Wikipedia:Samfunnshuset/Kjellar for 2007

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Det som står under er kopiert inn frå Wikipedia:Samfunnshuset av --Ranveig 00:59, 12 oktober 2007 (CEST)

Pågåande drøftingar[endre wikiteksten]

Meldingar, ymse[endre wikiteksten]

Setje inn eksternt bilete[endre wikiteksten]

Er det mogleg å setje inn bilete frå andre plassar enn internt i Wiki-samfunnet? Dersom eg ynskjer å setje inn t.d. http://upload.wikimedia.org/fundraising/2006/meter.png i ein artikkel, korleis gjer eg det? --Zalofigth 18:55, 12 januar 2007 (CET)

Så vidt eg veit må du enten sette inn ei lenkje til den eksterne sida biletet ligg på, eller laste opp biletet her først. Ikkje finst det andre vegar... --Ekko 17:50, 13 januar 2007 (CET)


Rydding[endre wikiteksten]

Alle debattar som blei starta før 31. desember 2006 og fortsatt låg her er no lagde i Wikipedia:Samfunnshuset/Kjellar for 2006. Om nokon har lyst til å sortera dei meir, må dei gjerne gjera det. Det er sjølvsagt òg heilt greitt å ta opp emne igjen. Syntest berre det var blitt litt kaotisk her. --Ranveig 15:01, 15 januar 2007 (CET)

Bruk av beskytta bilder – initiativ til ny politikk[endre wikiteksten]

Eg har posta følgjande innlegg på Wikipedia:Tinget på bokmåls-Wikipedia, og eg inviterer folket her til å ta del i ordskiftet der (óg).

I dag kan vi ikkje nytte bilete som er beskytta av opphavsrett. Det har vore ei etablert sanning at vi manglar dei juridiske provisjonar som dei har på mellom anna engelsk Wikipedia, der dei med [henvisning] til «fair use»-reglar svært liberalt kan nytte slikt ufritt materiale på dei vilkår at gitte kriterium er stetta.

Sist sommar, etter å ha lese artikkelen om sitatretten på bokmål, posta eg eit spørsmål på diskusjonssida om ikkje dette prinsippet i realiteten gir oss den same juridiske ryggdekning som dei land som har «fair use». For meg syntest det som om desse to doktrinane eigentlig berre var to ulike navn på noko som i røynda var det same fenomenet.

Nå har Gobiman utvida artikkelen, blant anna med fokus på denne problemstillinga. Sjølv om spørsmålet framleis ikkje er avklart, meiner eg vi no er komne til det punkt at vi burde kunne drøfte saka på Tinget (og i Samfunnshuset). Det er liten tvil om at bokmåls- og nynorsk Wikipedia ville få ein gedigen turboboost dersom vi i vesentleg større grad enn no fekk høve til å illustrere aktuelle personar og kommersielle fenomen (t.d. underhaldningsindustrien).

Eg postar dette samstundes på Wikipedia:Tinget og her på nynorsk Wikipedia med invitasjon til båe sine brukarar om å ta del i denne diskusjonen. __meco 09:34, 18 januar 2007 (CET)

Om eg ikkje hugsar heilt feil, så er det unntak frå denne automatiske sitatretten for oppslagsverk av rein allmenn natur — altså generelle leksikon av typen Wikipedia. -- Olve 10:26, 18 januar 2007 (CET)
Her:
«Åndsverkloven § 23 kan offentliggjorte kunstverk og fotografier gjengis i tilslutning til teksten i kritisk eller vitenskapelig fremstilling som ikke er av allmennopplysende karakter. Forutsetningen er at dette skjer i samsvar med god skikk og i den utsterkning formålet betinger. Det samme gjelder offentliggjort fotografi mot vederlag gjengis i kritisk eller vitenskapelig fremstilling av allmennopplysende karakter og til klargjøring av teksten i skrifter bestemt til bruk i opplæring. Når det gjelder offentliggjort personbilde kan disse gjengis i skrift av biografisk innhold.» [1]
Formuleringa “kritisk eller vitenskapelig fremstilling som ikke er av allmennopplysende karakter” ekskluderer t.d. Wikipedia frå denne sitatretten. -- Olve 10:35, 18 januar 2007 (CET)
Dette var nytt for meg, og eg er samd i at det synest som at åndsverklova her tettar igjen det [smutthol] det kunne sjå ut som vart gjeve gjennom sitatretten. __meco 18:04, 18 januar 2007 (CET)
§ 23 gjev ikkje heimel for å bruke verna bilde i Wikipedia. Regelen er ein tvangslisens som gjev rett til å bruke bilde i kritiske og vitskaplege framstillingar som IKKJE er av allmennopplysande karakter. Det typiske dømet på slik bruk er faglitteratur om eit spesifikt og avgrensa emne. Wikipedia er typisk av allmennopplysande karakter, og fell dermed ikkje inn under tvangslisensen i 1. ledd. 1. ledd, 3. punktum gjeld bruk i lærebøker, og Wikipedia er heller ikkje det. Gundadjupvik 00.18, 22 januar 2007


Midtstilling av tekst[endre wikiteksten]

Er det noko gale med datamaskinen min no? I alle artiklar vert teksten midtstilt i staden for vanleg venstrejustering. Dette er rotete og vanskeleg å lese. Må det vere slik? --193.71.148.2 14:24, 18 januar 2007 (CET)

Håper ikkje det.195.1.55.81 14:40, 18 januar 2007 (CET)
Det same skjedde med meg i natt, då eg ikkje var pålogga med brukarnamnet mitt. Eg vart heile tida kasta av. Var generelt noko rart med heile internet hos meg (og andre) i går kveld og natt. Nokre sider virkar heilt fint. Andre sider virka ikkje i det heile tatt (som wikipedia ei stund), og andre sider igjen gjekk uendeleg tregt (som wikipedia i periodar seinare på natta). Og ofte vart eg som sagt avlogga, og då var all tekst midtstillt. Merkeleg syns eg, men så snart eg logga meg på igjen vart all tekst venstrestilt igjen. Håpar det ikkje vert slik fast, at teksten vert midtstilt om ein ikkje er pålogga med brukarnamn, for det var særs uoversiktleg. --Frokor 15:02, 18 januar 2007 (CET)
Oppriktlig talt... Det er det verste jeg har sett. 84.202.133.179 16:06, 18 januar 2007 (CET)
Det ser håplaust ut, logga av for å teste, og alt tekst vart midtstilt. Nokon som veit årsaka til dette? Og kvifor det berre gjeld nynorsk wikipedia? Dei andre eg testa var heilt fine. --Frokor 17:11, 18 januar 2007 (CET)
Endre sitenotice slik at det står en advarsel at pedia er fucka. 84.202.133.179 18:55, 18 januar 2007 (CET)

Tja, alt har sett greit ut for meg i ein time no. Men så nyttar eg Opera òg. --Ekko 19:02, 18 januar 2007 (CET)

Eg nyttar Firefox, og det er framleis det same både der og IE når ein ikkje er pålogga. Skal det halde fram slik oppfordrar det ikkje akkurat til bruk av nn-wiki for personar som ikkje er brukarar, for det ser verkeleg ikkje bra ut. --Frokor 19:07, 18 januar 2007 (CET)
Übercoolt! Hva med å sette teksten til blinkende i tillegg? =) 213.187.175.58 19:11, 18 januar 2007 (CET)

Oppsumering herifrå: Opera: Alt vel anten eg er logga inn eller ikkje. IE: Stygg logo, elles alt OK når eg er logga inn. Midtstilt når eg ikkje er logga inn, framleis stygg logo. Bruk Opera. --Ekko 19:22, 18 januar 2007 (CET)

Problemet var ein </div> som mangla i Sitenotice. Sjå [2]. Kjetil Ree 21:52, 18 januar 2007 (CET)

Understreking av lenkjer (peikarar)[endre wikiteksten]

De har sikkert diskutert desse strekane under raude og blå lenkjer, og konkludert med at nynorsk wikipedia skal ha desse strekane. Men eg synest no dei gjer for mye av seg og forstyrrer lesinga. Og så slo deg meg nettopp at ingen annan wikipedia eg har lese brukar desse lenkjestrekane. Det er truleg fordi teksten kjem best fram utan.Knut 21:55, 26 januar 2007 (CET)

Det er jo brukaren sjølv som avgjer det, i "innstillingane mine". Så vidt eg kan sjå er default-verdien på nb: og nn:, av på en:, de:, sv: og da:. Greit nok å endre grunninnstillinga. --Ekko 22:51, 26 januar 2007 (CET)
Prøv å logge ut på nb:, så forsvinn understrekingane der òg, og nn: blir dermed det einaste eksemplet av dei du viser til som faktisk har denne understrekinga som standard. -- Olve 23:07, 26 januar 2007 (CET)
Eg greidde det ikkje (slo av raudfargen OG streken, men slik vil eg ikkje ha det). Men dette er også eit spørmål om korleis vår wikipedia skal framstå for gjestane. Knut 23:19, 26 januar 2007 (CET)

Skal vi fjerne lenkjeunderstrekinga?

