Ingebjørg Godskesen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Foto: FrPMedia

Ingebjørg Amanda Godskesen (fødd 26. mai 1957 i Kristiansand) er ein norsk politikar frå Framstegspartiet. Ho har sete på Stortinget for Aust-Agder fylke sidan 2009, då ho var 1. kandidat for Aust-Agder Framstegsparti. Godskesen sat i Arendal bystyre frå 2003 til 2009, og var medlem av planutvalet og formannskapet, i tillegg til miljø-, kultur- og næringskomiteen i kommunen. Ho har også vore fylkesstyremedlem i KS Agder.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Godskesen har fagbrev innan økonomi frå Økonomisk Gymnas fra 1977, og har fullført studium i data og internett frå Universitetet i Agder frå 1978. Ho jobba innan administrasjon og kontor i NSB frå 1977 til 1986, då ho starta firmaet ABC-Text Økonomi. Ho gjekk over til å vere salskonsulent for Dagligvareservice i 1995. Frå 2003 var ho tilsett på heiltid som distriktssekretær i Framstegspartiet, og trådde til som regionsekretær frå 2007.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ingebjørg Godskesen