikkje gjennomført dette i 2012, men i eit intervju i Frankrike bekrefta Bruno Berberès, tevlingsansvarleg for Frankrike, at EBU kom til å forby internt val av song frå og med 2013. Artistar fekk ein velje internt, men alle fjernsynssjåarar frå kvart land måtte få sjansen til å velje mellom minst to bidrag. I slutten av desember 2011 vart dette bekrefta av ein talsperson for EBU.
20. juni 2011 treftest leiinga i EBU i Genève for å diskutere vertsby og arena.
İlham Əliyev, presidenten i Aserbajdsjan, gjorde kona si, Mehriban Əliyeva, ansvarleg for Eurovision Song Contest 2012.
Ein nytta ikkje orkester i 2012, på grunn av at det vart for dyrt og fordi det var mange bidrag med, noko som gjorde at det passa betre med førehandsinnspelt musikk.
Vertsby og arena
[endre | endre wikiteksten]16. mai 2011 vart det annonsert at ein spesiell konsertarena, med ein kapasitet på 23 000, skulle byggast i nærleiken av Den nasjonale flaggplassen i Baku. 19. mai 2011 annonserte arrangørane at dei kan nytte Tofiq Bəhramov adına Respublika Stadionu, som har ein kapasitet på 37 000, eller Heydər Əliyev adına İdman Konsert Kompleksi. 4. august 2011 vart det bekrefta at legginga av fundament for Bakı Kristal Zalı hadde starta nær Dövlət Bayrağı Meydanı. Fundamentet vart ferdig 14. oktober 2011. q Bəhramov adına Respublika Stadionu, som er under reparasjon for å vere vertskap for FIFA U-17 VM i september-oktober 2012, var alternativ arena.
8. september 2011 rapporterte Azad Azərbaycan Televiziyası (ATV) at Baku Crystal Hall skulle vere arena for Eurovision Song Contest 2012, men det kom inga formell stadfesting av arrangørane av Eurovision Song Contest. 31. oktober 2011 annonserte Ismayil Omarov, administrerande direktør i den aserbajdsjanske nasjonale kringkastaren İctimai Televiziya və Radio Yayımları Şirkəti (İTV) at ei avgjerd om valet av arena skulle takast av styringsgruppa i januar 2012.
Format
[endre | endre wikiteksten]Semifinaletildeling
[endre | endre wikiteksten]Trekkinga av kva for land som skal delta i kvar av dei to semifinalane vart halden 25. januar 2012 i Buta Palace i Baku.
Dei deltakande landa, unnateke Aserbajdsjan, Frankrike, Tyskland, Italia, Spania og Storbritannia, vart delte inn i seks grupper, basert på korleis desse landa har røysta i tidlegare tevlingar. Frå desse gruppene ville halvparten, eller så nær halvparten som mogleg, tevle i den fyrste semifinalen 22. mai 2012. Den andre halvparten i den aktuelle gruppa skulle tevle i den andre semifinalen 24. mai 2012.
