Herman Wedel-Jarlsberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Herman Wedel Jarlsberg

Herman Wedel-Jarlsberg måla av Asta Nørregaard
i 1914 etter ein original av Olof Johan Södermark
frå 1829. Måleriet tilhøyrer Oslo museum.
Fødd21. september 1779
Montpellier i Frankrike
Død27. august 1840 (60 år)
Statsborgar avNoreg
PartiUnionspartiet
YrkeLensgreve til Jarlsberg grevskap,
amtmann i Buskerud 1806–1813, statthaldar,
finansminister, visekonge m.m.
Utdanna vedKøbenhavns Universitet
MorCatharine von Storm
FarFrederik Anton Wedel-Jarlsberg
EktefelleKaren Wedel-Jarlsberg
BarnHarald Wedel-Jarlsberg, Herman Wedel-Jarlsberg, Julie Caroline Helene Wedel Jarlsberg, Peder Anker greve Wedel-Jarlsberg
VervMedlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll
VervStortingsrepresentant 1814, 1824-1826, 1827-1829 og 1830-1832
Alle verv
Godset Jarlsberg hovudgard ligg 3 km nordvest for Tønsberg i Vestfold. Hovudbygninga vart reist etter ein brann i 1699 og bygd om av Herman Wedel-Jarlsberg i 1812.
Bogstad gard kor Karen Wedel-Jarlsberg fødd Anker vaks opp som einaste arving av Peder Anker. Etter Anker døydde gjekk garden og eigedomane over til svigersonen Herman Wedel-Jarlsberg. Gouache av Elias Meyer frå rundt 1790.
Illustrasjon frå boka Norsk Prospect-Samling av Peter Frederik Wergmann. På teikninga ser ein Jarlsberg hovudgard og Sem kyrkje.
Wedel-Jarlsbergmonumentet blei laga av bilethoggaren Hans Michelsen og står på DronningbergetBygdøy i Oslo.
Foto: David40226543

Johan Caspar Herman greve (von) Wedel-Jarlsberg (21. september 177927. august 1840)[1] var ein norsk politikar og adelsmann. Han tilhøyrde slekta Wedel-Jarlsberg og var lensgreve til Jarlsberg ved Tønsberg.

Familiebakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Han vart fødd som nesteldste son av Anton von Wedel-Jarlsberg, greve til Jarlsberg, ein dansk minister av tysk opphav og dansk-norsk diplomat, og Cathrine von Storm. Mora hadde norsk bakgrunn, ho var dotter av stiftsamtmann og kammerherre Caspar von Storm som åtte Det Stormske palé i Christiania, kor ho vaks opp.[2] Bygninga finst framleis og er kjend som den gamle Krigsskulen i Tollbugata.

Barndomen vart tilbrakt på ulike plassar ute i Europa der faren arbeidde som diplomat. Oppveksta til Herman Wedel-Jarlsberg vart prega av vald, faren er omtala i brev som ein tyrann som held alle i huset i eit jarngrep.[2] Etter at den eldste broren døydde i 1787 vart Herman arving til Jarsberggodset og grevetittelen.

I 1797 klarte mora å rømme frå faren, ho fekk med seg dottera Julie og kom seg til København.[3] To år seinare klarte Herman og broren Ferdinand også å flykte. Dei var da 19 og 18 år gamle.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

I København fekk dei støtte og hjelp av moras vener, framfor alt frå finansminister Ernst Heinrich von Schimmelmann og hans kone. Wedel-Jarlsberg studerte jus, statsvitskap og filologi ved universitetet i København. I 1810 gjekk han inn i dansk statsteneste og vart amtmann i Buskerud amt. Etter at faren døydde arva han grevskapet Jarlsberg med Jarlsberg gods ved Tønsberg.