  • For For -- Olve 22:34, 26 januar 2007 (CET)
  • For For -- Knut 23:19, 26 januar 2007 (CET)
  • For For -- Kjetil Ree 23:41, 26 januar 2007 (CET)
  • For For --Frokor 00:12, 27 januar 2007 (CET)
  • For For --EIRIK\diskusjon 01:30, 27 januar 2007 (CET)
  • Nøytral Nøytral, men hellande mot For For -- Strekmangel kan vera eit problem for fargeblinde og nokre ordblinde. Men dei kan jo endra innstillingane sine, dei òg. --Ranveig 16:00, 27 januar 2007 (CET)
  • Imot Imot --Tannkrem 19:33, 27 januar 2007 (CET)
  • For For --Bep 20:12, 27 januar 2007 (CET)
  • Nøytral Nøytral Einig med Ranveig, for nokre er faktisk streken god å ha. Merkar det på meg sjølv, har eg hatt ein lang dag utan lesebrillene er strek bra. --Ekko 21:43, 27 januar 2007 (CET)

Det vart bra! :)Knut 17:13, 30 januar 2007 (CET)

Ja, eg la altså inn understreking-berre-når-ein-peikar-på-lenkja i mediawiki:Monobook.css. Det er mogleg å slå på understreking alltid i brukarinnstillingane, eller bytta til ein annan drakt. --Ranveig 02:14, 11 februar 2007 (CET)


Siste endringar[endre wikiteksten]

Eg synst vi burde kunne endre på sida "Siste endringar" slik at ho blir meir lik bokmålssida. Eg trur det kan vere fornuftig å ha konkrete oppgåver der. Det er større sjanser for at artiklar blir forlenga, eller skrive om ein ikkje må klikke fleir egonger for å komme til øsnkeliste osb. stykkjet 15:15, 29 januar 2007 (CET)

Einig. Det er på tide med ei overhaling av Siste endringar-sida (og mykje anna). --Ranveig 00:40, 30 januar 2007 (CET)

Amerika-kategoriar[endre wikiteksten]

Ser denne diskusjonen har vore oppe til diskusjon før, der konklusjonen ser ut til å vere at det vert for rotete om ein deler inn kategoriane i ein «nordamerikansk» og ein «søramerikansk» kategori. Eg må sei meg litt ueinig her. Når ein først har delt inn t.d. byar i «Byar i Afrika», «Byar i Europa» osv, kvifor skal det då verte meir uoversiktleg å ha kategoriane «Byar i Nord-Amerika» og «Byar i Sør-Amerika» (som i seg sjølv vil vere to svære kategoriar)? Både engelsk- og bokmålutgåva har delt kategoriar (t.d. geografi) inn i desse to, der Amerika-kategoriane viser vidare til «Nordamerikansk geografi», «Søramerikansk geografi» osv. Eg ser ikkje kvifor nynorsk-utgåva skal skilje seg ut på dette området, og eg trur det vil virke meir rotete for personar som brukar alle tre utgåvene når nn-wiki har eit anna kategorisystem enn nb og en. Eg tar for øvrig gjerne på meg eit oppryddingsarbeid her. --Fro «Heller ein kategori for mykje enn ein for lite» kor 16:11, 29 januar 2007 (CET)

Eg har før hevda at det er Amerika som er rekna som ein verdsdel på norsk, men ein titt i Caplex viste at dét er det Sør- og Nord-Amerika som er. Eg må nok friska opp barnelærdommen... og du må gjerne ta fatt på den jobben for min del.
Dette problemet kan løysast ved å nytte omgrepet verdsregionar i staden for verdsdelar. __meco 08:47, 3 februar 2007 (CET)
Eg har òg tenkt litt på USA-problemet. «Amerikansk» er fleirtydig, og nokre stader er det nyttig å kunne bruka det om verdsdelane. I desse tilfella har me pleid å ha kategoriar som heiter «... frå USA», medan alle andre kategoriar bruker adjektiv. Kanskje me kan innføra «USA-amerikanske» i staden? Dette er altså eit ord som er føreslått av Språkrådet. --Ranveig 00:47, 30 januar 2007 (CET)
Har aldri høyrt om uttrykket «USA-amerikanske» før, men eg syns det høyres ut som ein god ide. Og då får me det konsekvent for alle land. Visst ingen andre har innvendingar, så set eg i gong med å rydde opp. --Frokor 12:16, 30 januar 2007 (CET)

Blokkeringsmalar[endre wikiteksten]

Hallo! Eg ser at to nye malar er i bruk:

Kanskje vi burde bli inspirert av fylgjande malar på bokmålswikipediaen?

Døme på bruk:

--KRISTAGAα-ω 18:35, 30 januar 2007 (CET)

God idé. --Tannkrem 19:36, 31 januar 2007 (CET)

100 000+ artiklar på Wikipedia på finsk[endre wikiteksten]

Wikipedia på finsk runda 100 000 artiklar i dag. Gratulerar. --Jorunn 23:08, 11 februar 2007 (CET)

Blokkering av bidragsytarar[endre wikiteksten]

Me er no blitt så mange administratorar at blokkeringspraksisen byrjar å sprike kraftig. Skal me ha ei lita drøfting omkor lenge me blokkerar for kva og kvifor? Eg synest t.d. at blokkeringar over ein månad knapt bør nyttast, anna enn ved særs iltert hæverk og trakassering. --Ekko 11:25, 13 februar 2007 (CET)

Eg er for at vi bør ha ei slik drøfting, men Ekko, dersom ein har vore blokkert 3-4 gangar før og held fram, synes eg at vi absolutt bør bruke lange blokkeringar. Seinast i dag formiddag blokkerte eg ein anonym brukar i eit år. --Cato 12:05, 13 februar 2007 (CET)

Eg er tvilande til å blokkere skule-IP-adresser lange tider (meir enn til timen eller til skuledagen er slutt), sjølv når det aldri har kome noko anna enn tull og vas frå adressa. Blokkering skal brukast til å hindre hærverk eller anna uønskd aktivitet, ikkje som straff, og neppe verkar blokkering som straff heller. Eg kan vanskeleg tru at gjennomsnittsskuleeleven tykkjer det er det minste fårleg at skulen er blokkert frå å redigere her. Dei som vert plaga av det er mest truleg ikkje dei som var tiltenkt straffa. Men det kan hende at skulen vil vere interessert av å få vite om det, og at ein e-post eller telefon til rett stad vil kunne ha effekt.
Når det er sagt må det også seiast at om alle skular som er blokkerte på Wikipedia på bokmål heller kjem hit, vil det verte for mykje også her, det er veldig mykje av rabling i skuletida der.
Viss det gjenteke kjem slikt som ser ut til å vere uthenging/mobbing av medelevar stiller det seg anleis. Det skal ikkje få føregå, og om naudsynt kan det blokkerat lenge og vel. Eg har byrja å sende e-post til kommunen eller skulen eller internettleverandøren når eg ser slikt.
Når det tydeleg er sokketeater/trolling som føregår er det ingen grunn til å late sånne kontoar vere opne, men i utgangspunktet skal alle kunne redigere her. --Jorunn 12:16, 13 februar 2007 (CET)
Eg er samd med Ekko og Jorunn. Lange blokkeringar er ikkje lurt på IP-adresser som mange brukar. Å blokkera ein skule i eit heilt år berre fordi eit par elevar legg inn tull på wikipedia, synest eg ikkje er særleg lurt. Første gangs blokkering bør i alle høve ikkje vera lang, folk må få lov til å gjera feil utan at dei skal stengjast ute på livstid. Og den blokkerings- og slettepraksisen dei har på bokmål, ser eg ikkje noko poeng i å adoptera.
Men me burde kanskje bruka korte blokkeringar oftare, og vera flinkare til å leggja inn åtvaringar på diskusjonssidene til dei anonyme vandalane kvar gong dei legg inn tull. Om dei får tilvising til sandkassen første gongen, varsel om blokkering andre gongen og ein kort blokkering tredje gongen, vil me framstå som meir seriøse, trur eg. Til dømes i tilfellet Rodelero tok det altfor lang tid før blokkering vart aktuelt, sjølv etter mange åtvaringar. --Tannkrem 13:30, 13 februar 2007 (CET)
Eit anna poeng her eg meiner er svært viktig er at eg tvilar på at vi mistar så mange skikkelege bidrag ved å blokkere skule-IP-ar. Sjølv om vi blokkerer ei adresse kan ho brukast til lesing i leksikonet og det er vel det som er det mest sentrale når det gjeld skulebruk? Altså, blokkering fører ikkje til anna enn utestenging frå å endre på artiklar, ikkje å lese dei. --EIRIK\diskusjon 14:48, 13 februar 2007 (CET)

Tannkrem Om du siktar til den blokkeringa eg føretok tidlegare i dag, så var det 4 gangs blokkering. Elles er eg 100% eining med Eirik i dette tilfellet. --Cato 14:50, 13 februar 2007 (CET)

No er det òg slik i motsetnad til tidlegare at ein kan velja å blokkera berre ikkje-registrerte brukarar, og velja om ein vil opna for brukarregistrering. Om ein gjer det slik kan registrerte brukarar logga på, og ikkje-registrerte brukarar har høve til å registrera ein brukar. Dermed skulle det ikkje vera fullt så farleg å blokkera ei IP-adresse på denne måten over litt tid. --Gunnernett 15:00, 13 februar 2007 (CET)
Eirik: Nei, me misser sikkert ikkje mange bidrag ved å blokkera slike IP'ar. Men det kjem då eitt og anna seriøst bidrag frå skuleelevar òg, dei vil eg heller ha enn å ikkje ha. Eg synest ikkje problemet er så stort (iallfall ikkje enno) at me treng blokkera dei i meir enn nokre dagar, veker eller i verste fall ein månad eller to. Når det gjeld lesing kontra skriving, meiner eg at ein lærer meir av å skriva om eit emne enn å lesa om det. Og då eg gjekk på skulen, var dette ei utbreidd oppfatning hjå lærarar òg. Så at elevar har høve til å utdjupa eller retta artiklar dei les, er ein positiv ting.
Cato: Eg sikta ikkje til noko spesielt, eg meiner dette generelt. Men også i dette høvet, med fjerde gangs blokkering, meiner eg det burde halda med nokre få månader.
Gunnernett: Eg reknar med at dei fleste registrerte brukarar byrja som anonyme brukarar. Det gjorde iallfall eg. --Tannkrem 00:49, 14 februar 2007 (CET)

Det har du jo rett i Gunnernett --Cato 15:02, 13 februar 2007 (CET)

Eg har tenkt som Jorunn og Tannkrem; at me må bli flinkare til å slå ned på alt, men at lange blokkeringar neppe tener til noko og kan stenge nokre wikipedantspirar ute. Eg synest ikkje ungestrekar som sletting av artiklar og innlegging av kjønnsord fortener meir enn ei veke, som regel synest eg ut dagen er nok, men eg likar å honorere personsjikane og mobbing med ein månad berre for å visa at det er ille. Målretta hærverk (Rodelero) og trakassering (Midtaustenkonfliktmannen) blokkerast for altid.
Når det gjeld omgrepet Trolling slik det (til dels) blir nytta på no:, ser eg for meg jakta på Andreas Vest i "Kimen" av Vesaas. Og eg likar det ikkje. Dialog og høvelege omgangsformar er viktigare enn utestenging. Me må hugse at administratorar er reinhaldspersonale, ikkje Securitas eller Securitate. --Ekko 20:05, 13 februar 2007 (CET)
Når eg drog fram trolling så var det dei to same døma eg hadde i tankane. Eg tykkjer at ordet verkar å ha vorte nesten synonymt med vandalisme på bokmål, og at det har vorte brukt om saker som eg sjølv med all vrangvilje mobilisert ikkje får til å sjå ut som anna enn genuin usemje om kva som er faktisk rett eller kva som er best for Wikipedia. Trolling er meir enn att det ofte vert diskusjon, eller at det vert litt vel mange attenderullingar på same setningen i ein artikkel.
Alt hærverket i skuletida er ei plage, men det er i det minste mykje som tyder på at Wikipedia vert brukt i skulen, og det kvar bidige skuledag! (Snart er det vinterferie..) --Jorunn 00:15, 14 februar 2007 (CET)

Sletting[endre wikiteksten]

Eg synest det har litt mykje sletting i det siste. Synet mitt er at sletting nokre gonger er på sin plass, men dette gjeld hovudsakleg dersom nokon har oppretta ein artikkel om eit tulleord eller eit lite kjent fenomen. Elles bør ein i størst mogleg grad unngå sletting.

