Jacob Erik Lange
Utsjånad
| Jacob Erik Lange | |
![]() | |
| Statsborgarskap | Noreg |
| Fødd | 1767 Bergen |
| Død | |
| Yrke | politikar |
| Språk | norsk |
| Jacob Erik Lange på Commons | |
Jacob Erik Lange (1767–5. april 1825) var ein norsk offiser og eidsvollsmann.
Lange var fødd i Bergen, som son av ein prokurator. Han vart offiser i 1789, premierløytnant i 1798. I 1808 vart han kaptein i 2. trondhjemske infanteriregiment, ti år seinare kompanisjef for trondhjemske gevorbne musketerkorps.
I 1814 var Lange utsending frå regimentet sitt til riksforsamlinga på Eidsvoll. Han gjorde lite av seg i forhandlingane, og er ein av dei som historikarane ikkje veit kvar stod i unionsspørsmålet.[1]
Lange vart tildelt den svenske Sverdordenen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Jacob E. Lange». Eidsvoll 1814. Henta 3. september 2016.
- * Lindstøl, Tallak (1914). «Lange, Jacob Erik». Stortinget og statsraadet: 1814-1914. Kristiania: [Steenske bogtrykkeri]. s. 527.
- Biografisk informasjon om Jacob Erik Lange ved PolSys hos Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør
