Ole Svensson Iglerød

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ole Svensson Iglerød
Portrett av Ole Svendsen Illerød EM.01655 - Crop.jpg
Fødd 1. november 1784
Aremark
Død

1. november 1872 (88 år)
Aremark

Yrke bonde, politikar
Ole Svensson Iglerød på Commons

Ole Svennsson Iglerød (1. november 17841. november 1871) var ein soldat, gardbrukar og eidsvollsmann frå Aremark i Østfold.

Iglerød var son av ein gardbrukar i Aremark. I ungdomen gjekk han på skule i Fredrikshald. 1808-14 var han musketer ved søndenfjeldske infanteriregiment. I 1814 var han med i kampane mot Sverige. Han vart såra i ei hand under felttoget, og fekk sidan årleg ein liten pensjon.

Etter han var dimittert i 1814 reiste Iglerød heim og overtok same året farsgarden i Aremark. Denne dreiv han til ein son tok over garden, sjølv kjøpte han seg ein annan gard i heimbygda.

Iglerød var med i riksforsamlingaEidsvoll i 1814 som utsending frå søndenfjeldske infanteriregiment. Han var ein av fire eidsvollsmenn som i 1864 deltok i femtiårsfesten for grunnlova. Iglerød arbeidde gjennom åra iherdig for å få i gang nye veganlegg.

Han døydde i Aremark i 1871.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]