Dersom artikkelnamnet er ei feilskriving, er det best å omdirigere til den rette skrivemåten. Dersom artikkelnamnet er rett, men artikkelen inneheld berre tull eller stole innhald, er det best å ta bort det som er der og laga ei lita spire (eller, om ein ikkje har tid/lyst, eit meir eller mindre tomt frø). Grunnen til at eg vil påpeike dette er at i det siste har det vorte sletta artiklar til dømes som Mormonarkyrkja, Ghb, Sunna og Den store raude flekken.

Artiklar med tulleinnhald er viktige for oss, fordi dei viser kva som er etterspurt - dette er ord som folk faktisk har søkt på. Ved å laga ei lita spire unngår ein òg framtidige tulleopprettingar. --Erlend 15:49, 14 februar 2007 (CET)

Eg er eigentleg veldig einig i alt det du seier, men i røynda er det diverre sjeldan desse vert tekne tak i og utvida. Eg viser til frøkategorien som for ei stund sidan inneheldt over 140 frø. Kanskje vi skulle innføre ei ordning der vi tek vare på frø i ein månad, og dersom dei ikkje er utvida då, slettar vi dei? --EIRIK\diskusjon 16:26, 14 februar 2007 (CET)
Eg er samd med Erlend. Mange av tulleartiklane våre kjem på stader der nokon har gløymt eller ikkje har gidda å laga omdirigeringar. Då er det ikkje mykje meir arbeid å laga ei omdirigering enn å sletta artikkelen. Det er litt meir arbeid å laga ei spira, men spirer treng me mange fleire av om dette skal verta eit brukande leksikon.
Problemet med frøifisering, synest eg me bør løysa på ein annan måte, til dømes ved at alle dei faste brukarane brukar ein dag i månaden/ halvåret/ året på å vatna frø.
Når det gjeld artiklar der innhaldet er eit plagiat, bør me nok sletta (før me eventuelt attopprettar), for å hindra å hamna på feil sida av lova. --Tannkrem 17:03, 14 februar 2007 (CET)
Eg er av dei som slettar ein del, t.d. Sunna. Dette gjer eg
  • på dagtid, når eg berre er som snøggast innom mellom øktene på jobben og kan se på redigeringslista at det ikkje er andre innom
  • og det i tillegg er alvorlege, tunge emner eg ikkje kan nok om til å skrive to liner om i all hast
Tomme frø synest eg er ein uting. Dersom nokon meiner noko anna, meiner eg at dei også må ta eit ansvar for å fjerne frø. Me har også ein overhendig mengde spirer som må takast tak i. --Ekko 17:17, 14 februar 2007 (CET)
Du har heilt rett i at vi alle skulle vorte flinkare til å få frøa til å gro, der trefte du eit ømt punkt hos meg iallfall :P Eg tek nokre no og da, men kunne heilt sikkert teke nokre oftare når eg er innom. Spirene, derimot, synest eg ikkje ein skal vera så redd for. 95% av artiklane i Store Norske Leksikon hadde nok vorte kalla spire etter Wikipedia-standard. --Erlend 18:26, 14 februar 2007 (CET)

Filming in Norway[endre wikiteksten]

Hi. I'm sorry that I don't speak Norsk. I'm trying to write an article about Finse at Wookieepedia. Acording to IMDb they also filmed at Fefor. I can't find any information about this exept imdb. Is there any starwars fan here that could confirm this, and tell me where Fefor is? Thanks --Steinninn 17:58, 15 februar 2007 (CET)

I can't confirm, but I can tell you where: Fefor lies near Vinstra. The filming should have taken place at Fagerlifjellet, a bit south of Fefor. Fefor is an old ski resort, see Home page of hotel, in english. I'm sure you can write them and ask! --Ekko 20:50, 15 februar 2007 (CET)
    • Thanks, I apreceate it. They never replyed, maybe I have to be more patient. And I went to the google map and didn't see Fefor. Maybe it's to small to be on the map. But thanks again. --Steinninn 23:59, 18 februar 2007 (CET)
    • I just found this [3] Is this the same Fagerlifjellet that you are talking about --Steinninn 00:05, 19 februar 2007 (CET)


Mal-hjelp[endre wikiteksten]

Kan noko hjelpe meg å lage ein mal? Vi har ikkje så mange artikla om kyrkjer i Noreg, og eg tenkte på å omsetje nokre frå bokmål. Men det kunne vore greitt med ein mal:kyrkje som gav oss ein slags infoboks der kyrkjenamnet var overskrifta (automatisk?), så var det plass til eit bilete, så namnet på soknet kyrkja står i (vil ofte (ikkje alltid) være lik kyrkjenamnet, så byggjeåret, evt om kyrkja er vigd til ein helgen (gjeld middelalderkyrkjer), talet på sitjeplassar, så litt arkitektur: materiale, teknikk, form (korskyrkje/langkyrkje), namn på arkitekt.

Dersom malen var riktig avansert, sette han inn våpenet til den norske kyrkja (Olavsøksa, sjå øvst til venstre her) i malen om bilete manglar. - Knut 21:06, 25 februar 2007 (CET)

Har lagt svar på brukarsida di --Frokor 23:36, 25 februar 2007 (CET)

Kommune-mal[endre wikiteksten]

Sjå dei fine karta over kommunane som ligg på samtlige andre wikipediar (sjå t.d. for Hordaland [4]). Er det nokon som kan få dei inn her med? [5] Hogne 21:59, 27 februar 2007 (CET)

Flott, Ranveig! No vart det bra! [6] Hogne 06:40, 28 februar 2007 (CET)
Tusen takk til hjelparar som retta der det trengdest. Trur det skal vera kart i alle kommuneartiklane no. --Ranveig 02:28, 6 mars 2007 (CET)
Takk. Face-wink.svg Jon Harald Søby 22:42, 10 mars 2007 (CET)

Foreslår etablering av norsk stiftelse for Wikimedia[endre wikiteksten]

På :no er det nå en diskusjon om en slik etablering. Dette er noe som også angår dere her på :nn. Dere bør derfor delta i denne diskusjonen. Haros 10:25, 10 mars 2007 (CET)

Om vi tar diskusjonen der den hører hjemme, så kan nynorsk og samisk delta. Oppretter en diskusjonsside på m:Talk:Wikimedia Norge 85.164.134.112 14:41, 10 mars 2007 (CET)

Det er no ikkje så vanskeleg å ta turen til nb: heller. --Ekko 15:13, 10 mars 2007 (CET)
Har skrive dette på :nb og meta: Eg trur det er lurt å vurder å opprette denne organisasjone som eit samvirkelag. Medlemskap i laget vil vere opent td. for dei som betaler inn andelskapital (td. 100,-) og har meir enn (td. 500 edits kvart år) Eit samvirkelag er den billigaste måten å bli ein eigen juridisk person, då det ikkje er krav til minimumskapital. Gjennom vedtekter kan ein regulere alt om korleis laget skal styrast. Noko å tenkje på trur eg. stykkjet 17:07, 10 mars 2007 (CET)
(Diskusjonen på nb: er flytta til m:Talk:Wikimedia Norge, bare så dere veit det. Jon Harald Søby 22:37, 10 mars 2007 (CET))
Og eg har tusla lydig etter =:-) --Ekko 10:35, 11 mars 2007 (CET)

Om du ynskjer at det skapast ein lokal avdeling så set deg opp på lista på Wikimedia Noreg! Jeblad 21:23, 21 mars 2007 (CET)


  • Tiden nærmer seg for stiftelsesmøte for Wikimedia Norge. I denne tiden før møte er det viktig at vi blir enig om vedtekter og hvem som er stemmeberetige. Vil vi ha en organisasjon som sterkt begrenser hvem som kan bli medlem og som kan stemme, eller ønsker vi en mer åpen forening som ellers er vanlig for Wikipedia? Her er noen lenker:

Wikimedia Norge/Utkast til vedtekter med Diskusjonsside og Wikimedia Norge med Diskusjonsside PS. Beklager at jeg skriver på bokmål, men jeg tror få hadde forstått min dårlige nynorsk.;-) (Men lover at jeg skal pugge)--Harrywad 20:57, 8 juni 2007 (CEST)


Hjelpemiddel[endre wikiteksten]

Skjedde det aldri noko meir med denne diskusjonen: Wikipedia-diskusjon:Redigering? Kva er årsaka til at teikn-linjer ikkje vart innført? Det er greit nok å bruke ALT+#### metoden for å få norske hermeteikn og andre mykje brukte teikn (eller &####;), men på ein laptop er det ikkje så enkelt sidan dette krev taltastaturet. Kvifor har ikkje nynorsk wikipedia desse hjelpemidla som ein har på nesten alle andre wikipediar? Eg hadde i alle fall hatt stor hjelp av det, og eg trur ikkje eg er den einaste.

I ei ideell nynorsk wikipediaverd burde norske hermeteikn vore ein del av verktøyknappane øvst i redigeringsvindauget. Det er jo vorte innført fleire knappar på engelsk wikipedia, men dette er sikkert ikkje berre berre å få til. --Frokor 16:54, 13 mars 2007 (CET)

Eg skulle gjerne ha skore gjennom og gjennomført det, men eg kan ikkje nok om den tekniske biten der... -- Olve 17:21, 13 mars 2007 (CET)
Er det nokon på bokmål som kan hjelpe oss kanskje? --Frokor 17:33, 13 mars 2007 (CET)

Hurra! Eg etterlyste MediaWiki:Edittools allereie for eit år sia. For meg som ofte sit på datamaskiner utan norsk tastatur er teikn-linjene til god hjelp. Takk til Brukar:Ranveig. Crystal Clear app amor.png kjetil r 05:57, 15 mars 2007 (CET)

søren og..[endre wikiteksten]

hei. jeg får ikke bort "dobbelt-trykket" som er på siden når jeg går inn på wikip. det er to lag med skrift liksom...håpløst og irriterende..noen som kan hjelpe?

