Hans Stabel
Hans Stabel | |||
![]() Hans Jacob Stabel på eit måleri frå Eidsvoll 1814 | |||
Fødd | 27. august 1769 Onsøy i Østfold | ||
---|---|---|---|
Død | 7. januar 1836 (66 år) | ||
Statsborgar av | Norsk | ||
Parti | Sjølvstendepartiet | ||
Religion | Den evangelisk-lutherske kyrkja | ||
Yrke | Prest | ||
Verv | Medlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll | ||
Alle verv |
Hans Jacob Stabel (27. august 1769–7. januar 1836) var ein norsk prest og eidsvollsmann.
Stabel var fødd i Onsøy i Østfold, der faren var sokneprest. Sjølv vart han cand. theol. 1792, og personalkapellan heime i Onsøy. Frå 1799 var han residerande kapellan i Slidre i Oppland, til han i 1806 vart sokneprest i Sør-Aurdal i same fylket. I dette embetet vart han verande i seksten år, til han vart sokneprest i Kristiansand, 1822-25. Deretter sokneprest i Østre Toten frå 1825 til han døydde på prestegarden der i 1836.
På riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814 representerte Stabel Christians Amt som 2. deputert. Dei øvrige var sorenskrivar Laurits Weidemann og Anders Lysgaard. Stabel vart rekna til sjølvstendepartiet.
Han hadde ikkje noko eige program for møtet på Eidsvoll. Men han hadde skrive under på Laurits Weidemanns grunnlovsforslag. Sentralt i dette forslaget stod den såkalla «innfødsretten», einast innfødde nordmenn skulle få embete. Til grunn for forslaget låg ei frykt for at storting og embetsverk skulle verte overteke av embetsmenn av utanlandsk opphav.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914, Kristiania, 1914, samt tillæg. B. 1 D. 2 : Biografier L-Ø samt tillæg digital utgåve side 816-817
- Biografisk informasjon om Hans Stabel NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
- Hans Jacob Stabel frå Eidsvoll 1814