Snorre Valen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!
Snorre Valen i 2008.
Foto: SV

Snorre Serigstad Valen (fødd 16. september 1984 i Oslo) er ein norsk politikar (SV) og musikar. Han er førstekandidat for Sør-Trøndelag SV ved stortingsvalet i 2009. Valen jobbar i dag som kommunikasjonsansvarleg ved NTNU Samfunnsforskning AS.

I 2007–08 var Valen dagleg leiar i det kortlevde forsøket på å gjenopplive Arbeideravisa i Trondheim.

Valen sat i fylkestinget for Sør-Trøndelag SV og i Trondheim bystyre for Trondheim SV frå 2003 til 2007 og leia i denne perioden utdannings- og velferdskomiteen i Sør-Trøndelag fylkesting.

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Valen er pianist og songar og har bakgrunn i Nidarosdomens Guttekor og musikklinja på Trondheim katedralskole. Han spelte i perioden 2004–08 i bandet Gallery og gav ut éi plate med gruppa. Han speler no i elektronika-gruppa Amish 82 og bluesbandet Peevish Penfriend.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Snorre Valen