Hei! Aldri vore borti dette problemet... Er dette noko som er på alle sidene du går inn på? Viss det t.d. er berre ei side, kan det hende det kan gjerast rettingar i koden. --Erlend 19:38, 16 mars 2007 (CET)
Det høyrest ut som kræsj mellom tabell og tekst, eller noko slikt. For meg går eit ord i Visste du at-boksen delvis inn over bildet (eg bruker eldreven). Slik burde det jo ikkje vera. --Ranveig 22:46, 16 mars 2007 (CET)
Fil:Tabell vs. galleri.jpg
tabell/gallerikræsj
Hjå meg (i Opera) kræsjar galleri og tabellar somme gonger, men vanleg tekst plar klare å fordele seg utover slik at han ikkje vert liggjande i fleire lag. --Jorunn 23:38, 16 mars 2007 (CET)
Eldreven her òg, og var same problemet på framsida. La inn to nye fakta i Visste du at, så ordna det seg for denne gongen iallfall. Elles hender det, når eg tenkjer gjennom det, at «endre» hamnar på rare stader. Men, men, vanskeleg å gjera noko med utan å justere på kvar enkelt side. --Erlend 22:52, 17 mars 2007 (CET)

Bruk av Commons[endre wikiteksten]

Eg ser på Spesial:Newimages at nynorsk Wikipedia får ein del bilete lasta opp, mange utan kjelde og/eller lisens. Kanskje ein skal endre sida for opplasting slik at ein unngår bilete utan lisens, og dessutan får det slik at fleire bilete kjem på Commons?

På Wikipedia på bokmål og riksmål har eg skrive Hjelp:Bildeopplasting, som er ein gjennomgang av nokre av dei typiske tilfella ein opplastar ofte er i. Har ein denne sida i menyen tvingar ein opplastar til å faktisk lese dokumentasjon før han lastar opp filer. Dessutan får han utførlege instruksjonar for kva han skal gjere. Tilbakemeldingane har vore positive på no.wikipedia. Kanskje nokon vil omsette teksten til nynorsk?

Samtidig bør kanskje grensesnittet på Commons få ei oppdatering. Ein bør vel kanskje omsette MediaWiki:Uploadtext/nn, etter modell av MediaWiki:Uploadtext/no. Om ein bestemmer seg for å oppmode sterkare til bruk av Commons bør ein kanskje også dessutan få ein brukar frå nynorsk Wikipedia valt til administrator på Commons, så han eller ho kan hjelpe nynorskbrukare der? Ranveig er kanskje mest aktiv der og den openberre kandidaten (forresten, er «openberr» god nynorsk? Ordet høyrest ikkje heilt godt ut), men Eirik, Ekko og Verdlanco er òg gode kandidatar. kjetil r 20:14, 24 mars 2007 (CET)

Ho er ein opplagt kandidat. Eg forstår ikkje kvifor bileta herifrå ikkje automatisk kan gå vidare til commons når dei er lisensiert med interansjonale lisensar. Elles trengst det ein lokal biletbase for oss som synest det er vanskeleg nok på norsk. - Knut 21:38, 24 mars 2007 (CET)
Ein må endre programvaren for å få til automatisk flytting til Commons.
Det er ikkje så mykje vanskelegare å nytte Commons. T.d. er Opplastingssida på Commons mykje meir tydeleg enn Spesial:Upload. Problemet med Commons er at ein må registrere seg på nytt. Dessutan kan kategorisering av bilete vere forvirrande for nye brukarar. kjetil r 00:12, 25 mars 2007 (CET)
Gamle òg. Om Ranveig vil (og har tid) er nok ho den best skikka av oss. --Ekko 00:25, 25 mars 2007 (CET)
Ho er på påskeferie fram til 9. april, som om der er noko som hastar (og det er det vel eigentleg ikkje) må nok nokon andre gjere det. --Frokor 00:37, 25 mars 2007 (CET)

Eg synest det er ein svært god idé å tilråda Commons-bruk på det sterkaste, og stiller gjerne opp som admin-kandidat der (ikkje noko i vegen for at andre kan gjera det òg). Einaste ulempa eg ser er at det kan bli vanskeleg å sjå og følga opp dei som kjem frå nn: og ikkje heilt veit korleis ein skal gjera på Commons. Men me ser dei kanskje når dei legg inn bileta i artiklar... --Ranveig 01:16, 16 april 2007 (CEST)

Nei, det var ikkje så vanskeleg! Men om eg vil flytte eit bilete frå nn-basen til commons, må eg då først laste det opp på min eigen maskin og så leggje det inn derifrå, eller kan eg skrive inn lenkjeadressa til nn:basen slik at commons hentar det direkte derifrå? - Knut 17:43, 1 mai 2007 (CEST)
Nei, du må nok fyrst lagre det lokalt på maskina di, og så laste det opp til commons:. Det er berre å spørje meg om du treng meir hjelp. Etter at det er lasta opp, bør du merke biletet med sletting her, slik at vi slepp at det ligg dobbelt. --EIRIK\diskusjon 18:00, 1 mai 2007 (CEST)
Dette er i tillegg eit genialt hjelpemiddel for å laste opp bilete frå ein wikipedia til commons: http://tools.wikimedia.de/~magnus/commonshelper.php
Ein må framleis lagre bilete på maskina for å laste opp. --Frokor 18:05, 1 mai 2007 (CEST)
No har eg lasta opp Dolstad kyrkje på Commons, med namnet Image:Dolstad k3.JPG . Namnet er det same som fila har på basen vår. Kategorisering og lisensar trur eg at eg fekk greitt til. Men biletet i artikkelen Dolstad kyrkje er enno knytt til biletet vårt. Så nå må nokon hjelpe meg med resten. - Knut 18:12, 1 mai 2007 (CEST)
Slik. Då er det fiksa. Det er alltid det lokale biletet som vert henta fram fyrst, så dersom det hadde lege to ulike bilete med same namn her og på commons:, så ville det vere biletet her som vart vist heilt fram til det evt. vart sletta. --EIRIK\diskusjon 18:32, 1 mai 2007 (CEST)
Eg sjekka, og alt virka vere i orden. Flott! - Knut 18:39, 1 mai 2007 (CEST)

Else på nynorsk?[endre wikiteksten]

Sjå [7] Bothlove 11:55, 31 mars 2007 (CEST)

Nei. Vil du seie noko, gjer det her. Ha du kjelder for synspunkta dine, står du sterkare. --Ekko 12:54, 31 mars 2007 (CEST)
Det gjeld eit råd på sida "Gode nynorskord". Då tykkjer eg diskusjonssida til artikkelen er naturleg. Bothlove 15:07, 31 mars 2007 (CEST)
Spørsmålet var: Kvifor skal man unngå else-ord? Else er det gamle norske/norrøne ordet, medan ing kjem frå nedertysk. Skal man skrive NORSK so bør man nett bruke else-ord. Bothlove 09:42, 30 mars 2007 (CEST)
Det viktigaste er ikkje kor vi diskuterer, men at det ikkje er eit rebusløp å finne tråden i disusjonen :) Tidlegare er det diskutert i Diskusjon:Anbeheitelse.
Spørsmålet ditt er interessant, og svaret vil vere interessant - spesielt om det finst dokumentasjon for evt påstandar. - Knut 15:35, 31 mars 2007 (CEST)
Nynorskordboka seier at -else har ymist opphav, til dømes tidlege lån frå gamalengelsk og gamallågtysk, lån frå danske ord på -ilse eller -ælse og lån frå lågtysk på -els(e) og -(e)nis. Same informasjonen finn ein i Elof Hellquist Svensk etymologisk ordbok. Endinga er i slekt på endingane -sel, -sle, som er opphavlege i nordiske språk.
Eg skulle vilja seia det slik: Det er ein vanskeleg balansegang i kor høg grad ein skal tilpassa nynorsken det moderne språkbruket utan at nynorsken skal mista håtten sin. Det er jo slik, at bokmålet (som meir og meir liknar riksmålet - snart lyt vi vel skriva bogmaal og rigsmaal) er så stort og vert bruka av så mange, og særleg folk i leiande og tonegjevande stillingar, at det er det språket, som vi er vane ved og ser (og høyrer) uttrykksmåtane i det mest. Særleg når det gjeld ord og seiemåtar, som ikkje høyrer til kvardagsmålet, vil eg tru, at det er bokmålet ein tek til, endå ein skriv nynorsk - berre at ein legg inn nokre diftongar og a-endingar slik at det ser meir nynorsk ut. Eg har ikkje noko greitt svar på problemet, men eg trur, at det er nyttig, at det finst dei som send mot bokmålstilnærminga - risikoen er stor, at vi elles får ei kritikklaus tilnærming til bokmålet. Slik stoda er i dag, krev det mykje meir av ein som vil nytta nynorsk enn av ein som nyttar bokmål, av di vi ser og høyrer så lite nynorsk kring oss. Her kan Wikipedia vera til nytte ved å visa andre måtar å ordleggja seg på, enn kva ein gjer i bokmålet. Det finst ein grunn til at Nynorskordboka er så mykje meir omfangsrik enn Bokmålsordboka. AndersE 22:51, 13 april 2007 (CEST)
Amen. --Tannkrem 07:58, 14 april 2007 (CEST)
Eit betre mål enn å kritikklaust tilnærme seg ELLER kritikklaust skilje seg ut (!) er rett og slett å skrive godt norsk. Kjører du i grøfta, er det eitt om det er høgre eller venstre grøft... -- Olve 16:52, 14 april 2007 (CEST)
Det er greitt nok, det. Vansken er vel å definiera kva som er godt norsk. Kan henda finst det ingen god definisjon heller. Eit paradoks er at norsk, som har offisielle rettskrivingsnormer, er eit mykje meir ueinsarta skriftspråk (her skulle eg kanskje ha skrivi i fleirtal?) enn til dømes svensk, som ikkje har noka offisiell norm i det heile. På hi sida gjev dette oss stor fridom til å tilpassa skrivemåten etter skilde omstende og etter sitt eige talemål. Men, Olve, vi skal vel helst halda oss på vegen? Det eg meiner, er at du bør med ein viss omsut velja om du vil tilnærma deg bokmål eller skilja deg ut (eller frå). At vi tenkjer over språket vårt og korleis vi skriv det (og snakkar det - men det kan vi ikkje sjå på Wikipedia - ikkje enno i alle høve).
Eit par døme på kva eg meiner: Ta orda brei og korleis. Tidlegare vart dei stava breid og korleids, med stum d. Men denne stavinga syner etter mi meining betre skyldskap med bokmål bred og hvorledes (og like eins med engelsk broad og tysk breit). Kva er tilnærming og kva er utskiljing? Kvifor ikkje stum d i brei og korleis, når vi har det i raud og daud? Eller kvifor ikkje ta bort den stumme d-en i raud og daud.
For ikkje å koma alt for langt frå opphavet til dette ordskiftet: -else eller ikkje -else. Det er vel fint, om vi finn fleire ord for eit fenomen, særleg om ein kan nytta stuttare ord. I mange fall er jo nynorskorda tekne i bruk i bokmål òg. Kanskje viktigare endå, er vel at ein i staden for substantiv kan nytta omskrivingar med verb for å få eit språk, som er meir nært talemålet, og som vert meir flytande og lettlesi.
Til sist. Når det gjeld -ing, så er det òg ei gamal norrøn ending, jamvel om ho tevla med -ang og -ung. Likevel: I staden for å skriva: «Mi tilråding til deg er...» eller «Anbefalelsen min til deg er...», så er det betre å skriva «Eg rå(de)r deg til å...». Dette bør vel gjelda, når ein skriv bokmål òg. --AndersE 23:48, 15 april 2007 (CEST)
Ja, om alt dette er vi heilt einige...! :-) Olve 01:20, 16 april 2007 (CEST)
Ja! --Ekko 08:15, 16 april 2007 (CEST)

