Talleiv Olavsson Huvestad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Talleiv Olavsson Huvestad
Talleiv Olsson Huvestad 2.jpg
Fødd 1761
Død

1847

Talleiv Olavsson Huvestad på Commons
Frå minnebauta over Huvestad utanfor Eidsborg stavkyrkje

Talleiv Olavsson Huvestad (176113. juli 1847) var ein norsk gardbrukar, eidsvollsmann og stortingsmann frå Skafså i Telemark.

Huvestad var fødd på garden Storåsli i Skafså. I ungdomen var han omgangsskulelærar. Frå 1794 var han gardbrukar på Huvestad i Eidsberg sokn i Lårdal. Han var 1809-30 medhjelpar åt sokenpresten.

I 1814 var Huvestad utsending frå Bratsbergs amt til riksforsamlingaEidsvoll. Stortingsrepresentant i 1818, medlem av sju komitear. Mellom dei var komiteen om utvidinga av Holmestrand, og om utlevering av tjuvar mellom Noreg og Sverige. Han skal ha arbeidd målbevisst for å fremje bondeinteressene.

I 1826 tok han kår, døydde på Huvestad i 1847.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]