Hans Haslum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fotografi av Hans Haslum
Frå DigitaltMuseum

Hans Haslum (8. november 17895. juli 1875) var ein soldat, eidsvollsmann, gardbrukar og lensmann, postopnar og ordførar.

Haslum var frå Bærum i Akershus, der far hans var gardbrukar. Han vart dragonkorporal i 1805. 1807 gjekk han over i artillerikorpset, og var i 1814 sersjant ved 10. artillerikompani. Han deltok i krigen mot Sverige hausten 1814, var med i kampane ved Kjølberg bru.

Tidlegare i 1814 var han med i riksforsamlingaEidsvoll som representant for artillerikorpset.

I 1816 avlutta Haslum militærtenesta, då han vart gardbrukar på bruket Nordre Ås i Ås i Akershus. Han var mellombels lensmann 1821-23 og ordførar 1838-42, den fyrste ordføraren i Ås. Året etter, 1843, vart han gardbrukar på Oppsal i Kråkstad i Akershus. Han busette seg i 1848 hos ein son i Aker. Frå 1857 var han oppsynsmann for Eidsvollsbygninga med ei løn på kr 600,-. I 1864 var Haslum ein av fire eidsvollsmenn som på Eidsvoll tok del i feiringa av 17. mai 1814.

Han døydde på Eidsvold Værk.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]