Nicolai Scheitlie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nicolai Scheitlie

Statsborgarskap Noreg
Fødd 24. juni 1753
Christiania
Død

4. april 1824 (70 år)

Yrke politikar
Språk norsk
Nicolai Scheitlie på Commons

Nikolai Scheitlie (24. juni 17534. april 1824) var ein norsk magasinforvaltar, eidsvollsmann og stortingsmann.

Scheitlie var fødd i Kristiania, der far hans ei tid var prokurator. Han var han fullmektig hos berghauptmann Hjort på Kongsberg, før han i 1780 vart kongeleg magasinforvaltar for opplagsmagasinet i Drammen. Denne stillinga hadde han fram til 1802, då han etter omlegging av forsyningane kom på vartpengar. Men han beheldt ein post som kommisjonær for Kongsberg sølvverk og for BlaafarveværketModum.

Scheitlie var utsending frå Drammen til riksforsamlingaEidsvoll i 1814. Han var der knytt til sjølvstendepartiet.[1]

I 1818 var han stortingsmann for Drammen, var då medlem av sju komitear. Mellom komiteane fann ein både om Kongsberg sølvverk, om Røros koparverk og om bergverkslova.

Heimen hans frå 1789 - Scheitliegarden i Drammen - finst framleis.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Nicolai Schejtli (1753-1824)». Eidsvoll 1814. Henta 20. november 2015. 
  2. Jo Sellæg (2014). «Nicolai Scheitlie og Scheitliegården i Drammen». I Jørn Holme. De kom fra alle kanter - Eidsvollsmennene og deres hus. Cappelen Damm. s. 212-214. ISBN 978-82-02-44564-5.