Den svensk-norske krigen i 1814

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Napoleonskrigane

Dato 26. juli-14. august 1814
Stad Grenseområda i Østfold og Hedmark
Resultat Svensk siger, norsk aksept av våpen-stillstand for ei politisk løysing
Partar
Noreg Noreg Svensk flagg Sverige
Kommandantar
Kong Christian Frederik
Johannes Klingenberg Sejersted
Kronprins Carl Johan
Magnus Björnstjerna
Styrkar
30 000 mann
8 feltbatteri
7 briggar
150 kanonbåtar
45 523 mann
117 feltskyts
5 linjeskip
5 fregatter
70 kanonbåtar
Tap
400 døyde og såra
300 tatt til fange
Truleg jamstore med dei norske tapa

Den svensk-norske krigen i 1814 fann stad sommaren 1814 etter at Noreg hadde erklært sjølvstende i staden for å gå inn i union med Sverige. Krigen enda med at Noreg kom i personalunion med Sverige, men at svenskekongen godkjende den norske grunnlova og nasjonalforsamlinga. Krigen var den siste mellom Noreg og Sverige.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Måleri av Riksforsamlinga på Eidsvoll.

Ved Kielfreden måtte kongen av Danmark-Noreg, som var på den tapande sida i Napoleonskrigane, avstå Noreg til kongen av Sverige. Denne avtalen blei ikkje godteken av nordmennene. Statthaldaren i Noreg, den danske kronprinsen Christian Frederik, stilte seg i spissen for ei reising. Han kalla inn 21 av dei fremste mennene i landet til rådslagingEidsvoll verk 16. februar. Dei råda han til ikkje å gripe makta i kraft av sin arverett til den norske trona, men i staden å erklæra seg som regent og kalla inn til ei grunnlovgjevande forsamling. Etter val i mars kom 112 menn frå Sør-Noreg til riksforsamlinga på Eidsvoll 10. april. Etter fem veker vedtok dei den norske grunnlova av 17. mai, erklærte sjølvstende og valde Christian Frederik til norsk konge. Som leiar for den nye staten prøvde Christian Frederik å få støtte frå stormaktene, særleg frå Storbritannia. Dei allierte diplomatane som kom til Noreg for å forhandla gav ikkje noko håp om godkjenning.

Den norske staten hadde våren og forsommaren 1814 fått arbeidsro til å etablera seg og utforme sin grunnlov fordi den svenske kronprinsen Karl Johan og hovudstyrken hans måtte delta med sine allierte i sluttkampen mot keisar Napoleon. I juni var dei tilbake i Sverige, og utan støtte frå andre makter måtte Noreg førebu seg på ein forventa svensk invasjon for å tvinga gjennom Kieltraktaten. Begge landa brukte sommaren til å mobilisera sine væpna styrkar, Sverige for invasjon av Noreg, Noreg for å styrka forsvaret.

Krigen[endre | endre wikiteksten]

Den norske hæren bestod av rundt 30 000 mann og hadde tatt stilling eit godt stykke frå grensa, for å ikkje bli utflankert. Den norske marinen hadde ingen større fartøy, nokre få mindre, og fleire kanonbåtar. Dei fleste av dei var stasjonerte på Hvaler, nær Sverige. Den svenske hæren bestod av 45 000 mann, erfarne og vel utstyrte soldatar. Den svenske marinen hadde fleire større fartøy og kapasitet til å flytta og landsetja troppar.

Kronprins Karl Johan gjekk til militært angrep på Noreg 26. juli 1814. Her i svensk generaluniform, olje på lerret frå 1811.
Måla av: François Gérard (1770–1837)
Kristian Fredrik måla i Danmark i 1813 før han kom til Noreg som statthaldar. Olje på lerret.
Måla av: J.L. Lund (1777–1867)

