Eilert Ramm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eilert Ramm
Eilert Ramm.jpg
Fødd 4. mai 1769
Død

15. mars 1837

Eilert Ramm på Commons

Eilert Waldemar Preben Ramm (4. mai 176915. mars 1837) var ein norsk offiser og eidsvollsmann.

Ramm var fødd på Furnes i Hedmark, som son av ein offiser. Han var volontør i det sjællandske lette dragonregimentet i 1787. I 1790 vart han sekondløytnant i Oplandske Dragonregiment. Han steig i gradane, og vart sidan premierløytnant og i 1808 rittmeister. Samstundes vart han då sjef for den vangske skvadron, sidan for den sønnafjellske dragonregiment. Med denne styrken slo han ned uroa mellom bøndene i Hedmark i året 1818. År 1818 vart han overført til kavaleribrigaden. Major i armeen i 1825. Han tok avskjed frå det militære i 1829.

Ved sidan av sitt virke i det militære, arbeidde Ramm i tida etter 1814 som inspektør for den samordna militære og økonomiske oppmålinga.

Ramm var utsending frå Søndenfjeldske Dragonregiment under riksforsamlingaEidsvoll i 1814 og røysta med sjølvstendepartiet.[1]

Han døydde i Vang i Hedmark.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Eilert Waldemar Preben Ramm (1769-1837). Eidsvoll 1814. Vitja 2015-11-20.