Sjølvstendepartiet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Christian Magnus Falsen var leiande talsmann for sjølvstendepartiet.

Sjølvstendespartiet er nemninga som vert brukt om fleirtalsgruppa i Riksforsamlinga på Eidsvoll 1814.

Til sjølvstendepartiet sokna rundt 80 av representantane som møtte på Eidsvoll. Gruppa vart leia av Christian Magnus Falsen, som hadde med seg Georg Sverdrup, Peter Motzfeldt og Wilhelm F. K. Christie. Desse arbeidde for å slå fast at Noreg var eit sjølvstendig rike, fri frå nokon union. Gruppa ynskte også å avgrense riksforsamlingas oppgåve til å utarbeide ei grunnlov og deretter velje ein konge, som for dei var Kristian Fredrik.

Mindretalet i Riksforsamlinga, kalla unionspartiet, tala for ei grunnlov som opna for at ein kunne inngå ein frivillig union med Sverige.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Norsk Allkunnebok IX, 1960