Gullik Madssen Rød

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gullik Madssen Rød
Fødd1786
Holmestrand kommune
Død9. august 1857 (71 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkebonde, politikar
Alle verv
  • stortingsrepresentant (1836–1838)
  • medlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll (1814–1814)
  • vararepresentant til Stortinget (1839–1841)
  • vararepresentant til Stortinget (1842–1844) Sjå dette på Wikidata
Bautaen eller gravminne over Gullik Madsen Røed på kyrkjegarden ved Sande kyrkje i Vestfold. Den vart reist 17. mai 1905. På bautaen står fødeåret 1785, men litteraturen seier 1786.
Foto: Stig Rune Pedersen

Gullik Madssen Rød (17869. august 1857) var ein norsk soldat, gardbrukar og eidsvollsmann.

Rød var fødd i Botne, der faren var gardbrukar. Kring 1812 tok han over garden Bø i Sande i Vestfold etter svigerfaren sin. Han var elles kommandersersjant i sandeske kompani av telemarkske regiment.

I 1814 var Rød utsending frå telemarkske regiment til riksforsamlingaEidsvoll. Der slutta han seg til sjølvstendepartiet. Han «beundret Christian August og saa i Christian Fredrik samlingstegnet for vor nationale selvstændighet.»[1] 17. mai 1814 var han med i deputasjonen som møtte den nyvalde kongen, Kristian Fredrik.

Rød vart vald til å representere Jarlsberg og Larviks amtStortinget i 1836. Han møtte også på det overordentlege stortinget 1836-37. Mellom anna var han medlem av militærkomiteen.

Rød dreiv garden sin i Sande i lang tid. I alle år var han ein mykje nytta rådgjevar, var både prestens medhjelpar og forlikskommissær. Han døydde i Sande i 1857.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Lindstøl:738

Kjelder[endre | endre wikiteksten]