Gruppe 1 | Gruppe 2 | Gruppe 3 | Gruppe 4 | Gruppe 5 | Gruppe 6 |
---|---|---|---|---|---|
Terrormål
[endre | endre wikiteksten]Tryggingsdepartementet i Aserbajdsjan avverja eit mogleg terroråtak på Bakı Kristal Zalı då dei arresterte om lag 40 personar i Aserbajdsjan berre dagar før tevlinga starta. Under arrestasjonen vart éin person drepen. I tillegg til arenaen var òg politibygningar, hotell, mellom anna Hilton Baku og JW Marriott Absheron Baku Hotel, moskéar og den aserbajdsjanske presidenten İlham Əliyev moglege terrormål. For å gjennomføre terrorangrepet hadde gruppa fått tak i Eurovision-billettar.[2][3] Dei mistenkte hadde med seg våpen og sprengstoff då dei vart arrestert, og vart skulda for å ha kontaktar med islamistiske opprørarar i Dagestan i Russland.[4]
I 2013 vart tre personar dømde til fengsel av ein aserbajdsjansk domstol for planlegginga av eit terrorangrep mot Eurovision Song Contest. I fylgje eit sitat frå eit rettsdokument vart dei funnen skyldig i «å forsøke å sprengje den israelske ambassaden» på slutten av tevlinga. To av dei tiltalte fekk elleve og tolv år i fengsel. I desember 2012 vart fire andre personar funne skyldig i å ha planlagt eit liknande angrep.[4]
Menneskerettar
[endre | endre wikiteksten]Aserbajdsjan investerte stort då dei skulle vere vertsland for tevlinga, noko som vart mykje diskutert i vestlege medium som eit forsøk på å «dempe mistanka om dårleg demokrati og menneskerettar».[5][6] Elnur Majidli, ein aktivist som vart fengsla under den arabiske våren-inspirerte protestar i Aserbajdsjan i 2011, vart frigjeven i eit mogleg forsøk på å mjuke opp biletet ein hadde av Aserbajdsjan i forkant av tevlinga, men mange politiske fangar vart verande.[6]
Human Rights Watch kritiserte òg regjeringa i Aserbajdsjan og Baku By Authority for å utføre tvangsutkastingar mot lokale innbyggjarar, slik at ein kunne rive hus for å byggje Bakı Kristal Zalı.[7]
Då Anke Engelke skulle lese opp røystene frå Tyskland sa ho, og viste til menneskerettane i Aserbajdsjan: «I natt kunne inga røyste på sitt eige land. Men det er godt å kunne røyste. Lukke til på reisa, Aserbajdsjan. Europa ser dere».[8][9]
Noreg vurderte å trekkje seg
I protest mot at den norsk-iranske komikaren Amir Asgharnejad blei stoppa på flyplassen i Baku, og mellom anna måtte tråkke på Det iranske flagget, ville NRK trekkje det norske bidraget ut av tevlinga før finalen. NRK valde å ikkje trekkje bidraget fordi det ville skape store problem mellom anna for EBU. Asgharnejad og ei gruppe frå NRK P3 var i Baku for å parodiere Bijan, ein iransk fjernsynsreportar. Aserbajdsjan var ikkje nøgd med innslaga NRK P3 laga av di landet vart gjort narr av.[10]
Endring av bidrag
[endre | endre wikiteksten]Island
[endre | endre wikiteksten]Songen til Island heitte opphavleg «Mundu eftir mér» og hadde tekst på islandsk, men teksten vart endra til engelsk og songen fekk tittelen «Never Forget».
San Marino
[endre | endre wikiteksten]
«The lyrics and/or performance of the songs shall not bring the Shows, the ESC as such or the EBU into disrepute. No lyrics, speeches, gestures of a political or similar nature shall be permitted during the ESC. No swearing or other unacceptable language shall be allowed in the lyrics or in the performances of the songs. No commercial messages of any kind shall be allowed. A breach of this rule may result in disqualification.»
EBU-regel 1.2.2.g.
|
16. mars valde San Marino songen «Facebook, Uh, Oh, Oh (A Satirical Song)» som sitt bidrag til sin artist Valentina Monetta. To dagar seinare, 18. mars, avgjorde Den europeiske kringkastingsunionen at dei skulle diskvalifisere bidraget av di det bryt mot regel 1.2.2.g i regelverket for Eurovision Song Contest. Regelen seier at songen ikkje skal innehalde kommersielle bodskap av noko slag. Den europeiske kringkastingsunionen gav Radiotelevisione della Repubblica di San Marino i oppdrag å skrive om songen eller velje ein ny song til Valentina Monetta innan 23. mars. 22. mars presenterte kringkastaren songen «The Social Network Song (OH OH - Uh - OH OH)» som det nye bidraget til San Marino. Dette var den gamle songen med ny tittel og tekst.
