Don't Be Cruel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Don't Be Cruel
Singel av Elvis Presley
B-side «Hound Dog»
Utgjeve 13. juli 1956
Innspelt 2. juli 1956, RCA Victor Studios, New York City, New York
Sjanger Rock and roll
Lengd 2:04
Selskap RCA Victor
Låtskrivar(ar) Otis Blackwell
Produsent
Elvis Presley-kronologi
«I Want You, I Need You, I Love You»

(1956)

Don't Be Cruel «Shake, Rattle and Roll»

(1956)

«Don't Be Cruel» er ein song spelt inn av Elvis Presley og skriven av Otis Blackwell i 1956.[1] Songen vart innlemma i Grammy Hall of Fame i 2002. I 2004 vart han rangert på 197. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane.

Elvis Presley[endre | endre wikiteksten]

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

«Don't Be Cruel» var den første songen som forleggjarane til Presley, Hill and Range, gav til han.[2] Blackwell var meir enn nøgd med å gje frå seg halvparten av honorara som låtskrivar til Presley og sikre at ein «heit, ny songar spelte han inn».[1]

Freddy Bienstock, forleggjaren til Elvis, ga følgjande forklaring til kvifor Elvis vart tilskriven på songar som «Don't Be Cruel.» «På denne tida kunne Elvis vere misnøgd med somme tekstlinjer og han gjorde endringar, så det var ikkje berre for å få ein del av kaka. Namnet hans stod ikkje oppført som låtskivar etter det første året.[3] Men om Elvis likte songen, kunne låtskrivarane bli tilbydd ein garanti på ein million plater om dei gav frå seg ein tredjedel av honorara til Elvis.»[4]

Presley spelte inn songen 2. juli 1956 under ei lang innspeling i RCA sitt studio i New York City.[1] Under denne innspelinga spelte han òg inn «Hound Dog» og «Any Way You Want Me».[2] Songen vart spelt inn med det faste bandet til Presley med Scotty Moore på sologitar (med Presley vanlegvis på rytmegitar), Bill Black på bass, D.J. Fontana på trommer, og korvokal av The Jordanaires. Innspelinga vart offisielt produsert av Stephen H. Sholes frå RCA, men studioinnspelina syner at Presley produserte songane sjølv med å velje ut songar, omarbeide arrangementet på piano og insisterte på 28 forsøk før han var nøgd.[1] Han spelte òg 31 forsøk av «Hound Dog».[2]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Singelen vart gjeven ut 13. juli 1956 med «Hound Dog» på andre sida.[1] I løpet av få veker hadde «Hound Dog» nådd andreplassen på poplista med over ein million selde singlar.[2] Kort tid etter tok «Don't Be Cruel» over med førsteplassen på alle dei tre viktige listene: pop, country og R n'B.[1] Mellom dei låg begge osongan epå toppen av poplista i 11 veker, og tangerte rekorden til Anton Karas med «The Third Man Theme» og Johnnie Ray med «Cry» for lengste periode på toppen av lista. Rekorden vart først slått av «End of the Road» av Boyz II Men i 1992. Mot slutten av 1956 hadde singelen seld over fire millionar eksemplar.[1][2] Billboard rangerte songen på andreplassen for 1956.[5]

Presley spelte «Don't Be Cruel» på alle tre framsyningane hans på The Ed Sullivan Show i september 1956 og januar 1957.[1]

Don't Be Cruel
Singel av Cheap Trick
frå albumet Lap of Luxury
Utgjeve Juli 1988
Innspelt 1987
Sjanger Rock and roll
Lengd 3:06
Selskap Epic
Låtskrivar(ar) Otis Blackwell
Produsent Richie Zito
Cheap Trick-kronologi
«The Flame»

(1988)

Don't Be Cruel «Ghost Town»

(1988)

Ettermåle[endre | endre wikiteksten]

«Don't Be Cruel» vart den mestseljande singelen til Presley i 1956 og hadde i 1961 seld over seks millionar eksemplar.[1] Han vart mykje spelt på konsertane hans fram til han døydde i 1977, ofte i lag med «Jailhouse Rock» eller «(Let Me Be Your) Teddy Bear» frå 1969.[1]

Beatles-versjonen[endre | endre wikiteksten]

