Slaget ved Langnes skanse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Den svensk-norske krigen i 1814
Langnes Skanse 2.jpg
Høgda der det norske artilleriet var plassert
Dato 9. august 1814
Stad Langnes aust for Askim mot Glomma
Resultat Uavgjort, taktisk siger for nordmennene, som måtte oppgje stillingane sine[1]
Partar
Noreg Noreg Svensk flagg Sverige
Kommandantar
Oberst Diderich Hegermann General Eberhard von Vegesack
Styrkar
2 000 mann[2]
8 kanonar[3]
3 000 mann[4]
Tap
6 døde
10 såra[5][6]
Truleg 100 døde og såra, dei fleste i frontale åtak[5]

Koordinatar: 59°36′32″N 11°7′44″E Slaget ved Langnes skanse var eit slag som fann stad mellom norske og svenske styrkar i 1814 ved Langnes i noverande Askim kommune under Den svensk-norske krigen i 1814. Slaget var det siste slaget der menn frå ulike skandinaviske land stod mot kvarandre på 1800-talet. Det markerte også slutten på Napoleonskrigane i Skandinavia, og byrjinga på unionen mellom Noreg og Sverige.

Krigen i 1814[endre | endre wikiteksten]

I Kieltraktaten, som blei inngått etter at Napoleon lei nederlag i folkeslaget ved Leipzig, blei Noreg avstått til kongen av Sverige som krigsbytte. Etter at Riksforsamlinga på Eidsvoll erklærte norsk sjølvstende i maidagane i 1814, kom det til krig mellom landa.

På svensk side stod den svenske kronprinsen Carl Johan, krigsveteran frå Napoleonskrigane med velutrusta hærstyrkar på 40-50 000 mann og ein overlegen flåte. På norsk side stod ein lite krigsvand hær på rundt 30 000, leia av den unge og uerfarne norske kongen Christian Frederik.

Krigen sommaren 1814 blei kort. Nordmennene tapte fleire slag på Austlandet, og då festningen Fredrikstad fall, auka faren for svensk siger. Dei norske styrkene omorganiserte seg bak Glomma, og bygde ei pongtongbru ved Langnes for å trekka styrkene tilbake. Denne brua blei bygga slik at bruhovudet skulle vera lett å forsvara.[3]

Langnes[endre | endre wikiteksten]

Pontongbrua kryssa Glomma frå sør mot nord over sundet ved Langnes aust for Askim, der ei landtunge stikk ut i Glomma. Tvers over denne landtunga ligg ei lita naturleg høgd (ein morene), og bak denne, på austsida av vegen, ein liten kolle.

Her la den norske kommandanten, Diderich Hegermann, ut eit forsvar av bruhovudet slik at dei norske styrkane kunne ta seg over. Langs moreneryggen som kryssar neset bygde oberst Hegermann ein skanse. Han hadde 8 kanonar, fire av desse blei lagde på den vesle kollen.[3] To bataljonar frå Oplandske regiment og tre divisjonar med skarpskyttarar frå Valdres bemanna skansane.[3]

I dag er delar av skansen pløygde ned i åkeren til Langnes gård, men den vesle kollen ligg der framleis, og ein kan skimta delar av skansen nede ved elva.

Forpostfektingar[endre | endre wikiteksten]

Kartskisse over området
Minnestein øvst på høgda der dei norske forskansingane var plassert.

Dei svenske styrkane bestod av fleire infanteriregiment frå Västergötland og Värmland under general Eberhard Ernst Gotthard von Vegesack og oberstløytnant Cederström. Styrken hadde marsjert fram mot det norske bruhovudet den 8. august, og fleire væpna patruljar blei sende fram for å rekognosera.[7] I løpet av natta til 9. august kom dei første svenske fortroppane fram til Langnes.[7]