Kviterussland
[endre | endre wikiteksten]Kviterussland hadde opphavleg vald songen «All My Life» av Alena Lanskaja som sitt bidrag. 24. februar 2012 vart det kunngjord at songen vart diskvalifisert etter at den kviterussiske presidenten gjennomførte ei undersøking som førte til at sigeren ikkje var rettferdig. Det var rykte om at produsentane hadde gjord slik at ho skulle få 12 poeng frå sjåarane i den nasjonale uttakinga. For å få svar på påstandane vart det sett i gang ei etterforsking og det vart seinare bekrefta at det var juksa med poenga frå sjåarane. Bidraget vart erstatta av andreplassen frå den nasjonale uttakinga; «We Are the Heroes» av Litesound.
Italia
[endre | endre wikiteksten]Italia hadde fyrst vald ut songen «Per sempre», men dei bytta seinare til songen «L'amore è femmina (Out of Love)».
Den fyrste vinnaren i den sveitsiske uttakinga
[endre | endre wikiteksten]Den fyrste vinnaren av Eurovision Song Contest, Lys Assia, valde å deltake i Die grosse Entscheidungsshow, den sveitsiske uttakinga til Eurovision Song Contest 2012. Sist ho var med i Eurovision Song Contes var i 1958. Ho var òg med i 1957 og den nasjonale uttakinga til Vest-Tyskland i 1956. Då ho no deltok var ho 85 år gamal. Assia vart vald ut som joker av eit av dei fire kringkastingsselskapa i Sveits som vel kva for bidrag som får vere med. Songen ho deltok med heiter «C'était ma vie», skriven på fransk av Assia sjølv og Ralph Siegel. I finalen 10. desember 2011 fekk ho 5,46 % av telefonrøystene og enda på åttandeplass.
Semifinale 1
[endre | endre wikiteksten]- Den fyrste semifinalen vart kringkasta 22. mai frå Bakı Kristal Zalı i Baku.
- Dei ti landa med ein kombinasjon av 50 % sjåarrøyster og 50 % juryrøyster som har fått flest poeng frå dei andre landa i denne semifinalen og dei tre direktekvalifiserte landa som kan røyste i denne semifinalen vil kvalifisere seg til finalen.
- Aserbajdsjan, Italia og Spania må kringkaste og kan røyste i denne semifinalen.
- Semifinalen vart delt inn i to delar og det landet som vart trekt ut fyrst i kvar halvdel fekk velje startnummer sjølv. Desse to landa vart Finland som valde startnummer ni i fyrste halvdel og Irland som valde startnummer 18 i siste halvdel.
- EBU kunngjorde poenga og plasseringane for kvart land etter finalen. Dette for at sjåarane og juryane som skal røyste ikkje skal verte påverka i finalen og røyste ut i frå dette, men ha eit nøytralt bilete heile tida.
- På grunn av bussulukka i Qafa e Vishës i Albania 21. mai 2012 vart det halde landesorg 22. mai. Dimed fekk RTSH lov av EBU til å ikkje direktesende semifinalen. Røystene frå Albania var dimed berre frå juryen.
Semifinale 2
[endre | endre wikiteksten]Den andre semifinalen vart halden torsdag 24. mai 2012 i Bakı Kristal Zalı i Baku. Storbritannia, Frankrike og Tyskland kunne røyste på landa i den andre semifinalen. 10 land gjekk vidare til finalen. Armenia skulle opphavleg delta og vart tildelt ein plass i den andre semifinalen, men trekte seg 7. mars 2012.
Finalen
[endre | endre wikiteksten]Finalen vart halden 26. mai 2012 i Bakı Kristal Zalı i Baku. Berre «dei fem store», som består av Frankrike, Spania, Storbritannia, Tyskland og Italia, og vertslandet Aserbajdsjan var direktekvalifisert til finalen. I tillegg til desse deltok dei 20 beste frå dei to semifinalane.