Navigasjonsmalar[endre wikiteksten]

Har vi eit enkelt oppsett for å lage navigasjonsmalar her, tilsvarande no:Mal:Navigasjon? Er får ikkje malen til å fungera ved å berre importere han. Sjå no:Mal:Frankfurts overborgermestre for eit eksempel på korleis malen brukast. Kph 18:28, 17 april 2007 (CEST)

Kan tenke meg det har med "class" og gjere. Er kanskje noko der som må leggast inn på common.css eller monobook eller noko slikt. --Frokor 18:53, 17 april 2007 (CEST)
Det må legges inn javascriptkode, se no:MediaWiki:Monobook.js, den aktuelle koden ligger kommentert som SKJUL og SAMLE. ZorroIII 11:10, 29 april 2007 (CEST)

APPELL: Opprett Skandinavisk WikiNytt![endre wikiteksten]

Det fellesnorske WikiNytt-prosjektet er inaktivt.[8] Det svenske WikiNews-prosjektet er inaktivt.[9] No er det på høg tid at vi får i gang den skandinaviske utgåva. Da får vi stor nok medlemsmasse til å halde prosjektet i gang, og både svensk, dansk, bokmål og nynorsk vil få eit levedyktig nyheitsprosjekt. -- Olve 21:14, 18 april 2007 (CEST)

Lenke til lydfiles[endre wikiteksten]

Jeg har lastet opp over 100 uttalefiler for norske byer, norske statsministre etter andre verdenskrig og annet til WikiCommons - hovedsaklig nyttig for wikier paa andre spraak selvfoelgelig. (Foreloepig hovedsaklig brukt paa en og zh)... Naar jeg limer inn Oslo  i nn. gjoer den hele lenka om til Hoeyr, hvilket er forskjellig fra alle andre wikier jeg har sett, de setter gjerne et ikon med en hoeytaler foran Oslo og saa et spoersmaalstegn med info om hvordan man kan lytte paa ogg filer... Jeg haaper at nn. kan endre den malen slik at de ogsaa viser lenka og ikke (bare) ordet Hoeyr.

Stian (houshuang i enwiki)

Jeg er H92 fra nowiki, og skal ordne dette. 17:24, 20 april 2007 (CEST)
Det var kun én parameter i malen, derfor ble det bare "Høyr". Nå er det ordnet. H92 17:25, 20 april 2007 (CEST)
Tilbakestilte meg selv. Alt for mange artikler bruker kun en parameter. Dessverre. H92 17:28, 20 april 2007 (CEST)
Nå skal det virke. Skriver du {{Audio|Oslo.ogg|'''Oslo'''}} får du Oslo , og skriver du {{Audio|Oslo.ogg}} får du uttale . Problem løst, alle glade! H92 18:05, 20 april 2007 (CEST)
Kjempebra. Tusen takk for veldig rask loesning. (Beklager at jeg ikke er logget inn - jeg gleder meg virkelig til unified login, jobber hovedsaklig paa en og id, men er ofte innom og fikser, linker opp ting etc paa de andre, og orker ikke aa lage hundrevis av loginer). Saa naa er det bare aa jobbe for bedre stoette for ogg - selv programmer som kan spille ogg har desverre problemer med bittesmaa filer (vlc kutter foerste sekundet og kaffeine kutter visst siste sekundet... begge deler ganske ille naar man har lydfiler paa to sekunder!)
Bare hyggelig! H92 11:06, 21 april 2007 (CEST)

Takk skal de ha, gutar/jenter! --Ekko 13:25, 21 april 2007 (CEST)

Det er bare hyggelig å hjelpe! (litt på etterskudd)(sorry for ikke å skrive på nynorsk) H92 80.203.17.237 21:01, 2 mai 2007 (CEST)

Kven avgjer?[endre wikiteksten]

Kven er det som avgjer kva som skal slettast og kva som skal stå, og kven har kunnskap nok til å hevda at dette og hint har ålmen interesse, medan andre ting ikkje har det? Eg berre spyr!!

Underskrivne har budd mange år i Valsøyfjorden (1967–1972), på Tustna (1972–1981 og periodevis seinare) og andre stader på Nordmøre. Eg har gjort ein god del språkleg feltarbeid på Nordmøre, har skrive bøker om folkemusikk frå Nordmøre og har hovudfag i musikkhistorie og faga lingvistikk, leksikografi og nordisk språk i cand.mag.-graden. Kva er dine kvalifikasjonar?
Når det er sagt... —
Artiklar som berre inneheld polemikk mot stavemåtar (f.eks. “Det rette namnet skal vel helst vera Bærøya i følgje lokal uttale.”) hører sjølvsagt ikkje heime i eit leksikon og vil bli sletta så snart nokon rekk det. -- Olve 04:15, 22 april 2007 (CEST)
Men saklege endringar som er relevante og opplysande ut frå kva det er logisk at artikkelen skal handle om o.a. er sjølvsagt alltid velkomne. (For ei øy er dette for eksempel kvar øya ligg, korleis øya ser ut, kva som finst av vegetasjon og dyreliv (og evt. busetjing) der... Uttalen er òg bra å ha med, men da må dette vera eintydig og nøytralt skrive.) -- Olve 04:21, 22 april 2007 (CEST)

Ja, det var jo ei lang skryteliste.

Mi skryteliste vert ganske kort. Eg er av utdaning biolog og har for det meste budd på Ertvågsøya i Aure. (60 år). Eg har gjeve ut ymse bøker av lokal- og slektshistorisk innhald, samt at eg har gjeve ut ei mengd rapportar av naturvitskapleg karakter.

At akkurat den setninga du siterer ikkje høyrer heime i eit leksikon er eg sjølvsagt samd i, .. men stavemåten vert ikkje rettare av den grunn. Truleg har eg oppfatta prosjektet feil, eg vona at leksikonet skulle verta til gjennom samarbeid og gjensidig utfylling, ikkje surmaga kritikk.

Helsing Finn

Når det gjeld skrivemåten av det øynamnet, så er den uttalen eg kjenner til «Bærøya» med lang og open æ-lyd. Dette svarar til err på skriftnorsk, akkurat som i orda berre (bære) og verre (væ’r) og på liknande vis som i større (stö’r). Om uttalen hadde vore med lang og trong é-lyd, så hadde derimot ein skrivemåte med æ vore meir korrekt, akkurat som i blåbær (błåbér), lærar (lérar) og græt (grét). -- Olve 14:09, 22 april 2007 (CEST)
Ja, det er nettopp der eg har prøvd å setje deg litt på plass no, ettersom eg og andre har oppfatta dei polemiske tinga du har skrive så langt som noko — for å bruke ditt eige uttrykk — ... surmaga. (Du var no trass alt sjølv den som innleidde diskusjonen her med “kven har kunnskap nok til å hevda at dette og hint har ålmen interesse”...) Men vi har felles mål i å laga eit godt oppslagsverk, og eg håpar at no når vi får rydda desse misforståingane av vegen, så kan det komma mykje godt ut av arbeidet ditt her. Eg har omforma Berrøya no og flytt Gisetsetra til Giset på Ertvågsøya. Berrøyartikkelen er vel så nokolunde i gjenge, men Gisetartikkelen håpar eg at du kan gjera noko med, ettersom eg ikkje har Aurebøkene her eg sit i dag. Eg håpar at du kan laga ei litt venlegare brukarside der du òg nemner litt om dei faglege kvalifikasjonane dine òg. Du kan nok bli mykje betre motteken om du ikkje først og fremst profilerer deg som «sur på dei som arbeider her». Men altså velkommen ombord, som sagt. Lat oss fokusere på å laga eit godt oppslagsverk no. Der er blant anna fagkunnskapen din i biologi svært nyttig! :-) Olve 05:04, 22 april 2007 (CEST)
Eg veit ikkje noko om sure magar, og eg er ikkje kjend på Nordmøre, men eg er interessert i stadnamn og lokalhistorie. Ekstra interessant er det at mykje har overføringsverdi frå Nordmøre til Helgeland. Opplysningar som dei Finn siktar til må vere av interesse i eit alment oppslagsverk. Om ikkje alle finn dei like interessante, kan dei vere interessante for slike som meg. Ein annan ting er at ikkje alle opplysningane bør stå som særkilte artiklar, men heller flettast inn i eins samanheng dei høyrer heimme i. Og det er ein stor fordel med referansar, og når slike ikkje finst, at innlegget gjennom loggen for artikkelen er knytt til eit namn med ei brukarside. Så kan vi som les vurdere kvaliteten på opplysningane. - Knut 11:22, 22 april 2007 (CEST)
Eg trur kanskje det ikkje er skrivi klart nok kor nøye me må vera me kjelder. «det er ein stor fordel med referansar, ...», nei, det er heilt naudsynt. Sjå på retningslinene våre, det er faktisk sånn at det ikkje er eit spørsmål om rett eller rangt, men om det kan etterprøvast eller ikkje. Og Finn, difor er det slik at me følgjer stavemåten til Statens Kartverk, sånn som den står i Norgesglasset. Opplysingar om lokal stavemåte/uttale høyrer gjerne med, men berre så langt det kan stadfestast i allment tilgjengelege kjelder. --Ekko 14:20, 22 april 2007 (CEST)
Ja, etterprøvbarheita er viktig. Men eg meiner at det ikkje bør utelukkast å basere seg noko på munnlege kjelder så lenge dei er tydeleg og korrekt oppgjevne. Skriv du om uttale, så bør dette underbyggjast (f.eks. med Norske Gaardnavne av Olav Rygh), og uttaleopplysningane bør i alle fall ha ei slik form at dei blir eintydige. I fallet Aure kommune, så finst det minst tre lokale redaktørar, noko som kan gjera det lettare å etterprøve fakta. -- Olve 14:53, 22 april 2007 (CEST)


