Petter Johnsen Ertzgaard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Petter Johnsen Ertzgaard
Petter Johnsen Ertzgaard 2.jpg
Fødd 13. august 1784
Stjørdal
Død

7. februar 1848
Stjørdal

Petter Johnsen Ertzgaard på Commons

Petter Johnsen Ertzgaard (13. august 17847. februar 1848) var ein norsk gardbrukar, kvartermeister og eidsvollsmann frå Stjørdal i Nord-Trøndelag. Han er i dag best kjent som den av eidsvollsmennene som kom lengst nordfrå.

Ertzgaard gjorde teneste som underoffiser i det strindenske kompani frå 1807 til 1817, deltok i 1809 som furer under felttoget i Jämtland. Ertzgaard overtok farsgarden Ersgard i 1816, og dreiv sidan denne.

Ertzgaard vart i 1814 vald til 2. representant frå trondhjemske dragonkorps til riksforsamlingaEidsvoll. Han røysta med unionspartiet, men deltok ikkje aktivt i debattane.

Både i 1830 og i 1833 representerte Ertzgaard Nordre Trondhjems amtStortinget. På begge tingsamlingane var han medlem av militærkomiteen, i 1833 var han elles medlem av Lagtinget. Som stortingsrepresentant røysta Ertzgaard mellom anna, som ein av få bønder, imot Halvor Olaus Christensen sitt forslag om fast avisporto. Han var valmann frå 1814 til og med 1845.

I 1837 vart Ertzgaard vald inn i det fyrste heradstyret i Stjørdal, var varaordførar 1838 og 1839. Han var i lang tid prestens medhjelpar i Værnes, og medlem av bygdekommisjonen. Forlikskommissær frå 1830.

Ertzgaard var ein nær venn av John Neergaard, og var opphavsmann til det som var skrive på selbudialekt i Neergaards bok En Odelsmanns Tanker om Norges nærværende Forfatning («Olaboka»).

Etzgaard døydde på Ersgard i 1848. Ein bauta over han vart reist på kyrkjegarden på Værnes i heimkommunen Stjørdal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
  • Løkken, Hans Olav: Stjørdalens krønike, bind II.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]