Andreas Michael Heiberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Andreas Michael Heiberg

Andreas Michael Heiberg på eit måleri av Ole Peter Hansen Balling, måla etter ein miniatyr frå 1810. Måleriet tilhøyrer Eidsvoll 1814.
Fødd1. desember 1767
Bergen
Død21. mars 1815 (47 år)
Statsborgar avNoreg
PartiSjølvstendepartiet
YrkeJurist
FarChristen Heiberg
VervMedlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll
Alle verv
  • medlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll (1814–1814) Sjå dette på Wikidata

Andreas Michael Heiberg (1. desember 176721. mars 1815) var ein norsk embetsmann og eidsvollsmann.

Heiberg var fødd på Straumsnes ved Bergen. Faren var fut då Anders Michael kom til verda, seinare var han amtmannBornholm i Danmark. Sonen voks opp der, og tok i 1789 dansk juridisk eksamen. Han var så byfut i Svaneke på Bornholm og samstundes heradsfut i Østre Herred i 14 år. Frå 1810 var han byfut og byskrivar i Fredrikstad.

I 1814 var Heiberg utsending frå Fredrikstad på riksforsamlingaEidsvoll. Der høyrde han til dei moderate i sjølvstendepartiet.

Heiberg døydde i Fredrikstad, mindre enn eitt år etter riksforsamlinga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]