Oberst Hegermann hadde norske patruljar ute for å halde greie på kor langt den svenske framrykkinga hadde kome, og det var fleire trefningar mellom norske og svenske styrkar i nattemørkret.[3] Det var uvanleg dårleg vêr denne natta, og ein norsk kaptein som kom i kontakt med ein svensk speidar overlevde fordi krutet i fengpanna på det svenske flintlåsgeværet var vått.[3] Kapteinen drap den svenske soldaten med sabel og tok geværet;[3] det er no ved ForsvarsmuseetAkershus festning.[8]

Oberst Hegermann forsøkte å utnytta forvirringa det dårlege vêret skapte. Før grålysinga sette han inn eit overraskande åtak mot dei svenske troppene, men dei disiplinerte og kampvante svenske styrkane slo åtaket tilbake etter det første sjokket. Dei norske styrkane måtte trekka seg tilbake til skansen i morgontimane.[5]

Svensk åtak[endre | endre wikiteksten]

Jorda der dei svenske styrkene gjekk til åtak.

Utover dagen prøvde svenskane å driva dei norske styrkane ut av skansen. Dei svenske troppane blei sende fram i kolonnar frå ei lita høgd (staden der Langnes holdeplassØstfoldbanen seinare blei lagt), omtrent ein halv kilometer frå skansen.

Dei store, opne jorda var gjørmete på grunn av regnet, og dei norske kanonane hadde godt skytefelt. Dei svenske åtaka blei møtt av konsentrert eld kvar gong. Oberst Hegermann skildra seinare korleis kanonskot gjorde at det såg ut som «om en vogn hadde faret gjennem den fra teten til køen».[5] Dei som søkte tilflukt i bygningene på Langnes gard frå den sterke beskytinga, måtte snart rømma frå husa, som blei sønderskotne av dei norske artilleristane.[5]

Svenskane angreip tre gonger, og slaget raste heile føremiddagen i regnvêr og søle.[5] I førstninga rykka svenskane fram i tette kolonnar, men desse blei rivne frå kvarandre av kardeskane frå kanonane.[5] Mange svenske soldatar blei drepne og skadde i det første åtaket. Hegermann hadde halde tilbake elden fram til svenskane var komne gjennom garden framfor inngangspartiet til skansen. Nordmennene kunne derfor skyta inn i sida på kolonnen, som fall frå kvarandre. Etter omgruppering prøvde dei svenske styrkane ein annan taktikk ved bruk av jegerkjeder, der skyttarane i spreidd orden prøvde å oppretthalda kontinuerleg eldgjeving mot forsvararane.[5]

Svenskane hadde betre krut og langtrekkande gevær.[1][6] Jegerkjedeåtaka hadde verknad på den sårbare batteristillinga som låg høgt plassert over brystvernet. Fleire, mellom dei løytnant Hauch, fall under den svenske elden som blei forsterka av skarpskyttarar som etter kvart fann gode plassar i tre som gjorde at dei kunne skyta inn i skansen frå overhøgd.[1][9] Hegermann retta kanonane mot skarpskyttarane som trekte seg tilbake etter fleire velplasserte skot. Ved effektiv bruk av eldgjeving frå artilleriet heldt Hegermann stand mot svenskane, som gav opp etter det tredje åtaket. Likevel hadde skytinga frå dei svenske jegerane vist at kanonstillinga på den vesle kollen ikkje kunne haldast i lengda, og det var klart at ein før eller seinare ville måtta oppgje skansen.[6][5]

Tilbaketrekking[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om slaget ikkje blei like blodig som slaget ved Matrand, hadde dei svenske styrkane hatt betydelege tap. Kong Christian Fredrik, som låg på Spydeberg prestegard, blei vekka av skota. Då han nådde pontongbrua blei liket av løytnant Hauch bore over.[5] Ifølgje samtidige kjelder skal kongen ha sagt «For meget blod for min skyld».[1] Soldatane som bar liket skal ha svart: «Ikke for meget blod, konge, for litet!».[1] Likevel beslutta kongen å trekkja styrkane tilbake.[5] Oberst Hegermann, som planla eit motåtak, protesterte mot avgjera til kongen.[5] Det var også etter samtidige kjelder sagt at kongen uttalte: «Men min Gud, har De da endu ikke oppoffret nok af disse smukke Folk?»[5]

