Hieronymus Heyerdahl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hieronymus Heyerdahl

Hieronymus Heyerdahl med Nordstjerneordenen og Dannebrogordenen på brystet. Måleri av Christian Olsen etter ein miniatyr. Måleriet tilhøyrer Eidsvoll 1814.
Fødd31. august 1773
Aremark kommune
Død6. mars 1847
Gran kommune
NasjonalitetNoreg
Yrkeprest, politikar, geolog
Alma materKøbenhavns Universitet
EktefelleSophie Fredrikke Johansdatter Schwabe
BarnFredrikke Dorothea Hieronymusdatter Heyerdahl
MedlemDet Kongelige Norske Videnskabers Selskab

Hieronymus Heyerdahl (31. august 17736. mars 1847) var ein norsk prest og stortingsmann.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Heyerdahl var fødd i Aremark, der far hans var sorenskrivar. Han gjekk på latinskulen i Kristiania, og vart student i 1790. I 1794 fullførte han si teologiske utdanning og vart cand. theol. Året etter personleg kapellan i Ringsaker, frå 1799 i lik stilling i Kongsberg. I 1800 utnemnd til residerande kapellan i Toten. Her var han 1804-08 samstundes styrar for eit lærarseminar, einelærar 1804-07. I 1811 oppheldt han seg i København og søkte på embetsstillingar. I 1812 vart Heyerdahl utnemnd til sokneprest i Stjørdal. I dette embetet vart han verande i 23 år, til han i 1835 vart sokneprest i Gran.

Heyerdahl var utsending frå Nordre Trondhjems amt til riksforsamlinga i 1814. Han slutta seg til sjølvstendepartiet, sat i konstitusjonskomiteen.

Heyerdahl var ein dei fremste opplysningsprestane. Ved sidan av prestegjerninga studerte han mineralogi medan han budde i Kongsberg og botanikk i Stjørdal. Dessutan var han ein flink jordbrukar. Han føretok ei rekke vitskaplege undersøkingar, nokre av desse vart publisert.

Han døydde på prestegarden i Gran.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

I 1811 fekk Heyerdahl riddarkrossen av Dannebrogordenen og same år blei han medlem av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab. I 1825 fekk han Nordstjerneordenen av kong Karl III Johan.[1]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Bidrag til en mineralogisk-geognostisk Beskrivelse over Ringsagers og Totens Præstegjelde, 1811

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]