Gregers Wulfsberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gregers Wulfsberg

Statsborgarskap Noreg
Fødd 26. oktober 1780
Tønsberg
Død

23. september 1846 (65 år)
Moss kommune

Yrke jurist, politikar
Språk norsk
Far Jacob Wulfsberg
Gregers Wulfsberg på Commons

Gregers Winther Wulfsberg (26. oktober 178023. september 1846) var ein norsk embetsmann, eidsvollsmann og stortingsmann.[1]

Wulfsberg var fødd i Tønsberg, som son av ein byfut. Sjølv vart han student i 1801, og cand. jur. i 1804. 1805-07 var han tilsett i det danske kanselliet i København, frå 1807 var han auditør ved sønnafjelske infanteriregiment. Han vart i 1811 byfyut og byskrivar i Moss, i tillegg vart han i 1822 konstituert i Moss sorenskriveri. År 1831 vart han amtmann i Smaalenene, eit embete han hadde til han døydde.

I 1814 var Wulfsberg utsending frå Moss til riksforsamlinga på Eidsvoll. Seinare var han stortingsmann i 1824, 1827 og på overordentleg storting 1828. Han var òg suppleant til Stortinget i 1814, 1830, 1833, 1836 og 1839.[1] I 1824 var han formann i redaksjonskomiteen og medlem av bankkomiteen. Både i 1824 og 1827 var han sekretær i komiteen om kjøpstadskatten. I 1828 var han atter formann i redaksjonskomiteen.

Wulfsberg døydde i Moss i 1846.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. B. 1 D. 2 : Biografier L-Ø samt tillæg, side 964-965, digital utgåve