(redigeringskonflikt)

Ja, dette er interessante ting! Aure kommune, inkludert Tustna, er vel på sett og vis ein prøveklut der, ja, med minst to aurgjeldingar og ein tustning med på laget no — og alle tre med sterk interesse for lokalhistorie. Moralen i det vi har lært så langt trur eg kan vera:
  1. Lat artikkelen ha eit vidt nok emne — vi kan alltids ha underkapittel. (Sjå «Hals på Tustna» for ein påbegynt artikkel med slik understruktur.)
  2. Pass på at artikkelnamnet er éintydig. Bruk gjerne søkjefunksjonen i nettatlaset «Norgesglasset» for å sjekke om same stadnamnet finst fleire stader.
  3. Pass på at basisdataa alltid er med og at dei står først. (Da unngår vi truleg at folk frå Rogaland, Vestfold eller Finnmark lurer på kva i alle dagar dette er. Og vi skriv trass alt eit leksikon som skal vera forståeleg for heile Noreg.)
  4. Hugs at vi er eit leksikon, ikkje eit politisk organ: Polemikk kan refererast til og debatterast, men kan aldri vera einaste innhald i ein artikkel. Argument skal alltid underbyggjast — det er ikkje nok å seie at «A er feil», og faktisk heller ikkje at «nokon meiner at A er feil». Kven er «nokon»?
  5. Tak alltid med kjeldeliste — og særleg i fall der det finst lite skriftleg dokumentasjon tilgjengeleg. Munnlege opplysningar skal alltid kjeldeleggast òg, og heimelsfolka bør med i ein underbolk «Heimelsfolk» under «Kjelder».
Så litt om eigenpresentasjonen:
  1. Om du fleire gonger skuldar nokon for å vera inkompetente, så blir det faktisk lett opplevd som surmaga om du unnlet å underbyggje påstanden om at du veit betre gjennom å seie noko om din eigen bakgrunn. (Hugs at vi ikkje ser deg når du skriv. Du som skriv utan å presentere deg skikkeleg kan vera ein 70-åring med tre doktorgradar (og doktorgradane kan vera relevante eller irrelevante i samanhengen) eller ein tolvåring med velutvikla skriftspråk men lite sakkunnskap.)
  2. Om du synest du blir teke for lite alvorleg, så skriv gjerne ei brukarside der det går fram kvar du er frå og kvar du bur og har budd, kva utdanning du har, kva språk du kan, kva du har publisert (bør dokumenterast gjennom f.eks. lenkje til BIBSYS-søk på namnet ditt), kva tillitsverv du har og kva interesser du elles måtte ha.
Når det gjeld deg, Finn, så har eg stor tru på at du blir ein svært god skribent å ha når ting går seg til og du lærer meir om arbeidsmetodane og bedriftskulturen her på Nynorsk Wikipedia. Ver ikkje redd for å skrive i mellomtida — held du augo opne, så lærer du mykje av det andre etter kvart. Lykke til! :-)
-- Olve 14:47, 22 april 2007 (CEST)
Kjelder er med å auke truverdet, og omstridde opplysningar som manglar kjelder, står i fare for å bli sletta. Men Ekko tar for hardt i ovanfor når han seier at kjelder er heilt naudsynt. Svært mange av artiklane våre mangler kjelder. Minst ein er tilogmed utvald blant Gode artiklar utan å ha kjelder. Desse artiklane står som døme på korleis ein artikkel på nynorsk Wikipedia gjerne bør vera. - Knut 18:57, 22 april 2007 (CEST)
Jau, det er rart med det, at ikkje dere kan sjå kor rett eg har! Spøk til sides, det er viktig å hugse at
  1. Ingen veit om me er den me seier at me er
  2. Sjølv om me ikkje lyg i #1, kan ingen vite om me faktisk veit noko om det me skriv om. (Eg veit uhorveleg mykje om anatomien i hjartet i høve til medfødde hjartefeil. Når det gjeld t.d. «vaksensjukdommar» i kransarteriane til hjartet, veit eg ikkje meir enn ein middels vekebladlesar. Ikkje lett å skjøna skilnaden på kva eg veit og ikkje veit, for dei fleste andre.)
  3. Sjølv når eg skriv om noko eg veit noko om, og skriv sannferdig, kan eg skrive feil når eg tar fakta frå husken.
Så: skal lesaren få påliteleg kunnskap ut i frå det eg skriv, må eg gje han muligheit til å skaffe seg kunnskapen rett frå kjelda. Meir påliteleg enn det blir wikipedia aldri.
--Ekko 20:17, 22 april 2007 (CEST)
Ja, kjelder bør vi oppgje så mykje vi greier. Der skriftleg informasjon er lett å finne, er ikkje dette fullt så viktig; men informasjon som er innhenta munnleg eller som på anna vis er mindre lett å finne på trykk SKAL ha kjelder når det er råd å få det til. Men her meiner eg altså at oppgjeving av heimelsfolk bør kunna vera muleg — i alle fall som siste mulegheit...
Grunnen til dette er at Nynorsk Wikipedia står i ein litt spesiell situasjon: Vi skriv ikkje berre det første større nynorske leksikonet sidan 1964, men vi har òg i praksis teke på oss ei rolle som eit dokumentasjonsssenter for norsk lokalkultur. I samband med geriatrisk hjartekirurgi eller planetarisk geologi er bruk av heimelsfolk lite aktuelt, men innanfor felt som historie eller folkeminnevitskap er dette heilt grunnleggande. Men dette SKAL altså vera ETTERPRØVBART. -- Olve 23:27, 22 april 2007 (CEST)

Artiklar utan bilete[endre wikiteksten]

Er det mogleg å sjå kva artiklar som ikkje har noko bilete? Fann diverre ikkje noko slikt blandt spesialsidene. Trolldeig 00:01, 23 april 2007 (CEST)

Du kan sjå «Popular articles lacking an image» for eit tilfeldig utval. Trykk refresh for å sjå nye artiklar utan bilete. kjetil r 07:03, 23 april 2007 (CEST)

Målstipend til Ranveig![endre wikiteksten]

Såg ei god nyheit på nynorsk.no: Ranveig har vorte tildelt stipend frå Noregs mållag for å skrive artiklar på Nynorsk Wikipedia. Gratulerer! Dette blir bra. Les saka --Erlend 14:07, 29 april 2007 (CEST)

Gratulerer til Ranveig, ja! :-D Og til alle oss òg! :-D Om vi no berre kunne fått fleire slike, og langtidsstillingar òg... -- Olve 14:18, 29 april 2007 (CEST)
Flott! Det er god bruk av stipendpengane! Og hugs medlemspengane til mållaget, dei gjer eit viktig arbeid. Gratulerer òg til Eilev med prisen for «Ringdrotten»! - Knut 14:47, 29 april 2007 (CEST)


Kjempebra! Gratulerer, Ranveig, og lukke til med arbeidet. --EIRIK\diskusjon 16:29, 29 april 2007 (CEST)
Det tikkar inn gratulasjonar på bokmålstinget òg, til og med ihuga riksmålsfolk er imponert Noregs Mållag. ;-)
Finnrind 22:17, 29 april 2007 (CEST)
3 x HURRA! — jeblad 00:12, 30 april 2007 (CEST)

Det står om dette i Aftenposten i dag. Gratulerer forresten! --KRISTAGAα-ω 20:57, 3 mai 2007 (CEST)

Eg støttar den personen som ytra at Rannveig burde fått ein milion!Ser fram til mange artiklar frå Ranveig framover --Anders 23:28, 3 mai 2007 (CEST)

Takk alle saman! Eg har laga ei side om stipendprosjektet som kanskje fortel litt meir enn avisene gjer. Takk til Trond og Cato som fortalde om utlysinga og. No får eg setja meg til og skriva! --Ranveig 15:06, 4 mai 2007 (CEST)

Yezidismen[endre wikiteksten]

Jeg har endra en del faktafeil i bokmålsversjonen avYezidismen, som åpenbart var dårlig omsatt fra nynorsk. Noen som er sterkere i nynorsk enn jeg, kan kanskje se på artikkelen her i huset. --Vindheim 11:53, 30 april 2007 (CEST)

[endre wikiteksten]

Der hadde nokon sletta nynorskversjonen av logoen til miljøpartiet dei grøne. Kvifor det? Bokmålsversjonen ligg enno på commons. Er det betre å nytta den på nn-wikipedia og ? --Vindheim 20:14, 1 mai 2007 (CEST)

Det var eg som sletta logoen fordi det ikkje stod nokon ting om kjelde eller kvar det står at han kan brukast fritt. --EIRIK\diskusjon 20:16, 1 mai 2007 (CEST)
mogleg at eg ikkje hadde funne rette lisensen. Kan eg no laste han opp att om eg gjer han GNU ?--Vindheim 20:30, 1 mai 2007 (CEST)
Ja, helst i så stor oppløysing som mogleg, og helst på commons:. Sei i frå dersom du treng hjelp. --EIRIK\diskusjon 21:32, 1 mai 2007 (CEST)
Har partiet virkelig gitt ut logoen sin under GFDL? Jon Harald Søby 18:20, 4 mai 2007 (CEST)
Kva for lisens skal brukast om ein lastar opp logoer og andre symbol som ikkje er fri å bruke i alle samanhenger, men som fritt kan brukast i omtale av organisasjonane dei symboliserer? - Knut 18:35, 4 mai 2007 (CEST)
{{slett}} / {{copyvio}}. nn.wikipedia har ikkje nokon EDP, og kan difor ikkje ha ufrie bilete. Sjå Resolution:Licensing policy. kjetil r 18:50, 4 mai 2007 (CEST)
Takk for svar, Kjetil, men eg veit ikkje om eg forstår svaret. Ein partilogo er aldri fri, akkurat som ein avislogo ikkje er det, og eit kommunevåpen ikkje er det - men det må likevel vere lovleg å bruke logoen i samband med omtale av organisasjonane dei representerer? - Og det skulle vel ikkje vere nokon grunn for nynorsk wikipedia å ha ein særeigen politikk på dette feltet?? - Knut 10:41, 6 mai 2007 (CEST)

Maskinomsetjing frå svensk til nynorsk[endre wikiteksten]

Mens vi ventar på Nyno, og i høve månadens dugnad, har eg laga eit lite perlscript for å fjerne dei grøvste svenske ortografiske tinga. Fila ligg her: Brukar:Trondtr/sv2nn.pl, og ho kan brukast på Mac og Linux slik, i terminalvindauget:

 cat svenskfil | perl sv2nn.pl > norskfil

Det er mogleg å bruke perlprogram på Windows også, men eg veit ikkje korleis. I alle fall, litt tid sparar det i alle fall. Her er ein smaksprøve:

Han tok del i alle riksdagane frå 1740 til 1756. Ved den første av de riksdagar Benzelius bevistade anmodades han at i lov med biskop Herman Schrøder besøka kong Fredrik og overlæmna den av Schrøder førfattade førestællningen med avseende på den olovliga sammanlevnaden med frøken Taube

Originalen:

Han tog del i alla riksdagarna från 1740 till 1756. Vid den första av de riksdagar Benzelius bevistade anmodades han att jämte biskop Herman Schröder besöka kung Fredrik och överlämna den av Schröder författade föreställningen med avseende på den olovliga sammanlevnaden med fröken Taube.

