Sylvi Graham
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sylvi Graham (fødd 17. desember 1951) er ein norsk politikar for Høgre. Ho blei vald inn på Stortinget for Akershus i stortingsvalet 2009.
Ho var ordførar i Oppegård kommune i Akershus frå 1995 til ho blei vald inn på Stortinget i 2009. Ho hadde då site i kommunestyret frå 1980, og vore medlem av formannskapet frå 1988. I 2004 blei ho utnemnd til statssekretær for Jan Petersen i Utanriksdepartementet.
Sylvi Graham har førskulelærarutdanning og har arbeidd i barnehage, i Blindeforbundet og i Norges Røde Kors.
Stortingskomitear[endre]
- 2009–2013 medlem i Arbeids- og sosialkomiteen
Kjelder[endre]
- Sylvi Graham hos Stortinget
| Føregjengar Bjørn Kristiansen |
Ordførarar i Oppegård 1995–2004 |
Etterfylgjar Gunnar Melgaard |
| Føregjengar Gunnar Melgaard |
Ordførarar i Oppegård 2005–2009 |
Etterfylgjar Ildri Eidem Løvaas |