Hopp til innhald

Sivert Pålsson Bratberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sivert Pålsson Bratberg
Fødd1780
Beitstad i Nord-Trøndelag
Død27. juni 1816 (36 år)
Statsborgar avNoreg
PartiSjølvstendepartiet
YrkeLærar og gardbrukar
VervMedlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll
Alle verv
  • medlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll (18141814) Sjå dette på Wikidata

Sivert Pålsson Bratberg (178027. juni 1816) var ein norsk lærar, gardbrukar og eidsvollsmann frå Solberg sokn i Beitstad i Nord-Trøndelag.[1]

Bratberg var i yngre år omgangsskulelærar i Solberg. Sidan var han gardbrukar på garden Velde i heimbygda. I 1814 var han utsending frå Nordre Trondhjems amt til riksforsamlingaEidsvoll.[2]

Det er noko uklårt kva for eit parti han stemde med, Eidsvoll 1814 oppgjer at det er ukjend og Store norske leksikon skriv at han moglegvis tilhøyrde Sjølvstendepartiet.[3][4]

Han døydde på garden sin sommaren 1816, etter å ha vorte sparka av ein hest.[1]

I 1914 blei det reist eit minnesmerke over Bratberg og eidsvollmannen Daniel Larsson Skjevik på Solberg gamle kyrkjegard på Beitstad i Steinkjer.[5]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1 2 Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet, Kristiania, 1914. B. 1 D. 1 : Biografier A-K digital utgåve side 123
  2. Biografisk informasjon om Sivert Pålsson Bratberg ved PolSys hos Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør
  3. «Sivert Paulsen Bratberg». Eidsvoll 1814. Henta 5. mai 2017.
  4. Sivert Paulsen Bratberg i Store Norske Leksikon
  5. Solberg gamle kirkegård frå Steinkjerleksikonet