Carl Henrik Holten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Carl Henrik Holten
Fødd 7. august 1775
Køge kommune
Død

5. juli 1862
København

Carl Henrik von Holten (fødd 7. august 1775 på Juellund ved Køge, død 5. juli 1862 i Valby i København)[1] var ein dansk gehejmekabinettsarkivar og etatsråd som var statssekretær i det norske regjeringsrådet i 1814.[2]

Holten var utdanna offiser og landmålar og var fleire år i Dansk Vestindia. Da han kom att til heimlandet i 1810 vart han tilrådd til stillinga som sekretær hos statthaldaren i Noreg. Han arbeidde først hos prins Frederik av Hessen, seinare hos tronfølgjaren Kristian Fredrik.[1]

I Noreg budde og arbeidde Holten i Kommandantboligen på Akershus festning der han leia statthaldarsekretariatet, seinare statsrådsekretariatet, fram til hausten 1814 da han vende heim til Danmark.[3]

Da Kristian Fredrik vart utnemd til guvernør over Fyn i 1815 vart han guvernementsekretær for han, ei stilling han hadde fram til Kristian Fredrik tok over den danske trona i 1839. Holten vart da utnemd til gehejmekabinettsarkivar. Etter at kongen døyde i 1848 levde han som privatmann.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Harald Jørgensen. Carl Holten (dansk). 3. utg. av Dansk Biografisk Leksikon, Gyldendal, 1979-84. Den Store Danske Encyklopædi. Vitja 30. april 2017.
  2. Regjeringsrådet/Statsrådet i Norge 2. mars - 27. november 1814. Regjeringa / Statsministerens kontor. Vitja 30. april 2017.
  3. Stab og sekretariat. Arkivverket. Vitja 30. april 2017.