Niels Treschow

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Niels Treschow
Niels Treschow.png
Fødd 5. september 1751
Drammen
Død

22. september 1833
Christiania

Niels Treschow på Commons

Niels Treschow (5. september 175122. september 1833)[1] var ein norsk politikar og filosof. Han vart privat dimittert til Universitetet i København i 1766 og fekk magistergraden i filosofi i 1774, etter å ha orientert seg i fleire naturvitskaplege og humanistiske disiplinar. Treschow var konrektor (viserektor) ved Throndhjems lærde Skole 17741780, rektor i Helsingør 17801789 og ved Christianias Latinskole 17891803.[2] I 1803 vart han professor og arbeidde som filosofiprofessor i København. I 1813 vart han filosofiprofessor ved Universitetet i Christiania.

Treschow deltok ved stormannsmøtet på Eidsvoll 16. februar 1814.[1] Han var medlem av den midlertidige komiteen som leia kyrkje- og undervisningsvesenet våren 1814, og møtte på det det overordna storting hausten 1814. Same år blei han utnemnd til statsråd og han leia Kyrkjedepartementet i fire periodar 1814–1816, 1817–1819, 1820–1822 og 1823–1825. Han var òg statsråd ved Statsrådsavdelinga i Stockholm.[3]

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Treschow var medlem av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab, av Kungliga Vetenskapsakademien og Det Kongelige Danske Videnskabernes Selskab. Han fekk kommandørkors av Nordstjerneordenen, riddarkors av Dannebrogordenen, var riddar av Karl XIIIs orden og innehavar av medaljen for borgardåd.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Niels Treschow i Norsk biografisk leksikon
  2. Moe, Bernt (1845). Treschow (Niels). Biographiske Efterretninger om Eidsvolds-Repræsentanter og Storthingsmænd i Tidsrummet 1814-1845. Chr. Schibsted.
  3. Biografisk informasjon om Niels Treschow NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv