Carsten Tank

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Carsten Tank

Statsborgarskap Noreg
Fødd 24. april 1766
Fredrikshald
Død

28. januar 1832 (65 år)
Fredrikshald

Yrke politikar, handelsmannn
Språk norsk
Ektefelle Cathrine von Cappelen
Carsten Tank på Commons

Carsten Tank (24. april 176628. januar 1832) var ein norsk kjøpmann og politikar, statsråd i 1814 og president i lagtinget i 1821.

Tank vart opplært i handel, og var frå om lag 1790 kjøpmann, skipsreiar og trelasthandlar i fødebyen Fredrikshald. Han skal ha eigd over hundre eigedomar, mellom anna eit tobakksspinneri, fleire sagbruk og store skogeigedomar. Ved opprettinga av universitetet gav han 10 000 riksdalar.

Tank var venn av prins Kristian Fredrik som vart konge i 1814 og levde på stor fot. Jacob Aall omtala han som ein som "farer frem med en Bram og en Ostentation som ingen hans Lige". Tank deltok i møte på Eidsvoll den 27. januar, og på nytt 16. februar 1814 (stormannsmøtet). 2. mars 1814 vart han medlem av regjeringsrådet, og vart då saman med Frederik Haxthausen leiar for 1. departementet (finans-). Utnemnd til statsråd 19. mai 1814, tok avskjed 27. juli for å leie forretningane sine i heimbyen.

7. august 1814 overbringa Tank og Peter Hount den svenske kronprins Karl Johan sine forslag til fredsavtale til det hovudkvarteret.

Tank var stortingsrepresentant for Fredrikshald og FredrikstadStortinget 1815-16. Grunna sjukdom møtte han berre i ein del av tingsamlinga. Han var medlem av Lagtinget og ni komitear. Mellom anna var han formann i komiteen om godtgjerdsle til valmenn og stortingsmenn. I 1821 var han representant for Fredrikshald. Han var då president i Stortinget, og formann i fem av stortingskomiteane. Mellom anna var han formann i komiteen om bank- og pengevesen, i komiteen som drøfta om frihamn i Kristiansand, og i komiteten som såg på instruksane for «eligerte mænd». Også på det overdordentlege storting 1822 møtte Tank. Han var då medlem av komiteen om oppgjeret med Danmark.

Krigsåra 1807-14 gjekk handelen heller dårleg for Tank. Pengereduksjonen i 1814 og fleire år med låge prisar på trelast førte til at Tank tapte mykje på transakasjonane sine. I tillegg gjekk større verdiar tapt då Halden by brann i 1826. Formuen gjekk såleis tapt og i desember 1829 gjekk Tank konkurs.

Tank åtte storgarden Rød herregard i Halden, og budde der til han døydde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]