Ole Rasmussen Apeness

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ole Rasmussen Apeness
Ole Rasmussen Apeness av Lund 2.jpg
Ole Rasmussen Apeness
på eit måleri av Hedevig Lund,
tilhøyrer Eidsvoll 1814
Fødd11. februar 1765
Borre i Vestfold
Død14. februar 1859 (94 år)
Statsborgar avNoreg
PartiUnionspartiet
YrkeGardbrukar, soldat og lensmann
VervMedlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll
Minnebauta over Apeness (og Herman Wedel-Jarlsberg) utanfor Sem kyrkje

Ole Rasmussen Apeness (11. februar 176514. februar 1859) var ein norsk soldat, lensmann, gardbrukar og eidsvollsmann.

Apeness var frå Borre i Vestfold. Han vart soldat i 1783, og deltok i felttoget mot Sverige i 1788. Sidan var han underoffiser i fem år. År 1794 vart han lensmann i Borre, eit ombod han hadde i 30 år. Han kjøpte då, 1824, ein gard i Sem, og budde der resten av livet. 1808-45 var han med i forlikskommisjonen. Apeness var haugianar og ein leiarskikkelse i heimbygda si.[1]

I 1814 var Apeness utsending frå Jarlsberg grevskap til riksforsamlingaEidsvoll. Han røysta med unionspartiet.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Ole Rasmussen Apeness». Eidsvoll 1814. Henta 5. mai 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]