Som de ser, ein stad i gråsonen mellom norsk og svensk, men framleis svært så svensk. Likevel er det etter mitt syn litt tid å spare på det. Legg gjerne til fleire liner i skriptet. Trondtr 15:34, 2 mai 2007 (CEST).

Fint som del av omsetjingsprosessen. Så lenge ingen finn på å leggja ut produktet frå perlscriptet på wikipedia - det er på det stadiet mindre lesbart enn vanleg svensk... -Barend--82.134.52.86 15:45, 2 mai 2007 (CEST)
Då måtte ein ha eit program som kunne spørje etter ord den ikkje fann og liggje dette ordet samt tydinga i basen, men det vert så passe avansert enn kva Trond el. andre kanskje vil bruka tid på. Uansett, kva med eit script som grovt kan oversetje engelsk til nynorsk? Dette vil ein jo ikkje kunne nytte Nyno til uansett. Skal sjå om eg kan pusla til noko. Anders 19:19, 2 mai 2007 (CEST)
Eit godt maskinomsetjingssystem ville ha analysert svensk grammatisk, gått til ei svensk-nynorsk leksemordliste, generert dei tilsvarande nynorske formene, og stokka rundt på syntaksen der det trengst (I går tvättade sig Pär => I går vaska Pär seg). Nordisk råd er i prinsippet interessert i slike ting, men til no er det berre Nyno som omset mellom ulike skandinaviske språk. Trondtr 20:06, 2 mai 2007 (CEST).
Jau, er klår over det, men noko slikt vert nok langt fram til og neppe frå meg, men med open kjeldekode byrjar jo dei fleste snøballar å rulle, så kven veit...--Anders 23:22, 3 mai 2007 (CEST)


Om Wikipedia på NRK P2[endre wikiteksten]

Hør programmet her (så lenge NRK lar det ligge på nett): http://www12.nrk.no/podcast/aps/284/nrk_saann_er_livet_2007-0502-1003_9890.mp3 --KRISTAGAα-ω 01:09, 3 mai 2007 (CEST)

Høyrte på det i går. Hyggjeleg at det gjekk så ryddig for seg. --Anders 23:14, 3 mai 2007 (CEST)

Lenkjer mellom namnerom[endre wikiteksten]

I fylgje spesialsida lenkjer mellom namnerom er det uheldig med lenkjer mellom namneromma. Her er ein del av det, særleg ser dei til å vere i samband med fotografkreditering. Eg fjerna nokre av dei no, men det verkar vere innarbeidd skikk her å lenkje slik så eg må forhøyre meg før eg fjernar meir. Eg tykkjer ikkje om lenkjing frå artikkelnamnerommet til brukarsider, men om ein vil gjere det så hadde det hindra at denne typen lenking fyller opp spesialsida lenkjer mellom namnerom om ein heller lenkja til brukarsida si på Commons, då hadde det ikkje vorte ei lenkje mellom namnerom, og spesialsida kunne lettare brukast til å finne slikt. --Jorunn 15:04, 5 mai 2007 (CEST)

Lenkjer til Commons hørest ut som ein god idé. :-) Olve 16:03, 5 mai 2007 (CEST)
No ser eg forresten at lenkjer til brukarsider på andre wikipediaer blir registrerte på same viset her — sjå «kålsommarfuglar», som kjem opp med to slike lenkjer i oversynet. :-( Olve 16:07, 5 mai 2007 (CEST)

Hmmm.... På den sida står det “This page provides a list of links from a page in the main namespace to a page in other namespaces (except for Spesial, Diskusjon, Wikipedia and Mal namespaces), which are not advisable to use.”. Men kvifor er dette ikkje tilrådeleg? Kva talar mot å bruke dei og kva talar for det? Nokon som veit meir om dette? -- Olve 18:42, 5 mai 2007 (CEST)

Så vidt eg veit blir det problem om ein gjev ut Wikipedia på CD/DVD. Eg veit ikkje heilt om eg gidd å ta hensyn til det. På den andre sida treng ein vel ikkje legge inn peikar til brukarsider i foto-krediteringar? --Ekko 18:59, 5 mai 2007 (CEST)

Islandsk Wikipedia rundar 15 000 artiklar[endre wikiteksten]

Som sagt, 15 000. Vi må jo gratulere! Sjå Wikipedia:Potturinn Merkisáfang. --KRISTAGAα-ω 22:17, 8 mai 2007 (CEST)

Stiftelsesmøte for Wikimedia Noreg[endre wikiteksten]

Jeg tenker bare å si ifra om at dato for stiftelsesmøte for Wikimedia Noreg er spirka fast til å være 23. juni. vi leter etter lokale, så mer info kommer. -- 81.191.181.63 00:00, 9 mai 2007 (CEST) (aka Atluxity)

Sjå m:Talk:Wikimedia Norge. Jon Harald Søby 01:10, 9 mai 2007 (CEST)

Bilete[endre wikiteksten]

Limt inn frå Brukardiskusjon:Anders: Eg pleier å setja bilete til standard mini-storleik når eg ikkje ser nokon grunn til at dei skal vera større. Dette er i tråd med tanken om at det skal vera mogleg å lesa Wikipedia på alt frå ein storskjerm til ein lommedata. Sjå t.d. stilvegvisar på engelsk Wikipedia om dette. --Ranveig 12:47, 11 mai 2007 (CEST)

Eg er ikkje imot tanken at det skal vere mogleg å lese wikipedia på all slags mobile duppedittar som få nyttar, det er berre det at det blir vanskeleg, om ikkje umogleg, å finne ei løysing som passar både høg og lågoppløyste samt mikroskjermar samtidig. Ministorleiken som er 180px vert for lite for mange skjermar, særleg for utydelege eller bråkete bilete. Green Cargo AB som eg nett kom over satte eg ikkje ned meir enn til 250px, då 180 vart for utydeleg etter mi skjerm. Innlogga brukarar kan endre standard størrelse i instillingane, om ein er klår over det, då. Uinnlogga brukarar kan ikkje det og vert dermed nøydde til å sjå bilete i liten storleik. Eller skal Wikipedia diktere at anonyme brukarar eventuelt skal køyre med redusert skjermoppløysing for å nokonlunde kunne nytte wikipedia? --Anders 01:56, 12 mai 2007 (CEST)
Har du gamal skjerm med dårleg oppløysing, er problemet tvert om. Har nokon satt biletet til t.d. 300px blir det ikkje mykje tekst att på skjermen. Så etter mi meining bør fast storleik nyttast så lite som mogeleg. --Ekko 18:24, 12 mai 2007 (CEST)

Mulige feilstavede røde lenker[endre wikiteksten]

Hej fra Danmark. Jeg har lavet no:Wikipedia:Mulige feilstavede røde lenker til Wikipedia på bokmål, og vil gerne lave en tilsvarende liste for nynorsk hvis I er interesserede. Hvad er det korrekte navn og placering for en sådan liste her? Venlig hilsen, Byrial 11:41, 14 mai 2007 (CEST)

Ei slik liste kan me sikkert bruka til noko, ja! Wikipedia:Mogleg feilstava raude lenkjer burde gå greitt som namn. --Ranveig 12:41, 14 mai 2007 (CEST)
Så er listen lavet. Oversæt venligst selv den indledende tekst. God fornøjelse med den. Byrial 13:05, 14 mai 2007 (CEST)


Frø[endre wikiteksten]

Nynorsk Wikipedia har pr 20. mai 2007 nær 150 frø, artiklar på berre ei eller to setningar. Eg endra Mal:Oppgåver så at ein lettare skal kome desse i hug og vatne dei. Mange av desse artiklane er viktige emne ein kan skrive mykje om, tungt stoff er det lite av, så her burde alle kunne gjera ei lita innsats. Anders 02:22, 20 mai 2007 (CEST)


Kategori:Folk etter fødselsdato[endre wikiteksten]

Dette hierarkiet trur eg er unikt for nynorsk Wikipedia. Eg er viss på at fleire Wikipediar har freista ha det, men det har truleg lidt samme lagnad som på den engelske. No forhøyrer eg meg på engelsk Wikipedia om nokon kunne tenkjast vilje støtte eit nytt forsøk på å etablere eit sovore hierarki att. Til det meiner eg det ville vere gagnleg å høyre kva for røynsler de her har hatt med dette. __meco 15:12, 22 mai 2007 (CEST)

Kattedyr og Kattefamilien[endre wikiteksten]

Under arbejde med interwikilenker har jeg set at I har 2 artikler om samme emne som bør sammenskrives: Kattedyr og Kattefamilien. NB. Er der en mal til at markere dette? Jeg kunne ikke finde nogen. Byrial 17:00, 22 mai 2007 (CEST)

Du kan markere med {{flett|ein annan artikkel}} som gjev - - - - - -. - Knut 17:08, 22 mai 2007 (CEST)
Og som du ser, vart denne sida sett i ein kategori han ikkje høyrer heime i, så det må vi rette opp i snart.... - Knut 17:10, 22 mai 2007 (CEST)
Tak, jeg har nu indsat malen i de 2 atikler. Byrial 17:19, 22 mai 2007 (CEST)
Ja, då fjernar er flettemalen her før samfunnhuset vert fletta bort. - Knut 18:26, 22 mai 2007 (CEST)

MediaWiki:Whatlinkshere-next og MediaWiki:Whatlinkshere-prev[endre wikiteksten]

Kan nokon omsette MediaWiki:Whatlinkshere-next og MediaWiki:Whatlinkshere-prev til nynorsk? kjetil r 00:59, 23 mai 2007 (CEST)

Da er det i orden. --KRISTAGAα-ω 01:49, 23 mai 2007 (CEST)


Vrang bot:Osamabot, kva gjer me?[endre wikiteksten]

Eg blokkerte nett Osamabot for andre gongen, avdi han framleis ikkje har bede om bot status- trass i oppmodingar om det på den arabiske brukarsida si og dermed fortsett med å klusse til siste endringar. Eg likar det ikkje, ettersom det ikkje finnes retningsliner her, slik som andre stader, men eg meiner no at Wikipedia er då til først og framst t for menneskja som skriv i og/eller nyttar oppslagsverket. Robotar kjem sekundert, og me slit ikkje med for få akkurat. At byråkratane (dei 1,5 som er) som ei naudløysing skal måtte gje automatisk flagg til kven som helst som dukkar uvantande opp, tykkjer eg difor ikkje mykje om - reglar er då til for å haldast, og når ein reiser "utanlands". Når ein så vel rett ut å ignorere oppmodingar om å fylgje desse reglane, viser ein og ein litt annan haldning enn om ein ikkje var klar over dei.