Kamphandlingane byrja den 26. juli med eit raskt svensk marineangrep mot dei norske kanonbåtane ved Hvaler. Dei norske fartøya trekte seg tilbake mot Vestfold for å unngå å bli nedkjempa av den overlegne fienden, og dei deltok ikkje i kamphandlingane gjennom resten av krigen. Dermed låg kysten av Østfold open for svenskane, som raskt kringsette Hvaler. Nokre dagar forseinka på grunn av vindstille kunne den svenske marinen uhindra forsera innløpet til Fredrikstad og landsetja 6000 mann som kringsette Kråkerøy utan å møta motstand. Dei fåtalige norske styrkane trekte seg tilbake til Fredrikstad. Byen og festningen var forsvarslaus mot åtak frå sjøsida av kanonbatteri på Kråkerøy. Det svenske hovudangrepet på Fredrikstad fann stad 3. august med eit kraftig bombardement frå Kråkerøy. Allereie neste dag måtte kommandanten Nils Christian Frederik Hals overgje festningen. Svenskane inntok byen, og Karl Johan etablerte hovudkvarter der.

Mens den svenske marinen inntok Fredrikstad, sette hæren inn hovedstøytet over grensa ved Halden og omringa festningen Fredriksten. Hovudstyrken fortsette nordover som ledd i ein knipetangsmanøver mot hovuddelen av dei norske styrkane som låg ved Rakkestad, der Christian Frederik hadde sitt hovudkvarter.

Rundt Kongsvinger var styrkane meir likeverdige, og den norske hæren stoppa den svenske framrykkinga. Sigeren ved Matrand 5. august var den eine norske i ei rekkje tilbaketrekkingar og tap. Den 3. august kom Christian Fredrik til fronten i Østfold og lét seg overtala til å endra strategi; ved Rakkestad hadde den norske hæren om lag 6 000 mann, og dei kunne brukast i eit motåtak. Ordre til motangrep blei gjeven 5. august, men tilbakekalla berre nokre timar etter. Dei norske styrkane rømte så landet aust for Glomma ved Langnes ved Askim. Det siste større slaget i krigen stod 9. august ved bruhovudet ved Langnes, der dei svenske styrkane blei slått tilbake med store tap, slik at dei norske kunne gjennomføra ein ordna retrett.

Meldinga om at Fredrikstad var fallen fekk Christian Frederik til å trekkja styrkane tilbake og ikkje iverksetja motåtak, imot råd frå generalane sine. Den 6. august angreip svenskane Rakkestad, og dei norske styrkane måtte trekkja seg tilbake med tap. Christian Frederik var no klar over at krigen var tapt og var innstilt på å unngå vidare kamp og snarast mogleg slutta fred.

Nytt norsk hovudkvarter blei skipa på Spydeberg prestegard 7. august. Der fekk kongen to viktige meldingar på om lag same tid. Frå Fredrikshald kom ein delegasjon med brev frå kronprins Karl Johan, som tilbaud nordmennene fred med aksept for Eidsvollsgrunnloven, med dei forandringane som var nødvendige for ein union med Sverige, dersom Christian Frederik ville abdisera. Same dagen fekk han melding om at dei norske styrkane hadde vunne på Kongsvinger-fronten ved Matrand og Skotterud 5. august. Det gav han tru på at han kunne oppnå ein ærefull fred. Nordmennene hadde sett seg i respekt, og Karl Johan måtte innsjå at det ville kosta for mykje å erobra Noreg med våpenmakt.

I norsk statsråd på Spydeberg prestegard blei stillinga drøfta 8. august. Å stoppa svenskane blei sett som nyttelaust, og hæren hadde berre proviant for eit par veker. For den norske regjeringa var det nok meir eit spørsmål om å få ein best mogleg forhandlingsposisjon; utan støtte av stormaktene var sjølvstendet i alle høve tapt. Ved å godta forhandlingar etter sigrane ved Kongsvinger og Langnes var dei i ein situasjon der dei kunne unngå kapitulasjon utan vilkår. Christian Frederik skreiv same dag to brev til Karl Johan, der han aksepterte det svenske tilbodet om forhandlinger og gjorde reie for sitt standpunkt og dei norske betingelsane. 9. august blei breva sende til Karl Johan med Carsten Tank som bodbringar.

Mossekonvensjonen[endre | endre wikiteksten]

Den handskrivne framsida av den reviderte grunnloven av 4. november 1814, eit resultat av forhandlingane på Moss.

