Frederik Meltzer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Frederik Meltzer måla av Carl Peter Lehmann.

Frederik Meltzer (19. september 177915. desember 1855) var ein kjøpmann, eidsvollsmann og stortingsmann frå Bergen.

Far til Meltzer var kjøpmann i Bergen. Sjølv lærde han kjøpmannsyrket, mellom anna under eit toårig opphald i England og Frankrike. Han var frå 1802 kjøpmann på Tyskebryggja i heimbyen. Seinare vart han også overfiskevrakar og i 1837 børskommissær.

I 1814 var Meltzer utsending frå Bergen til riksforsamlingaEidsvoll saman med Wilhelm Frimann Koren Christie, Jens Rolfsen og Jonas Rein. Der høyrde han til sjølvstendepartiet.[1]Han var elles medlem av finanskomiteen.

Frederik Meltzer sitt framlegg til flagg, stilt ut i Stortinget som nr. 3, 4. mai 1821.

Meltzer var representert på Stortinget 1821, 1822, 1824, 1827 og 1828. I 1821 søkte han om fritak, noko som vart avvist og han møtte frå 6. mars. På dette tinget kom han med forslag om at det norske flagget skulle ha same fargane som det franske, det US-amerikanske og det nederlandske flagget, samt det britiske unionsmerket. Eit forslag som vart vedteke, og det norske flagget hadde fått si varige form. Han var medlem av 18 komitear, mellom dei om russehandelen i Finnmark, om bøkkerlauget i Bergen og om brennevinsbrenning på landsbygda. I 1822 var han med i komiteen om oppgjeret med Danmark. På 1824-stortinget var han med i bankkomiteen og i komiteen om kjøpstadskatten, og om fiskeria. Også i 1827 var han med i bankkomiteen samt næringskomiteen. På det overordentlege storting 1828 var han med i komiteen om auke av setelmassen.

Meltzer var i 1840 medlem av fiskerilovkommisjonen og i 1843 om vrakarvesenet. Sistnemnde år medlem av ein kongeleg kommisjon om skattestellet i byane.

Meltzer døydde i Bergen i 1855. Han var far til Harald Meltzer.

Bustad i 1814[endre | endre wikiteksten]

I 1814 budde Meltzer i eit hus i Slottsgaten 7 i Bergen. Det vart øydelagt under eksplosjonen på Vågen 20. april 1944. Dramshusen, handelshuset hans på Bryggen i Bergen, blei rive ved saneringa av den sørlege delen av Bryggen.[2]

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Meltzer vart riddar av den svenske Vasaordenen i 1821.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Frederik Meltzer (1779-1855). Eidsvoll 1814. Vitja 28. juni 2015.
  2. Erlend Hofstad (2014) «Fredrik Meltzer og Dramshusens schøtstue og ildhus i Bergen» – i: De kom fra alle kanter. Eidsvollsmennene og deres hus (red. Jørn Holme), s. 383—387 – Cappelen Damm, Oslo. ISBN 978-82-02-44564-5.
  3. Anders Bjarne Fossen. Frederik Meltzer. Norsk biografisk leksikon. Vitja 28. juni 2015.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Frederik Meltzer