Tidlegare deltakarar
[endre | endre wikiteksten]Deltakar | Land | Tidlegare år | Tidlegare land | Deltok som | Plassering i tidlegare tevling | |||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Finalen | Semifinalen | |||||||
Poeng | Plass | Poeng | Plass | |||||
Jónsí (med Greta Salóme) |
Island | 2004 | Island | Artist | 016 | 19 | X | X |
John Grimes (del av Jedward) |
Irland | 2011 (del av Jedward) | Irland | Artist | 119 | 08 | 068 | 08 |
Edward Grimes (del av Jedward) |
Irland | 2011 (del av Jedward) | Irland | Artist | 119 | 08 | 068 | 08 |
Kaliopi | Makedonia | 1996 | Makedonia | Artist | X | X | 014[11] | 26[11] |
Željko Joksimović | Serbia | 2004 (med Ad Hoc Orchestra) | Serbia og Montenegro | Artist | 263 | 02 | 263 | 01 |
2006 (med Fahrudin Pecikoza og Dejan Ivanović) |
Bosnia-Hercegovina | Låtskrivar | 229 | 03 | 267 | 02 | ||
2008 (med Dejan Ivanović) | Serbia | Låtskrivar | 160 | 06 | X | X | ||
2008 (med Jovana Janković) | Serbia | Programleiar | ||||||
Maya Sar | Bosnia-Hercegovina | 2004 | Bosnia-Hercegovina | Støttevokalist | 091 | 09 | 133 | 07 |
2011 | Bosnia-Hercegovina | Støttevokalist | 125 | 06 | 109 | 05 | ||
Anri Jokhadze | Georgia | 2008 | Georgia | Støttevokalist | 083 | 11 | 107 | 05 |
Andre land
[endre | endre wikiteksten]Andorra
[endre | endre wikiteksten]19. oktober 2011 kunngjorde Andorra at dei ikkje hadde planar om å deltake i 2012 på grunn av økonomiske vanskar og i november 2011 vart det annonsert at den nasjonale kringkastaren skulle trekkje seg som medlem i Den europeiske kringkastingsunionen (EBU). Landet kan difor ikkje delta i Eurovision Song Contest før ein nasjonal kringkastar vert medlem i EBU.[12][13]
Australia
[endre | endre wikiteksten]Special Broadcasting Service (SBS) kringkasta semifinalane og finalen. Antal sjåarar for semifinalane var det høgaste sidan 2004, og antal sjåarar for finalen var det nest høgaste nokonsinne, berre slått av finalen i 2003. Under finalen arrangerte SBS ein uoffisiell fjernsynsrøysting for å sjå kven Australia ville røysta fram som vinnar. Sverige og Loreen med songen «Euphoria» fekk 72 186 røystar og vann. SBS hadde òg sendt to kommentatorar til Baku.[14]
Armenia
[endre | endre wikiteksten]7. mars 2012 annonserte Armenia at dei ikkje kom til å delta i 2012 sjølv om dei hadde meldt seg på og vorte tildelt ein plass i den andre semifinalen.
Tsjekkia
[endre | endre wikiteksten]24. november 2011 vart det rapportert at Tsjekkia ikkje ville dela i 2012, etter utgjevinga av ein sendeplan for Česká televise (ČT).
Liechtenstein
[endre | endre wikiteksten]26. november 2011 vart det annonsert at to offisielle dokumentar frå EBU, utgjeve i mars og oktober 2011, som synar at Liechtenstein sin einaste nasjonale kringkastar, 1FLTV, er innvilga aktivt medlemskap i EBU. Dette skapa spekulasjonar om ein mogleg debut i tevlinga. 29. november 2011 vart bekrafta at desse dokumentane ikkje var ekte.
Marokko
[endre | endre wikiteksten]I eit intervju med den franske delegasjonen vart det avslørt at Marokko ville delta i 2012 med ein ny kringkastar, 2M TV. Rapporter om den føreslåtte deltakinga til Marokko, etter eit fråvær på over 30 år, vart ytterlegare forsterket ved eit EBU-møte i Genève.