Christian Frederik med regjering og rådgjevarar kom til Moss 10. august og inntok hovudbygningen på Moss jernverk, seinare kjend som Konvensjonsgården. Der mottok dei same dagen den svenske forhandla, general Magnus Björnstjerna, som var adjutant for Karl Johan. Han forhandla ikkje direkte med Christian Frederik, som svenskane ikkje anerkjende som norsk konge, men med statsrådane hans Niels Aall og Jonas Collett. Då dei om kvelden 13. august var blitt einige om hovudinnhaldet i avtalen, blei dette meld til Karl Johan, som same natt sende generalløytnant Anders Fredrik Skjöldebrand til Moss for å ta del i sluttforhandlingane. Størst usemje var det i spørsmålet om Christian Frederik si tronfråseiing utan vilkår, som han måtte godta, og om å finna ei formulering som innebar at unionen ikkje skulle gåast inn på som følgje av Kiel-traktaten, men av traktaten som blei inngått på Moss. På dette punktet stod dei norske forhandlarane urokkeleg fast. Partane kom til semje om ei formulering som lét vera å erklære den svenske kongen som norsk konge før han var vald av Stortinget. Det norske statsrådet skulle inntil vidare overta den utøvande myndigheiten og underteikna beslutningane sine «paa allerhøieste Befaling». Dette var ei formulering som nordmennene kunne godta, ettersom ho ikkje innebar at kongen av Sverige var blitt konge av Noreg allereie 14. januar 1814.

Etter forhandlingane blei partane den 14. august einige om ein avtale om våpenstillstand på visse vilkår. Christian Frederik (i avtalen berre titulert som prins, ikkje konge), skulle overlata den utøvande makta til regjeringa si, og kalla inn Stortinget seinast 7. oktober for å gjera dei endringane i grunnloven som ein personalunion med Sverige gjorde nødvendige. Det blei også sett ein frist for å sluttføra revisjonen av grunnloven.

Mellom hærane blei det trekt ei demarkasjonslinje som ikkje måtte overskridast, den same som frontlinja 14. august. Det blei også avtalt at den ubesigra Fredriksten festning, som pant på at avtalen skulle haldast frå norsk side, straks skulle overleverast til dei svenske troppane på ærefulle vilkår: «Garnisonen skal gaa ud af Fæstningen med Vaaben og Bagage og alle militære Honneurs».

Minnetavle ved Kjølberg bru for dei siste trefningane mellom Sverige og Norge 14. august 1814.

Avslutting[endre | endre wikiteksten]

Mossekonvensjonen markerte avsluttinga på den siste krigen mellom Noreg og Sverige. Christian Frederik oppfylte lojalt vilkåra i avtalen og instruerte amtmenn og biskoper om å gjennomføra val til Det overordentlige Storting, som kom saman 7. oktober. Den 10. oktober sa han frå seg kongemakta i eit møte med ein delegasjon fra Stortinget på Bygdøy kongsgard, og reiste deretter til Danmark. Han opplevde å vera konge av to forskjellige rike – av Noreg frå 17. mai til 10. oktober 1814, i Danmark frå 1839 til 1848 som Christian VIII.

Under tidspress klarte Stortinget å vedta den reviderte grunnloven 4. november 1814, og same dagen blei Karl XIII vald til konge av Noreg som Karl II. Kronprins Karl Johan hadde nådd sitt mål, unionen mellom Sverige og Noreg var eit faktum, formelt mellom to likeverdige statar i personalunion.

Noreg fekk i hovudsak halda på grunnloven av 17. mai. Landet måtte oppgje sjølvstendet som var proklamert i § 1, men bestod som sjølvstendig rike etter § 1 i den nye grunnloven.

For den meinige nordmann verka krigen dårleg førebudd og dårleg kjempa. Dette gjekk ut over Christian Frederik og over den norske generalen og statsministeren Haxthausen, som blei skulda for forræderi.

Feltherrar og rådgjevarar i krigen[endre | endre wikiteksten]

Festningsgarnisonane[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]