Jørgen Aall

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jørgen Aall
Jørgen Aall av Ola Geelmuyden, Eidsvoll 1814, EM.01605 (cropped).jpg
Jørgen Aall, måleri av Ola Geelmuyden
Fødd 22. februar 1771
Porsgrunn
Død

7. april 1833
Porsgrunn

Jørgen Aall på Commons

Jørgen Aall (fødd 22. februar 1771 i Porsgrunn, død 7. april 1833 same stad)[1] var ein norsk trelasthandlar, godseigar og medlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814. Han var bror av Jacob og Niels Aall.

Aall var son av trelasthandlar og godseigar Nicolai Benjamin Aall. Etter endt utdanning i England og Frankrike arbeidde han i verksemda til faren fram til han starta for seg sjølv i 1796. I Porsgrunn vart han etter kvart borgarrepresentant, stadskaptein og fransk konsularagent. Uheldige konjunkturar innen trelasthandelen etter store tap under krigen med mellom anna kapring av skipa hans gjorde at han måtte leggje ned handelsverksemda.[1]

Aall var medlem av i Riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814 som 1. representant frå Porsgrunn.[2] Han knytta seg til Sjølvstendepartiet.[3] Under Riksforsamlinga skreiv han dagbok, som seinare vart trykt i Yngvar Nielsen si bok Bidrag til Norges historie i 1814. Han var òg medlem av omframstortinget i 1814 og Stortinget i 1815, begge gonger for Skien og Porsgrund.[2]

Jørgen Aall er gravlagd på Østre Porsgrunn kyrkjegard. 17. mai 1901 vart det avduka ein bauta på grava hans.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Tallak Lindstøl (1914) «Aall, Jørgen» – i: Stortinget og Statsraadet 1814-1914, bind B. 1 D. 2 : Biografier L-Ø samt tillæg, s. 4–5 – Steen'ske bogtrykkeri, Kristiania.
  2. 2,0 2,1 Biografisk informasjon om Jørgen Aall NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
  3. Jørgen Aall. Eidsvoll 1814. Vitja 5. mai 2017.

Ilnokole.jpgDenne artikkelen har innhald frå den opphavsrettsfrie førsteutgåva av Illustreret norsk konversationsleksikon, 1907–1913.