I følgje forfattaren Mark Lewisohn i «The Complete Beatles Chronicles» (s. 362) framførte The Beatles songen på konsertane sine frå 1959 og fram til minst 1961, om ikkje enno lenger. Det finst ingen kjende innspelingar av versjonen deira. Dei spelte til slutt inn ein tilbakelent versjon under Get Back-innspelinga i 1969, men denn vart ikkje gjeve nut. John Lennon, Ringo Starr, Pete Best og dei tidlegare bandmedlemmane til Lennon, The Quarrymen, og Tony Sheridan (som vart spurt om å bli med i The Beatles) spelte alle inn versjonar av han.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Mane artistar har spelt inn songen, som Connie Francis (1959, Rock 'n' Roll Million Sellers), Annette Peacock, Barbara Lynn (1963, Jamie #1244 45 RPM, #93 på Hot 100),[6] Bill Black's Combo, Billy Swan, Devo, Cheap Trick, Daffy Duck,[7] Merle Haggard, Jerry Lee Lewis, Neil Diamond og Jackie Wilson. Presley har sagt at han vart så imponert over versjonen til Wilson , at han seinare nytta mange av Wilson sine manérar i sin eigen versjon.[1] Debbie Harry spelte inn songen for hyllestalbumet til Otis Blackwell, Brace Yourself! A Tribute to Otis Blackwell.[8] Ein versjon av den amerikanske countryduoen The Judds nådde tiandeplassen på Billboard Hot Country Singles-lista i 1987.[9] Versjonen til Cheap Trick nådde fjerdeplassen på Billboard Hot 100 i 1988.

Jonathan Rhys Meyers mina til originalversjonen av songen i ein scene frå Elvis, der han spelar songen på Jacksonville Theater.

Suzi Quatro vart inspirert av Presley som song «Don't Be Cruel». Ho er den første kvinnelege bassisten som vart ei stor rockestjerne. Dette braut barrierer for kvinner i rock.[10]:1–3[11]

Plassering[endre | endre wikiteksten]

Bill Black's Combo[endre | endre wikiteksten]

Lister (1960) Plassering
US Billboard Top 100 Singles 11
US R&B Singles 9
Den britiske singellista 32

Billy Swan[endre | endre wikiteksten]

Lister (1975) Plassering
Austerriksk Topp 40 16[12]
Den franske singellista 18
Den tyske singellista 26
Den sørafrikanske singellista 12
Den sveitsiske singellista 4
Den britiske singellista 42

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Lister (1975) Plassering
Den sveitsiske singellista 19

The Judds[endre | endre wikiteksten]

Lister (1987) Plassering
US Country Songs (Billboard)[13] 10
Canada RPM Top Country Tracks 4

Cheap Trick[endre | endre wikiteksten]

Lister (1988) Plassering
US Billboard Hot 100[14] 4
US Billboard Mainstream Rock Singles 8
Den australske singellista 4
Den newzealandske singellista 6
UK Singles Charts 77

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 1,10 Victor (2008), The Elvis Encyclopedia, s. 115-116
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Guralnick/Jorgensen, Elvis: Day by Day, s. 77-78
  3. First pressing of the single Hound Dog med Don't Be Cruel http://rcs-discography.com/rcs/show_pic.php?key=3330&type=ls
  4. Interview with Freddy Bienstock http://www.elvis.com.au/presley/freddy_bienstock.shtml
  5. Billboard Year-End Hot 100 singles of 1956
  6. Barbara Lynn's «Don't Be Cruel» Chart Position Retrieved 18. juni 2012.
  7. Donkers, Chuck. «Bugs & Friends Sing Elvis - Looney Tunes : Songs, Reviews, Credits, Awards : AllMusic». www.allmusic.com. Ann Arbor, USA: Rovi Corporation. http://www.allmusic.com/album/bugs-amp-friends-sing-elvis-mw0000053205. Henta 24 August 2012. 
  8. Che, Cathy (1999), 'Deborah Harry: platina Blonde', MPG Books Ltd, Cornwall, s. 238
  9. Whitburn, Joel (2013). Hot Country Songs 1944–2012. Record Research, Inc. s. 176. ISBN 978-0-89820-203-8. 
  10. Auslander, Philip (28. januar 2004). «I Wanna Be Your Man: Suzi Quatro's musical androgyny» (PDF). Popular Music (United Kingdom: Cambridge University Press) 23 (1). doi:10.1017/S0261143004000030. Henta 28. juli 2012. 
  11. «BBC Queens of British Pop, Suzi Quatro - David Jensen film clip 2009». www.bbc.co.uk. London, UK: BBC. http://www.bbc.co.uk/musictv/queensofbritishpop/artists/suziquatro/3/?3. Henta 28. juli 2012. 
  12. Steffen Hung. «Billy Swan - Don't Be Cruel». http://swedishcharts.com/showitem.asp?interpret=Billy+Swan&titel=Don%27t+Be+Cruel&cat=s. Henta 2016-08-22. 
  13. "Judds?f=357&g=Singles The Judds Album & Song Chart History" Billboard Country Songs for The Judds. Prometheus Global Media.
  14. "Trick?f=379&g=Singles Cheap Trick Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for Cheap Trick. Prometheus Global Media.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]