Brynjel Andersson Gjerdåker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Brynjel Andersson Gjerdåker
Fødd 1761
Død

27. januar 1838

Yrke bonde, politikar

Brynjel Andersson Gjerdåker (176127. januar 1838) var ein norsk gardbrukar og eidsvollsmann frå Voss i Hordaland.

Gjerdåker var i nokre få år forpaktar av gardane Øvrelid og seinare Hellem i heimbygda. Omkring 1794 tok han over farsgarden Gjerdåker og dreiv denne. Han var forlikskommissær frå 1824, og dessutan medhjelpar åt presten i Voss.

I 1814 var Gjerdåker utsending til riksforsamlingaEidsvoll frå Søndre Bergenhus. Han var lite aktiv under forhandlingane, stemte med sjølvstendepartiet. 17. mai 1814 var han med i deputasjonen som møtte Kristian Fredrik.

Gjerdåker døydde på garden sin på Voss i 1838.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]