Regjeringsrådet/statsrådet i 1814

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Regjeringsrådet/statsrådet i 1814 vart skipa etter oppløysinga av unionen mellom Danmark og Noreg den 14. januar 1814. Det vart oppløyst 11. november 1814.

Rådet blei oppretta 2. mars 1814 i Christiania etter instruks og kunngjering av prins (seinare konge) Kristian Fredrik. Det blei danna etter mønster av det danske geheimestatsrådet av 1784, og hadde berre rådgjevande myndigheit. Det skulle ha møte to gonger i veka, og handsame saker som hadde sirkulert mellom medlemmane på førehand. Sekretæren i rådet skulle føre protokoll under møta, og ha tilsyn med protokollen.

Regjeringsrådet hadde fem departement, etter modell av regjeringskollegia i København:

(Etter 11. november blei departementinndelinga endra, slik at til dømes finanssakene kom i 5. departement.)

Grunnlova av 17. mai 1814 fastsette at regjeringsrådet skulle vere som kongeriket Noreg sitt statsråd, og innehalde minst fem medlemmar. Dette blei stadfesta ved kongeleg resolusjon av 19. mai 1814. Etter dette skifta også medlemmane tittel frå regjeringsråd til statsråd.

Namn Embete Frå Til
Frederik Gottschalk von Haxthausen Regjeringsråd (*) og sjef for 1. departement (finanssaker)
Førstestatsråd frå 19. mai
2. mars 1814 20. august 1814
Marcus Gjøe Rosenkrantz Regjeringsråd (*) og sjef for Riksbanken i Noreg 2. mars 1814 20. august 1814
Førstestatsråd
Interimsregjeringens formann frå 10. oktober
20. august 1814 11. november 1814
Mathias Sommerhielm Regjeringsråd (*) og sjef for 3. departement (justissaker) 2. mars 1814 11. november 1814
Jonas Collett Regjeringsråd (*) og sjef for 2. departement (indre anliggender) 2. mars 1814 11. november 1814
Carsten Tank Regjeringsråd (*) og sjef for 1. departement (finanssaker
(saman med von Haxthausen)
2. mars 1814 27. juli 1814
Niels Aall Regjeringsråd (*) og sjef for 4. departement (handels- og tollsaker) 2. mars 1814 11. november 1814
Carsten Anker Regjeringsråd (*) og sjef for 5. departement (økonomisk forvaltning)
(tiltredde ikkje da han 28. februar 1814 blei sendt til London i diplomatisk uppdrag)
2. mars 1814 19. mai 1814
Carl Henrik Holten Regjeringssekretær (*), etatsråd 2. mars 1814 30. september 1814
Poul Christian Holst Konstituert sjef for 1. departement (finanssaker)
(likevel ikkje medlem av statsrådet)
20. august 1814 7. oktober 1814
Jørgen Herman Vogt Konstituert sjef for 1. departement (finanssaker)
(likevel ikkje medlem av statsrådet)
7. oktober 1814 18. november 1814
Diderich Hegermann Statsråd, sjef for Krigsdepartementet (6. departement) 13. oktober 1814 4. november 1814
Thomas Fasting Kommandørkaptein, statsråd 13. oktober 1814 4. november 1814
Byråsjef Christian Emanuel Fischer Konstituert statssekretær 30. september 1814 11. november 1814

(*) Frå 19. mai blei tittelen «regjeringsråd» endra til «statsråd» og «regjeringssekretær» til «statssekretær».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]