Odd Omland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Odd Omland (fødd 29. januar 1956) er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet. Han er stortingsrepresentant for Vest-Agder fylke frå 2013.[1]

Omland var ordførar i Kvinesdal kommune frå 2003 til 2013. I kommunevalet i 2007 vart han valt på nytt med over 67 % av stemmene i det direkte ordførarvalet, i kommunen der han har vore kommunestyre-representant sidan 1980. Ved stortingsvalet 2009 var Omland andrekandidat til Arbeidarpartiet frå Vest-Agder, og han vart dermed den første vararepresentanten frå partiet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]