Thomas Bryn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Thomas Bryn

Statsborgarskap Noreg
Fødd 29. mars 1782
Kongsberg kommune
Død

16. september 1827 (45 år)
Larvik

Yrke politikar, dagbokskrivar, jurist
Språk norsk
Politisk parti Unionspartiet
Thomas Bryn på Commons

Thomas Bryn (29. mars 178216. september 1827) var ein embetsmann, eidsvollsmann og stortingsmann frå Kongsberg.

Bryn var son av Thomas Thomassen Bryn (1756-1830) som var damstigar og bergmusikant ved Kongsberg Sølvverk. I yngre år var han tilsett på stiftskontoret for Akershus, og på kontoret til forsyningskommisjonen. Han tok norsk juridisk eksamen i 1805, og heldt fram som fullmektig hos forsyningskommisjonen i tre år. I 1810 vart han utnemnd til sorenskrivar i austre Råbyggelaget, budde då på Nes i Herefoss. År 1816 vart han byfut og sorenbirkeskrivar i Larvik grevskap.

Til riksforsamlingaEidsvoll i 1814 møtte Bryn som utsending frå Råbyggelaget. Han slutta seg der til unionspartiet. Sameleis representerte han Råbyggelaget på overordentleg storting 1814 og på stortinget 1815-16. I 1814 var han sekretær i Lagtinget, 1815-16 visesekretær i Stortinget og Odelstinget. Han var då, 1815-16, medlem av fire komitear, der i mellom kyrkjekomiteen og om kyrkjelyden sin forkjøpsrett til soknekyrkja. Innvald på Stortinget 1827 for Larvik og Sandefjord, var då sekretær i Stortinget og i kyrkjekomiteen.

Bryn døydde i Larvik hausten 1827.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]