Nils Johannesson Loftesnes
Utsjånad
Nils Johannesson Loftesnes | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 1789 |
Død | |
Yrke | bonde, politikar |
Språk | norsk |
Nils Johannesson Loftesnes på Commons |

Nils Johannesson Loftesnes (1789–31. mai 1848) var ein soldat, gardbrukar og eidsvollsmann frå Sogndal.
I 1814 var Loftesnes musketer i sogndalske kompani. Kompaniet var ei avdeling av 2. bergenhusiske infanteriregiment, og Loftesnes vart om våren vald til å representere regimentet ved riksforsamlinga på Eidsvoll saman med kompanisjef Ole Elias Holck. Han høyrde der til sjølvstendepartiet.
Loftesnes tok over farsgarden i Sogndal og dreiv denne ei tid. Seinare kjøpte han ein annan gard i heimbygda og busette seg der. Der døydde han i 1848.
Kjelde
[endre | endre wikiteksten]- Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Biografisk informasjon om Nils Johannesson Loftesnes NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv