Johan Gunder Adler

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johan Gunder Adler

Statsborgarskap Danmark
Fødd 5. mars 1784
København
Død

26. mai 1852 (68 år)
Hof

Yrke politikar, forfattar
Språk dansk
Johan Gunder Adler på Commons

Johan Gunder Adler (fødd 5. mars 1784 i København, død 26. mai 1852 i Hof i Tyskland) var ein dansk statsmann. Han er særleg kjend for si rolle i Noreg i 1814 da han og Christian Magnus Falsen utforma det fyrste utkastet til den norske grunnlova.[1]

Adler hadde vore ven med Georg Sverdrup og Falsen medan dei studerte i København. I 1812 kom han som lærar til Fredrikshald.[2]

I februar 1814 utforma han og Falsen det fyrste utkastet til Grunnlova, Udkast til en Konstitution for Kongeriget Norge. Det blei trykt i Niels Wulfsbergs Journal for Lovgivning, Rigsforsamling og Politik og var tileigna prinsregent Kristian Fredrik. Han las det og skreiv på kritiske merknadar. Forfatningsframlegget var inspirert av den franske grunnlova frå 1791 og den amerikanske sjølvstendeerklæringa av 1776.[3]

Etter at Kristian Fredrik var vald til norsk konge blei Adler formelt utnemnd til kabinettsekretæren hans.[4] Da kongen sa frå seg trona og reiste att til Danmark seint på hausten same år følgde Adler med. I 1815 utnemnde Fredrik VI Kristian Fredrik til guvernør over Fyn og Adler var hans næraste medarbeidar i denne perioden. Etter at Fredrik VI døyde i 1839 og Kristian Fredrik tok over som konge under namnet Christian VIII vart Adeler utnemnd til kabinettsekretær, eit embete han hadde til kongen døyde i 1848.[4][2]

I 1842 fekk Adler storkorset av Æreslegionen og året etter blei han dekorert med Dannebrogsordenens storkors.[2]

Adler døydde under eit kuropphald i Hof i Bayern og vart gravlagd same sted.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Johan Gunder Adler