Anders Tyvand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Anders Tyvand (fødd 19. mai 1980) er ein journalist og politikar for Kristeleg Folkeparti, fødd i Kragerø. Sidan 2013 er han stortingsrepresentant for Vestfold fylke.

Tyvand er utdanna i medievitskap ved Institutt for Medier og Kommunikasjon ved Universitetet i Oslo. Han leverte ei masteroppgåve knytt til forskningsprosjektet Til rikdom og besvær: petroleumssektorens nye omdømmeproblematikk. Tyvand har vore journalist i avisene Vårt Land og Tønsbergs Blad. Dessutan har han vore politisk rådgjevar på Stortinget for Kristeleg Folkeparti. Han er sidan 2011 medlem av bystyret i Tønsberg, der han har vore nestleiar i hovudutvalet for born og unge.

Tyvand var Kristeleg Folkeparti sin fyrstekandidat i Vestfold ved stortingvalet 2013. Han vart innvald på eit utjamningsmandat, på Tinget fekk han plass i Kyrkje-, utdannings- og forskningskomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Stortingsbiografi]