Helmer Gjedeboe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Helmer Andersson Gjedeboe (19. februar 178626. september 1854) var ein soldat, trearbeidar, høker, politimann og eidsvollsmann frå Orkdal i Sør-Trøndelag.

Gjedeboe var son av ein gardbrukar i Orkdal. Han tok teneste som soldat i 1804 i Trondheim, åra 1804-18 var han underoffiser i trondhjemske infanteribrigade. I 1814 var Gjedeboe 2. utsending frå regimentet ved riksforsamlingaEidsvoll.

Frå 1818 til 1824 var Gjedeboe trearbeidar, arbeidde mest som dreiar. I 1824 fekk han løyve til å drive brennevinshandel, frå 1831 var han høker. Perioden 1838-50 var han politibetjent. Alle desse åra budde han i Trondheim.

Då han tok avskjed med politietaten, flytta Gjedeboe til Liland i Ofoten. Der, hos sonen som var lensmann, døydde han fire år seinare.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]