Grunnlovsjubileet i Noreg i 2014

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Grunnlovsjubileet i Noreg i 2014 var ei offentleg markering av at det i 2014 var 200 år sidan den norske grunnlova blei vedteken. Stortinget arrangerte ei stor jubileumsfeiring av Grunnlova, der ikkje berre hendingane på Eidsvoll i 1814 skulle feirast, men òg det som vert oppfatta som fruktene av desse hendingane.

Jubileet skulle informere om og feire demokrati, deltaking, menneskerettar, jamstilling, rettferd, ytringsfridom, integrering, makt og styring, institusjonane i demokratiet og dei historiske hendingane som har stått sentralt i utviklinga av demokratiet i Noreg.[1]

Hendingar[endre | endre wikiteksten]

Den offisielle opninga av grunnlovsjubileet fann stad ved Eidsvollsbygningen søndag 16. februar klokka 20.14.[2] Kongen, dronninga, kronprinsen og kronprinsessa tok del i arrangementet. Stortinget ved stortingspresident Olemic Thommessen var vertskap. Regjeringa vart representert ved mellom anna statsminister Erna Solberg.

De viktigaste hendingane i 1814-feiringa markerer 200 år sidan:

Eidsvollsbygningen[endre | endre wikiteksten]

Eidsvollsbygningen etter oppussing. Bilete frå februar 2014.
Foto: Hans A. Rosbach

Til 200-årsmarkeringa vedtok staten at Eidsvollsbygningen med paviljongane og hagen så vidt mogleg skulle førast attende til situasjonen i 1814. Statsbygg saman med Eidsvoll 1814 og Riksantikvaren fekk i oppdrag å stå for restaureringa til ei kostnadsramme på 384 millioner kroner. Etter bygningshistoriske undersøkingar vart restaureringa starta i september 2011.[3]

Det mest omfattande inngrepet blei attreisinga av kjellaretasjen, som blei fjerna fullstendig under istandsettinga før 1914 på grunn av byggskadar. Kjellaren inneheldt tenarrom, kjøken og rom for andre hushaldsformål. Den vart oppfatta som naudsynt for å formidle forståinga av korleis dagleglivet arta seg for to hundre år sidan, og særleg korleis det var praktisk mogleg å avvikle riksforsamlinga i 1814 med overnatting for mange og korleis det vart ordna med mat for endå fleire.[4] Den nyrestaurerte bygningen vart overlevert 16. februar 2014.[5]

Organisering[endre | endre wikiteksten]

Stortinget hadde det overordna ansvaret for grunnlovsjubileet. For planlegging og koordinering hadde Stortingets presidentskap peika ut ein komité.[6] Komiteen satt ned eit arbeidsutval som hadde det daglege arbeidet med jubileet.[7] Til støtte for arbeidsutvalet var det danna eit sekretariat.[8]

Kristian Fredrik-statuen[endre | endre wikiteksten]

I høve jubileet vedtok Stortingets presidentskap i januar 2013 at det skal reisast ei statue av Kristian FredrikEidsvolls plass framfor Stortinget i Oslo.[9] Etter utlyst konkurranse blei Kristian Blystads utkast valt.[10]

Statuen vart avduka av dronning Margrete av Danmark 18. mai 2014.[11]

Jubileumsmyntar[endre | endre wikiteksten]

16. februar 2014 gav Noregs Bank ut to jubileumsmyntar som markering av 200-årsjubileet: Ein 20-krone-mynt[12] og ein 200-krone-mynt i sølv.[13] Dei er utforma av Esther Maria Bjørneboe.[14]

Arrangement og utstillingar[endre | endre wikiteksten]

Himmelseng frå utstillinga 1814 – Spillet om Danmark og Norge på Norsk Folkemuseum. Senga har tilhøyrt Karl III Johan.
Foto: Haakon Michael Harriss / Norsk Folkemuseum
Lista er ikkje fullstendig. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide henne!

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]