Monaco
[endre | endre wikiteksten]23. november 2011, på eit EBU-møte i Genève, vart det rapportert om at Monaco vurderte å delta i 2012. 3. desember 2011 sa Phil Bosco, ein tidlegare leiar for delegasjonen, at den nasjonale kringkastaren Télé Monte Carlo (TMC) ikkje har tenkt å delta i tevlinga i næraste framtid og det er ingen finansielle budsjett tilgjengeleg.
Polen
[endre | endre wikiteksten]16. desember 2011 vart det rapportert på den offisielle Facebook-sida til Telewizja Polska (TVP) at Polen ville trekkje seg frå tevlinga i 2012. Dette vart bekrefta nokon dagar seinare. Kringkastaren vil i staden ha fokus på EM i fotball 2012, som Polen skal arrangere saman med Ukraina, og sommar-OL. TVP sa at ein retur i 2013 ikkje utelukka. Sidan starten av januar 2012 var EBU i forhandlingar med TVP om å revurdere planane om å trekkje seg ved å tilby hjelp med kringkasting av andre hendingar og lågare deltakingsavgiftar.
Kommentatorar
[endre | endre wikiteksten]Dei fleste landa vil sende ein eller fleire kommentatorar til Baku eller kommentere frå sitt eige land.
- Australia – Julia Zemiro og Sam Pang (SBS)
- Aserbajdsjan – Konul Arifgizi
- Austerrike – Andi Knoll (ORF eins) og Stermann og Grissemann (ORF2, finalen)
- Belgia – André Vermeulen og Peter Van de Veire (Eén, tysk) og Jean-Pierre Hautier og Jean-Louis Lahaye (La Une, fransk)
- Danmark – Ole Tøpholm (DR)
- Estland – Marko Reikop (ETV), Mart Juur og Andrus Kivirähk (Raadio 2), Ilja Ban, Dmitri Vinogradov og Aleksandra Moorast (Raadio 4, russisk)
- Finland – Tarja Närhi (Yle TV2, finsk) og Eva Frantz og Johan Lindroos (Yle Fem, svensk)
- Frankrike – Audrey Chauveau og Bruno Berberes (France Ô, semifinalane) og Cyril Féraud and Mireille Dumas (France 3, finalen)
- Hellas – Marion Michelidaki (ERT)
- Irland – Marty Whelan (RTÉ)
- Italia – Federica Gentile (Rai 5, semifinale 1) og Filippo Solibello og Marco Ardemagni (Rai 2, finalen)
- Kasakhstan – Norberg Makhambetov og Kaldybek Zhaysanbay (Arna Media)
- Kirgisistan – Elmar Osmonov og Aibek Akmatov (KTRK)
- Kviterussland – Denis Kuryan (Belarus-1)
- Latvia – Jolanta Strikaite og Valters Frīdenbergs
- Nederland – Jan Smit og Daniël Dekker (TROS)
- Noreg – Olav Viksmo Slettan (NRK1)
- Portugal – Pedro Granger (RTP)
- Romania – Gianina Corondan og Leonard Miron (TVR)
- Russland – Olga Shelest og Dmitry Guberniev (Rossija 1)
- San Marino – Lia Fiorio og Gigi Restivo (SMTV)
- Serbia – Dragan Ilić (RTS1, semifinale 1) og Duška Vučinić-Lučić (RTS1, semifinale 2 og finalen)
- Slovakia – Roman Bomboš (Jednotka)
- Spania – José María Íñigo (TVE)
- Storbritannia – Scott Mills og Sara Cox (BBC Three og BBC HD, semifinalane), Graham Norton (BBC One, finalen) og Ken Bruce (BBC Radio 2, finalen)
- Sveits – Sven Epiney (SF zwei, tysk), Jean-Marc Richard og Nicolas Tanner (RTS Deux, fransk) og Clarissa Tami og Paolo Meneguzzi (RSI La 2, semifinalane og RSI La 1, finalen, italiensk)
- Sverige – Edward af Sillén og Gina Dirawi (SVT)
- Tyrkia – Bülend Özveren og Erhan Konuk (TRT)
- Tyskland – Peter Urban (Das Erste)
- Ukraina – Timur Miroshnichenko og Tatiana Terekhova (Pershyi Natsionalnyi)
- Ungarn – Gábor Gundel Takács (m1)
Talspersonar
[endre | endre wikiteksten]- Aserbajdsjan – Saleh Baghirov
- Austerrike – Kati Bellowitsch
- Danmark – Louise Wolff
- Estland – Getter Jaani
- Finland – Mr. Lordi
- Georgia – Sopho Toroshelidze
- Hellas – Andrianna Maggania
- Israel – Ofer Nachshon
- Italia – Ivan Bacchi
- Nederland – Viviënne van den Assem
- Romania – Paula Seling
- San Marino – Monica Fabbri
- Serbia – Maja Nikolić
- Spania – Elena S. Sánchez
- Storbritannia – Scott Mills
- Sverige – Sarah Dawn Finer
- Tyrkia – Ömer Önder
- Tyskland – Anke Engelke
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]- Eurovision Song Contest Baku 2012, samlealbum
- Junior Eurovision Song Contest 2012
- OGAE Second Chance Contest 2012
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Armenia vart tildelt ein plass i den andre semifinalen, men trekte seg.
- ↑ NRK, 30.05.12: Hevder å ha avverget terror
- ↑ ABC Nyheter, 30.05.12: - Toojis hotell var terrormål, arkivert frå originalen 1. juni 2012, henta 30. mai 2012
- ↑ 4,0 4,1 «Azerbaijan jails three over Eurovision 'terrorist plot'» (på engelsk). British Broadcasting Corporation. 3. mai 2013. Henta 10. mai 2013.
- ↑ Peter Leonard (26. mai 2012). «Azerbaijan hopes Eurovision Song Contest will distract from poor human rights record» (på engelsk). Global Edmonton. Henta 10. mai 2013.
- ↑ 6,0 6,1 Mal:Kjelde ww
- ↑ «Azerbaijan: Homeowners Evicted for City Beautification. Some Forced Out Ahead of Eurovision 2012» (på engelsk). Human Rights Watch. 29. februar 2012. Henta 10. mai 2013.
- ↑ «Umstrittener Eurovision Song Contest. Danke, Anke!» (på tysk). Der Spiegel. 27. mai 2012. Henta 10. mai 2013.
- ↑ «Anke's brave message to Baku. Final. 2012 Eurovision Song Contest». YouTube. 27. mai 2012. Henta 10. mai 2013.
- ↑ «NRK vurderte å trekke Norge fra «Eurovision»» (på norsk). Dagbladet. 26. mi 2012. Arkivert frå originalen 30. juli 2012. Henta 3. desember 2012.
- ↑ 11,0 11,1 Alle deltakarlanda, unnteken vertslandet Noreg, måtte gjennom ein kvalifikasjonsrunde. Kvalifikasjonsrunden vart ikkje kringkasta og dei nasjonale juryane gav songane poeng ut i frå lydopptak.
- ↑ ESCToday, 08.11.11: Andorra to quit EBU
- ↑ ESCDaily, 19.10.11: Andorra: No return planned for 2012, arkivert frå originalen 22. oktober 2011, henta 28. mai 2012
- ↑ «Australia: 2012 coverage a big success» (på engelsk). Eurovision.tv. 3. januar 2013. Henta 3. januar 2013.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Results of the Semi-Final allocation draw
- Denne artikkelen bygger på «Eurovision Song Contest 2012» frå Wikipedia på engelsk, den 15. mai 2011.
- Denne artikkelen bygger på «Eurovision Song Contest 2012» frå Wikipedia på svensk, den 30. mai 2012.