Anders Rambech

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Anders Rambech
Anders Rambech.jpg
Anders Rambech

Måla av: Jacob Munch

Fødd 2. september 1767
Kvikne
Død

14. september 1836
Meldal

Anders Rambech på Commons
Gjevilvasshytta med dei to bygningane. Den raude til høgre er Syrstadbygninga frå Rambech sin gard.
Foto: Trondhjems Turistforening

Anders Rambech, fødd Anders Graneng,[1] (2. september 176714. september 1836) var ein embetsmann, eidsvollsmann og stortingsmann frå Kvikne i Sør-Trøndelag.[2]

Rambech var fødd i Kvikne, faren arbeidde som pliktfut for Røros koparverk. Presten Anders Rambech i Kvikne tok seg av han og ga han òg etternamnet sitt.[1] Han vart tilsett som kontorist hos sorenskrivaren i Orkdal i 1783, og ti år seinare som fullmektig hos same. Same året, 1793, vart han eksaminert jurist. År 1800 vart han sjølv sorenskrivar i Orkdal, eit embete han hadde til han døydde.

Rambech var utsending frå Søndre Trondhjems amt til riksforsamlingaEidsvoll i 1814 saman med Jacob Hersleb Darre og Lars Larsen Forsæth. Han knytta seg til sjølvstendepartiet.[3]

Han var stortingsrepresentant i 1815-16, 1818, 1824, 1827 og på det overordentlege storting 1828. Også til 1830-stortinget var han vald, men sa frå seg. I 1815-16 var han sekretær i Stortinget og medlem av 12 komitear. Han var formann i komiteen om bondestandens næringsfridom og komiteen om det Ankerske fideikommiss. I 1818 var han stortingspresident og ei kort tid sekretær i Stortinget. Han var medlem av 18 komitear. I fem av komiteane var han formann, mellom anna om embetsmenns løner, om sølvverdien, om matrikkellova og om lova om elgen. Elles var han med i deputasjonen som Stortinget sende til kongekroninga i Trondheim. Under tingsamlingane 1824, 1827 og 1828 var han president i Odelstinget. I 1824 var han sekretær i både kyrkjekomiteen og i komiteen om innløysing av riksbanksetlane. Attåt var han på dei same tre stortinga medlem av valkomiteen og fullmaktskomiteen.

Rambech var busett på garden Syrstad i Meldal, og døydde der. Hovudbygninga og tingstugu frå Rambech si tid er framleis bevart, men tingstugu vart flytta til Gjevilvasshytta i Oppdal i 1848.[3]

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Rambech var innehavar av Nordstjerneordenen.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Arne Dag Østigaard. Anders Rambech. Norsk biografisk leksikon. Vitja 28. juni 2015.
  2. 2,0 2,1 Lindstøl, Tallak (1857-1925) (1914) «Rambech, Anders» – i: Stortinget og statsraadet: samt tillæg, s. 700 – Steen'ske bogtrykkeri, Kristiania.
  3. 3,0 3,1 Terje T.V. Bratberg (2014) «Anders Rambech og gården Syrstad i Meldal» – i: De kom fra alle kanter. Eidsvollsmennene og deres hus (red. Jørn Holme), s. 451—454 – Cappelen Damm, Oslo. ISBN 978-82-02-44564-5.