Lars Larssen Forsæth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lars Larsen Forsæth av P. Meidell frå 1860. Tilhøyrer Eidsvoll 1814.
Frå DigitaltMuseum

Lars Larssen Forsæth (175912. februar 1839) var ein gardbrukar, klokkar og eidsvollsmann frå Klæbu.

Forsæth var gardbrukar på farsgarden Forset heimbygda Klæbu. Frå 1812 var han i tillegg klokkar i Klæbu. Også med i forlikskommisjonen. Han stod for bygginga av Klæbu kyrkje, og bygde også ei demning i Nidelva. Han er saman med Svend Aspås rekna som arkitekt for Støren kyrkje.[1]

I 1814 var Forsæth utsending frå Søndre Trondhjems amt til riksforsamlingaEidsvoll. Der slutta han seg til sjølvstendepartiet. 17. mai 1814 var han med i deputasjonen som møtte den nyvalde kongen, Kristian Fredrik.

Forsæth vart tildelt både Dannebrog og seinare borgardådsmedaljen. Han døydde på Forset-garden i 1839. Paul Larssen Forsæth var bror hans.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  1. Avisa Fjell Ljom oppgir Lars Forseth mens Kirkesøk oppgir Claus Larssøn Forseth.