Arild Sibbern
Arild Sibbern | |
![]() Arild Sibbern på eit portrett av Aasta Hansteen. Måleriet tilhøyrer Eidsvoll 1814 | |
Fødd | 27. juni 1785 Rygge i Østfold |
---|---|
Død | 11. april 1863 (77 år) |
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Sjølvstendepartiet |
Yrke | Offiser |
Mor | Søster Huitfeldt |
Verv | Medlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll |
Henrik Frederik Arild Sibbern (27. juni 1785–11. april 1863) var ein norsk offiser og eidsvollsmann.
Sibbern var fødd på Værne kloster i Rygge i Østfold, og var ein yngre bror av Valentin Sibbern. Han vart oppteken ved landkadettakademiet i København i 1800, og vart offiser i 1803. Året etter vart han beordra til pasjeteneste ved kongens hoff, i 1805 var han underoffiser og underviste ved landkadettskulen. År 1807 vart han sekondløytnant ved kongens regiment stasjonert i Helsingør. 1808-10 gjekk han i København høgskulekurset for ingeniøroffiserar skulle verte. I 1811 var han på synfaring ved Spangereid med tanke på kanalbygging. Perioden 1811-14 tenestgjorde han i Trondheim.
I 1814 gjekk Sibbern inn i den norske ingeniørbrigaden og busette seg i Kristiansand. I åra etter leia han oppføringa av mange offentlege bygg i byen, og anlegginga av vegar. Han rykte opp til major i armeen i 1832, i 1834 i brigaden. 1853-56 var han oberstløytnant i brigadestaben i Kristiania.
Sibbern var utsending frå ingeniørbrigaden til riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814. Han må reknast for å høyrd til sjølvstendepartiet. Ved ei rekke stortingsval for perioden 1827-48 var han på varamannsplass, men kom aldri på Stortinget.
I 1856 flytta Sibbern tilbake til Kristiansand, der han døydde i 1863.
Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]
Sibbern var innehavar av St. Olavs Orden, Nordstjerneordenen og Sverdordenen.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914, Kristiania, 1914, samt tillæg. B. 1 D. 2 : Biografier L-Ø samt tillæg digital utgåve side 786
- Henrik Frederik Arild Sibbern frå Eidsvoll 1814
- Biografisk informasjon om Arild Sibbern NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv