Kåre Simensen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kåre Simensen (fødd 30. august 1955 i Alta) er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Han vart valt inn på Stortinget ved valet i 2009, som andrekandidaten til Arbeidarpartiet frå Finnmark fylke. Simensen var ved valet fylkesråd i Finnmark og dessutan varaordførar i Alta, eit verv han har hatt sidan 2007.
Kåre Simensen er utdanna IT-ingeniør frå Gjøvik ingeniørhøgskole og har dessutan leiarutdanning innan økonomi.
Stortingskomitear [endre]
- 2009–: medlem av familie- og kulturkomiteen