Christopher Bergh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Christopher Bergh
Fødd 28. oktober 1764
Sørum
Død

17. mai 1825
Christiania

Christopher Anker Bergh (28. oktober 176417. mai 1825) var ein norsk offiser og stortingsmann.

Bergh var fødd i Sørum i Akershus, som son av ein offiser. I 1780 vart han kornett ved 1. sønnafjelske dragonregiment. År 1788 vart han sekondløytnant i regimentet, og deltok i felttog same året.

Bergh tok dansk juridisk eksamen i 1783, seinare avla han auditøreksamen. I 1790 tok han over embetet som regimentkvartermeister etter far sin. År 1798 flytta han over i tilsvarande embete i artilleridetasjementet i Kristiania, der han i tillegg var bokhaldar for krigshospitalkassa og rekneskapsførar ved landkadettkorpset.

I 1804 vart Bergh beordra til Holstein der han var overauditør. Han var med då dette hovudkvarteret vart flytta til København i 1807. Året etterpå vart han generalauditør for den norske hæren og styrar av armedepotet. I 1813 vart han tillegg medlem av overkriminalretten, og i 1814 både armeintendant og generalauditør for sjøstridskreftene.

Bergh var med på stormannsmøtet på Eidsvoll i februar 1814. Saman med Georg Sverdrup utarbeidde han eit forslag til grunnlov. Han var elles ein av Kristian Fredrik sine næraste rådgjevarar. På valmannstinget for Kristiania til riksforsamlinga fekk han like mange stemmer som Georg Sverdrup og Christopher Omsen, men trekte seg då friviljug. På Stortinget 1815-16 var han representant for Akershus. Han var medlem av Lagtinget, lagtingspresident i tre veker og medlem av 18 komitear. I tre av komiteane var han formann;om val av statsrevisor, om innkvartering og armeens forråd.

Bergh døydde i Kristiania i 1825.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]