Hopp til innhald

Statsråd Thomas Fasting

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Thomas Fasting

StatsborgarskapNoreg
Fødd25. februar 1769
Vanse
Død

21. november 1841 (72 år)
Christiania

Yrkepolitikar

Thomas Fasting (fødd 25. februar 1769 Lista, død 21. november 1841 i Christiania)[1] var ein norsk sjøoffiser og statsråd. Han var leiar av sjøforsvaret våren 1814, statsråd utan portefølje 13. oktober til 4. november same år, medlem av statsrådavdelinga i Stockholm i sju periodar mellom 1817–1836, og minister for sjøforsvaret i åtte periodar mellom 1815–1839, i tillegg leiar for departementet for hæren i 1828–30 og 1832–33.[1][2]

Før han starta sin politiske løpebane hadde han vore knytt til den danske marinen i 25 år, mellom anna som sjef på orlogsfartøyet «Ærøe» i Dansk Vestindia. Han hadde også vore deltakar under slaget på reden i København i 1801.[1]

Fasting var innehavar av Dannebrogordenen og Sverdordenen.[1]

Statsrådpostar

[endre | endre wikiteksten]
  • 13. oktober 1814 supplert inn i statsrådet etter at Christian Frederik hadde lagt ned krona; utan portefølje; tredde attende 4. november etter kongevalet[3]
  • Frå 31. mars 1815; sjef for det nyoppretta Marinedepartementet
  • Frå november 1817; ved statsrådavdelinga i Stockholm
  • Frå desember 1818; sjef for Marinedepartementet
  • Frå mai 1820; ved statsrådavdelinga i Stockholm
  • Frå august 1821; sjef for Marinedepartementet
  • 1.–21. mai 1824; også sjef for Revisjonsdepartementet
  • Frå august 1824; ved statsrådavdelinga i Stockholm
  • Frå 16. september 1825; sjef for Marinedepartementet
  • Frå september 1826; ved statsrådavdelinga i Stockholm
  • Frå oktober 1826; sjef for Marinedepartementet
  • Frå desember 1828; også sjef for Armédepartementet
  • Frå januar 1830; ved statsrådavdelinga i Stockholm
  • Frå januar 1831; sjef for Marinedepartementet
  • Frå august 1832; også sjef for Armédepartementet
  • Frå juli 1833; ved statsrådavdelinga i Stockholm
  • Frå september 1834; sjef for Marinedepartementet
  • Frå juni til november 1836; ved statsrådavdelinga i Stockholm
  • Frå desember 1836; sjef for Marinedepartementet
  • Avskjed frå statsrådet 17. oktober 1839
  1. 1 2 3 4 Roald Berg. «Thomas Fasting». Norsk biografisk leksikon. Henta 5. mars 2017.
  2. Biografisk informasjon om Statsråd Thomas Fasting ved PolSys hos Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør
  3. Kjelde for statsrådslista er: Debes, Jan (1950). Det norske statsråd: 1814-1949. [Oslo]: Cammermeyer.