Anders Hanssen Grønneberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Anders Hanssen Grønneberg
Anders hansen gronneberg.jpg
Fødd 1779
Død

1819

Anders Hanssen Grønneberg på Commons

Anders Hanssen Grønneberg (177930. oktober 1819) var ein norsk skipper, offiser, gardbrukar og eidsvollsmann.

Grønneberg var fødd i Berg sokn i Brunlanes, der faren var lensmann. Sjølv vart han sjømann, etter kvart skipper. Under napoleonskrigane vart han utnemnd til såkalla månadsløytnant, deltok i erobringa av to engelske kutterar ved Stavern. Slo seg sidan ned på farsgarden som gardbrukar.

I 1814 var Grønneberg utsending frå Larvik grevskap til riksforsamlingaEidsvoll. Han deltok ikkje aktivt i forhandlingane, men røysta truleg med sjølvstendepartiet.[1]

Han døydde på garden sin, Ødelund, i Berg sokn i 1819. Det finst ingen bygningar att frå hans tid på garden.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Anders Hansen Grønneberg (1779-1819)». Eidsvoll 1814. Henta 20. november 2015. 
  2. Jørgen Solstad (2014). «Anders Grønneberg og gården Ødelund i Brunlanes». I Jørn Holme. De kom fra alle kanter - Eidsvollsmennene og deres hus. Cappelen Damm. s. 247-248. ISBN 978-82-02-44564-5.