Han gifta seg med Karen Anker i 1807, dotter av godseigar Peder AnkerBogstad gard.[1]

Under den svensk-norske krigen i 1814 danna og leia han eit eige frikorps. Då Kielfreden i 1814 i røynda avstod Noreg til Sverige, gjekk han som medlem av riksforsamlingaEidsvoll inn for samband med Sverige på visse vilkår. Han var vald som førsterepresentant frå Jarlsberg grevskap til riksforsamlinga, dei andre to var sorenskrivar Gustav Peter Blom og gardbrukar Ole Rasmussen Apeness.[4]

I 1822 vart han stilt for riksrett på grunn av eit statslån teke opp i Berlin, men frikjend. Han trekte seg deretter attende til godset sitt. Trass i dette vart han vald inn på Stortinget i 1824-1826, 1827-1829 og 1830-1832.[5] Han vart finansminister i tre periodar; 18. november 1814-august 1816, oktober 1816-oktober 1818 og november 1818-januar 1822.[5] I 1836 vart han utnemnd til statthaldar i Noreg med fullmakt som visekonge.

Den engelske presten Richard Carter Smith vitja «visekongen» på Bogstad gard i 1838[6] og skildra møtet med greven:

« Greven er levende opptatt av alt som skjer, og han lar ingen anledning gå fra seg til å skaffe seg informasjon: ingen utlending som kan gi opplysninger av interesse slipper unna. Greven er ca. 55 år gammel, men ser meget eldre ut da han er svært merket av giktens herjinger, og han har arbeidet hardt hele sitt liv. Han ble utdannet som diplomat i ni år under den danske minister Zimmermann. Senere har han alltid vært aktivt engasjert i norsk og dansk politikk, og han regnes nå som den dyktigste politiker i disse landene. Grev Wedel er kort og tettbygd, med kraftige ansiktstrekk, buskete øyenbryn og store gjennomtrengende øyne. Han er veltalende og snakker på en livlig måte som vitner om stor originalitet og kunnskap. I England har han vært flere ganger og snakker språket flytende. (Det samme er tilfelle med fransk, tysk og svensk.) Han er sterkt knyttet til England. (...) Han var skarpsindig, klartenkt og full av informasjon. Grevens ansikt må ha vært vakkert i yngre år, med kraftige trekk og med meget intelligente øyne. Han snakket med stor takt, men med den utvungenhet som karakteriserer en overlegen intelligens. »

—Richard Carter Smith: Reise i Norge 1838.[7]

Han døydde i Wiesbaden i Tyskland. I 1840 skulle Wedel til Tyskland på kurbad, for å unngå København, der Christian Frederik var konge, reiste han via Ystad i Sverige. Wedel døydde på denne turen til Tyskland.[8]

Etter greven døydde avgjorde kong Karl Johan at det skulle reisast eit monument over han på DronningbergetBygdøy. Oppgåva gjekk til Hans Michelsen som utforma bysten i sink etter dødsmaska til Wedel-Jarlsberg. Monumentet blei avduka i parken av kong Oscar I i 1845. Ved sokkelen ligg ei sørgjande riksløve.[9]

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Wedel-Jarlsberg vart riddar av Dannebrogordenen i 1809 og fekk kommandørkrossen i 1812. I 1815 vart han utnemnd til kommandør av den svenske Nordstjerneordenen og i 1818 til skattmeister ved ordenskanselliet. I 1825 vart han riddar av Serafimerorden og fekk Medaljen for borgardåd i gull.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Herman Wedel-Jarlsberg i Norsk biografisk leksikon
  2. 2,0 2,1 Carl Emil Vogt side 11
  3. Carl Emil Vogt side 14-15
  4. PolSys - Data om det politiske system, arkivert frå originalen 9. juni 2012, henta 21. mai 2014 
  5. 5,0 5,1 Biografisk informasjon om Herman Wedel-Jarlsberg NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
  6. Smith, Richard Carter: Reise i Norge 1838. (Oversatt fra håndskrevet manuskript.) Universitetsforlaget 1976.
  7. Smith, Richard Carter: Reise i Norge 1838. (Oversatt fra håndskrevet manuskript.) Universitetsforlaget 1976, s.83 og s.71.
  8. Andreas Skartveit: "Oss fiendar i mellom", Dag og Tid, 6.juli 2012, s.18.
  9. Wedelmonumentet frå Norsk Folkemuseum