På føremiddagen den 9. august stilna skota i den siste større samanstøyten under krigen mellom Noreg og Sverige. Også den svenske kommandanten trekte styrkane sine tilbake. Tilbaketoget over pongtongbrua til den andre sida av Glomma gjekk raskt, men under høgrøsta protestar frå soldatane, som måtte dumpa tre kanonar i elva ettersom dei ikke hadde nok hestar til å frakta dei.[1] Brua blei broten opp ved å sleppa laus brubåtane, som dreiv vekk nedover elva.[1]

Dei norske tapa bak brystvernet var knapt merkbare med 6 døde og 9-10 såra.[5] Svenskane, som hadde mist initiativet til nordmennene i førevegen, leid store tap i frontalåtaka mot kanonstillinga. Dei hadde måtta angripe over vanskeleg, gjørmete grunn og organisert i formasjonar som var særs sårbare mot kanonane bak brystvernet på skansen. Truleg over 100 døde og såra var falne i dei svenske rekkjene under stormåtaka.[5]

Etter at tilbaketoget over Glomma var fullført, marsjerte oberst Hegermann med hovudparten av hæren sørover til støtte for dei norske forsvarsstyrkane langs Glommalinja som var blitt truga av den svenske erobringa av dei viktige øyane Tune og Rolvsøy i søraust.[10] Karl Johan hadde beordra sine offiserar om å sikra austbreidda av Glomma frå Øyeren i nord fram til munningen ved Fredrikstad. Fleire mindre trefningar fann stad fram til den 14. august.[10]

Etter slaget[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om dei norske styrkane hadde halde svenskane tilbake, var det klart at det berre var eit tidsspørsmål før krigen ville vera tapt. Dei norske styrkane hadde berre mat til to veker. Allereie 3. august hadde Carl Johan gjeve tilbod om fredsforhandlingar. Dei norske styrkane hadde vunne slaget, men fem dagar seinare vann svenskane sjølve krigen.

Ved Mossekonvensjonen blei det inngått ein fredsavtale som førte til at Noreg måtte inn i union med Sverige.

Likevel hadde ikkje slaget vore bortkasta. Dei norske styrkane hadde kome seg over Glomma. Sjølv om krigen på Austlandet så langt hadde gått dårleg, hadde forsvaret av bruhovudet ved Langnes sikra at hæren hadde kunne trekkja seg tilbake intakt. Slaget hadde også verknad på moralen til dei norske styrkane. Med ein intakt og kampklar norsk hær, var det klart at ein fortsatt krig på Austlandet ikkje ville kunne vinnast utan motstand. Sigeren hadde gjeve nordmennene forhandlingsrom og gjorde at dei svenske forhandlarane ikkje kunne forlanga kapitulasjon utan vilkår. Då det vart slutta fred, abdiserte kong Christian Fredrik og vende tilbake til Danmark, der han seinare blei konge, men Noreg fekk behalde si grunnlov som gav Stortinget stor handlefridom.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 Henrik August Angell, 1914, s. 316
  2. Terje H. Holm, 1991, s. 144
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 Henrik August Angell, 1914, s. 313
  4. Terje H. Holm, 1991, s. 145
  5. 5,00 5,01 5,02 5,03 5,04 5,05 5,06 5,07 5,08 5,09 5,10 5,11 5,12 5,13 5,14 Henrik August Angell, 1914, s. 315
  6. 6,0 6,1 6,2 Terje H. Holm, 1991, s. 146
  7. 7,0 7,1 Henrik August Angell, 1914, s. 312
  8. Terje H. Holm, 1991, s. 149
  9. Blich: en episode fra krigen i 1814. (Oslo: Norsk Militært Tidsskrift, 1882)
  10. 10,0 10,1 Henrik August Angell, 1914, s. 317

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]