Enevold Høyum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Enevold Høyum

Fødd15. mai 1775
Sauherad
Død24. januar 1830 (54 år)
Statsborgar avNorsk
PartiSjølvstendepartiet
Yrkepolitikar, offiser
VervMedlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll
Alle verv
  • medlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll (1814–1814) Sjå dette på Wikidata

Enevold Steenbloch Høyum (15. mai 177524. januar 1830) var ein norsk offiser, gardbrukar og eidsvollsmann.

Høyum var frå Sauherad i Telemark. Han var son av ein oberst, og gjekk sjølv i militær teneste. I 1794 vart han fenrik i Telemarkske infanteriregiment. Han avanserte etter kvart i gradene, vart kaptein i 1809. År 1814 vart han skikka til sjef over 1. divisjon av regimentet sin «marcherende depotbatalion» i Drammen. Fire år seinare tok han avskjed.

Høyum deltok i riksforsamlinga på Eidsvoll som 1. utsending frå Telemarkske infanteriregiment. Han røysta med sjølvstendepartiet.[1]

Etter han gjekk ut av aktiv militær teneste dreiv han den tidlegare futegarden Søve i Holla. Høyum hadde gifta seg til garden, og døydde der i 1830.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Envold Steenblock Høyum (1775-1830)». Eidsvoll 1814. Henta 20. november 2015.