Asgaut Olsson Regelstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Minnesmerke over Asgaut Olsson Regelstad utafor Hesby kyrkje på Finnøy, Rogaland. Minnesmerket er frå 1914.[1]

Asgaut Olsen Regelstad (17618. januar 1847) var ein gardbrukar og eidsvollsmann frå Finnøy i Rogaland.

Regelstad var fødd i Finnøy. Han vart gardbrukar av Reilstad etter far sin. 1816-23 var han lensmann i Finnøy, og prestens medhjelpar. Han var òg i forlikskommisjonen, skulekommisjonen og fattigkommisjonen.

I 1814 var Regelstad utsending frå Stavanger amt til riksforsamlingaEidsvoll saman med Lars Andreas Oftedahl og Christen Mølbach. Han var lite aktiv i forhandlingane, med unnatak for odelsspørsmålet. Han var mellom dei som ville lovfeste odelsretten, dessutan støtta han eit forslag om å selje kyrkjegodset (det benefiserte gods). Truleg høyrde han til unionspartiet, men stemte ikkje saman med dei i alle saker.[2][1]

Han døydde på garden sin i 1847. Garden finst framleis, men berre eit stabbur frå 1740-åra er att frå den tida Regelstad budde her.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Bjørkvik, Halvard: Finnøy gard og ætt I, 1993
  • Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
  1. 1,0 1,1 1,2 Hans Eyvind Næss (2014) «Asgaut Olsen Regelstad og Reilstad gård på Finnøy» – i: De kom fra alle kanter. Eidsvollsmennene og deres hus (red. Jørn Holme), s. 363—364 – Cappelen Damm, Oslo. ISBN 978-82-02-44564-5.
  2. Asgaut Olsen Regelstad (1761-1847). Eidsvoll 1814. Vitja 28. juni 2015.