Tema:Noreg i 1814

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
endre  

Velkommen til temasida om Noreg i 1814

1814 i Noreg var prega av at unionen med Danmark vert oppheva, grunnlova vedteken og at landet kom i ein ny personalunion med Sverige.

Temasida syner eit utdrag av nokre av emna om 1814 og er ein inngang til artiklane om hendingar, personar og stader som sette sitt preg på året.


Utvald artikkel

Eidsvollsbygningen er ein bygning på Eidsvoll Verk i Eidsvoll kommune i Akershus som Riksforsamlinga disponerte i 1814 for å utarbeide og gjere vedtak om grunnlov for Noreg: Kongeriget Norges Grundlov. Det var i Eidsvollsbygningen prins Kristian Fredrik blei vald til konge av Noreg.

Eidsvollsbygningen var tidlegare hovudbygninga på Eidsvoll Jernverk, og kalla Eidsvoll Verk. Saman med Wergelands Hus, Nordre Paviljong, Søndre Paviljong, Vognremissen, Konservatorboligen og parken som omkransar eigedomen utgjer Eidsvollsbygningen med inventaret det nasjonale minnesmerket over Riksforsamlinga i 1814. Bygningen blir forvalta av stiftinga Eidsvoll 1814, ei avdeling av Norsk Folkemuseum. Les meir...


Utvald bilete

Fullmakt for representantar frå Akershus amt til Riksforsamlinga på Eidsvoll.
Dokumentet er ein del av Noregs dokumentarv.


Utvald biografi

Georg Sverdrup (25. april 17708. desember 1850) var ein norsk professor, universitetsbibliotekar og politikar. Han var den første professoren i klassiske fag i Noreg og hovudansvarleg for oppbygginga av Universitetsbiblioteket.

Under det dramatiske året 1814 gjorde han ei stor innsats; under stormannsmøtet på Eidsvoll lukkast han i å hindre Kristian Fredrik sin plan om å krevje den norske trona som følgje av prinsippet om kongeslekta si arverett til den dansk-norske trona. På riksforsamlingaEidsvoll var han ein av dei leiande personane i sjølvstendepartiet. Les meir...

Nye artiklar

12.11: Holla kyrkjeruin 26.09: Lyngen kyrkje 11.09: Tranøy kyrkje · Vanse kyrkje · Valle kyrkje i Lindesnes · Egersund kyrkje 25.08: Nykirken 25.05: Ole Detlevsen 30.04: Carl Henrik Holten 15.09: Bakke kyrkje i Flekkefjord

Commons og kategoriar

Commons har multimedium som gjeld: 1814 i Noreg

Visste du at ..



Hovudtema på Nynorsk Wikipedia

Geografi Historie Kultur Vitskap Samfunn


Alle temasider...