Daniel Larsson Skjevik
Utsjånad
| Daniel Larsson Skjevik | |||
![]() Bilete frå boka Eidsvoldsmændene: 1814 frå 1908 | |||
| Fødd | 1786 Beitstad i Nord-Trøndelag | ||
|---|---|---|---|
| Død | 6. oktober 1833 (47 år) | ||
| Statsborgar av | Norsk | ||
| Parti | Sjølvstendepartiet | ||
| Yrke | Sersjant og gardbrukar | ||
| Verv | Medlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll | ||
| Alle verv | |||
Daniel Larsson Skjevik (1786–6. oktober 1833) var ein norsk gardbrukar og eidsvollsmann frå Beitstad i Nord-Trøndelag.
Skjevik var fødd i Solberg sokn i Beitstad, der far hans var gardbrukar. Sjølv tok han underoffisereksamen og vart sersjant, før han tok over farsgarden.
I 1814 var Skjevik utsending frå Første Trondhjemske Infanteri-Regiment saman med Georg Wasmuth til riksforsamlinga på Eidsvoll. Der høyrde han til sjølvstendepartiet.
Skjevik fekk Dannebrogordenens hederstegn i 1808.
Han døydde på garden sin i Solberg i 1833. I 1914 vart det reist eit minnesmerke over Skjevik og eidsvollsmannen Sivert Bratberg på Solberg gamle kyrkjegard.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografi på Eidsvoll 1814
- Biografisk informasjon om Daniel Larsson Skjevik ved PolSys hos Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør
- Steinkjerleksikonet
- Daniel Larsen Schevig frå Norsk biografisk leksikon