Dessutan kan det diskuterast om namnet i det heile er heldig. --Anders 17:08, 9 juni 2007 (CEST)

Det finst retningsliner på Wikipedia:Robotar. OsamaK spurde ikkje der, men på Brukardiskusjon:Olve, slik fleire andre har gjort. Eg gav ikkje bott-status fordi prøveendringar viste at han sette ein språkkode før skanwiki i eitt tilfelle. Eg har ikkje sett noko av det i dei nye redigeringane, så rekner med han har oppdatert botten sin.
Eg går ut frå at Osama er namnet til botteigaren, og då må han få lov til å ha det. --Ranveig 17:40, 9 juni 2007 (CEST)
At somme vert oppmoda til å be om botflagg på brukarsider er etter mi meining uheldig, ein ting er at Olve ikkje alltid er like aktiv, han må då få lov til det sjølvsagd. Ein ting er at oversikta blir desentralisert og vanskjeleg å finne fram i, eg var diverre ikkje klår over at han prøvde å snakke med Olve. Hadde eg det, hadde eg ikkje blokert Osamabot. Men at botar har køyrd i lengre tid utan flagg, har skjedd og det jamvel oppå kvarandre. Om ein bot gjer det i lengre tid påny har eg ikkje noko imot å blokkere igjen, det er det som er praksis på dei fleste andre wikipediane eg har og ikkje har vore så mykje borti. Anders 00:28, 16 juni 2007 (CEST)

User edit counter[endre wikiteksten]

Kva er galt med ” User edit counter Harrywad her på nn.wp? Eg får "Total edits 8". Riktig er ca 70.--Harry Wad 05:18, 13 juni 2007 (CEST)

Lenken din viser meg: «Total edits 71». Kanskje feilen er hos deg? --KRISTAGAα-ω 23:27, 15 juni 2007 (CEST)
Eg var innom og såg i forigårs, og då stod det òg berre 8. Det tar nok kanskje ei lita stund før det vert oppdatert. --Frokor 23:42, 15 juni 2007 (CEST)
Som det står på editcount er databasen for nn forsinka med litt over 2 dagar. Det er difor det tok litt tid før det dukka opp. Eg har forstått det slik at no/nb er bland dei 18 som berre er ein dag forsinka. --Anders 23:57, 15 juni 2007 (CEST)

Kunngjering om styrevalet i Wikimedia 2007[endre wikiteksten]

På vegne av valkomitéen legg eg denne meldinga her. --EIRIK\diskusjon 16:45, 16 juni 2007 (CEST)

Hei, alle saman!

Vi i valkomiteen kunngjer med dette opninga av eit nytt val til styret i Wikimedia Foundation. Minst tre sete skal fyllast i dette valet, og dei valde styremedlemmene skal sitje i periodar på to år, fram til juni 2009.

Det er viktig å merke seg at valprosessen er noko endra i år frå tidlegare år: alle kandidatar må vere påpasselege med å lese gjennom ofte stilte spørsmål om valet.

Frå og med 10. juni, godtek vi kandidatur til styret. Om du er interessert må du lage ein kandidatpresentasjon og skrive deg opp på m:Board elections/2007/Candidates/en.

Om du har spørsmål relatert til valget, les sida ofte stilte spørsmål, og still eventuelle spørsmål du ikkje fekk svar på på diskusjonssida til OSS-sida.

Den offisielle kunngjeringa er på Meta: m:Board elections/2007/nn

Med venleg helsing,
Valkomitéen

Styreplassar til Wikimedia Noreg[endre wikiteksten]

Som de ser på m:Wikimedia_Norge/Forslag_styremedlemmer er det ført opp ein del framlegg til styremedlemmar til Wikimedia Noreg. Jeblad kontakta meg og lurte på om eg ville stille, m.a. fordi eg er administrator på samisk wikipedia. Det sa eg ja til, mest med tanke på nett samisk wikipedia. Samstundes, og m.a. nettopp derfor, har eg liten lyst til å vere den einaste kandidaten til det styret med bakgrunn frå Nynorsk Wikipedia. Ein opplagt kandidat ville sjølvsagt ha vore Ranveig, men akkurat dette året er ikkje det beste for henne til å ta på seg eit styreverv. Dermed hadde det vore fint med andre kandidatar. Her er, for å vere litt konkret, liste over dei 20 wikipedantane med flest bidrag, kven som helst herfrå vil etter mitt syn vere gode kandidatar. Er det nokon som gjerne vil stille?

Evt., og nest best, kom med framlegg på andre! Trondtr 18:10, 17 juni 2007 (CEST).

Eg er såpass usikker på om Wikimedia Noreg er ein god ide, at eg ikkje er aktuell. --Ekko 18:22, 17 juni 2007 (CEST)
Nei takk. Er ikkje ein gong fullstendig sikker på kva det dreiar seg om, sjølv om eg har eit visst oversyn. Vil heller medverke med artikkelskriving som eg gjer no. --Frokor 19:01, 17 juni 2007 (CEST)
Eg takkar også nei denne gongen. --EIRIK\diskusjon 00:12, 19 juni 2007 (CEST)
Ja det hadde vore fint med fleire kandidatar frå nn.wp. --Harry Wad 23:58, 18 juni 2007 (CEST)
Då stryk eg trekkinga mi, eg trur det kan vera mykje å henta både i å oppretta ein Wikimedia-organisasjon og å sørga for å vera representert. --Ranveig 14:41, 20 juni 2007 (CEST)
Fint!--Harry Wad 15:57, 20 juni 2007 (CEST)
  • Men det er også fint om flere kan stille opp som kandidat.--Harry Wad 10:30, 21 juni 2007 (CEST)

Takkar nei. Flott at Ranveig seier ja! Trur ein slik organisasjon er bra. Elles er eg ikkje så mykje innom for tida, må prøve å få gjort ferdig masteroppgåva. Men trykkjer på «oppdater hovudsida» innimellom når eg ser at dét ikkje er gjort. ;) --Erlend 17:33, 21 juni 2007 (CEST)

Takkar og nei. Forutan dei som alt har takka nei, har Gunnernet, Bjarte, Olve, Ditteva, Verdlanco og Roarjo skreve seg på lista over interesserte brukarar. Trur det kanskje er betre å spørje nokon av dei. --Anders 18:09, 21 juni 2007 (CEST)

Eg takkar nei til styreverv i dnne omgangen. Men eg har truleg betre tid til vinteren og komande år, slik at eg kan evt stilla opp seinare ei gong. --Gunnernett 13:02, 22 juni 2007 (CEST)
Håpar eg tar feil: eg trur ikkje wikipedia-samfunnet i Noreg er modent for dette enda, Wikimedia Noreg er kanskje ikkje ein god idé. Men eg ønskjer styret lykke til og godt arbeid innanfor statuttane for Wikimedia Foundation. Roar 20:51, 22 juni 2007 (CEST)
Eg har ytra meg svært negativ til dei freistnader som vert gjort, ikkje berre dette framstøtet, for å integrere det norske Wikimedia-miljøet i den einsretta norske medierøynda. Eg meiner jo at det er dette som ligg bak at eg er utestengd permanent frå bok- og riksmåls-Wikipedia, no seinast òg ved at diskusjonssida mi der, som var den einaste staden eg hadde lov til å ytre meg er blitt stengd utan grunngjeving og dei siste innlegga eg skreiv har blitt sletta. Også i høve til skipinga av Wikimedia Noreg har eg nett opplevt at Jon Harald Søby som er steward mellom anna på Meta-Wiki har fjerna innlegget eg skreiv i går for å gjere merksam på mine betenkjelegheiter (kva heiter det på nynorsk?) med det som no skjer. Eg har imidlertid lagt det på ei eiga side som folk kan lese: Arbeidet med å gjøre norsk Wikimedia til en integrert del av den norske statsforvaltningen. __meco 21:40, 22 juni 2007 (CEST)

Malkyndig trengst[endre wikiteksten]

Fil:Infoboks stad.jpg
sånn eller noko

Eg synest eg treng ein infoboks til bruk i artiklar om grender/tettstadar/fiskevær o.l. som tek litt meir informasjon enn det Mal:Infoboks tettstad har plass til. Det hadde vore fint om det hadde vore plass til m.a. bilete og kart i infoboksen, og koordinatar både i boksen og oppe i høgre hjørne på sida, og om det heiter på eller i staden, og kva dei kallast som bur der, og vegar til/gjennom staden. Alt utom namn, kommune og fylke skal vere valfritt å ha med.

Eg har skribla eit forslag til korleis eg har tenkt han. Det er tenkt plass til kart øvst under namnet, og plass til bilete som avslutting på boksen. Namnet på staden er tenkt å stå i noko som liknar dei blå skilta til vegvesenet, mørk blå botn med kvit skrift (ikkje rosa som eg har fått det til å verte). Det kan godt vere avsnittsoverskrifter i boksen, og det kan stokkast om på punkta.

Kan noko kyndig lage noko sånt? --Jorunn 03:53, 20 juni 2007 (CEST)

Eg kan sjå kva eg får til. --Frokor 10:44, 20 juni 2007 (CEST)
Her er eit foreløpig forslag: Mal:Infoboks norsk stad. Namnet kan sjølvsagt endrast til berre "infoboks stad". Fargen på "skiltet" kunne sikkert hatt ein skarpare blåfarge, men eg veit ikkje korleis ein finn den rette blåfargen. Prøvde (og feila) litt med å teste forskjellige fargekodar. Elles er malen slik at det vert lenkja direkte til kommune og fylke (eg kan dette bort att) og at ein berre treng å skrive inn sjølve preposisjonen sidan namnet vil bli det same som på toppen av boksen. Sei i frå om det er noko du vil ha endra, visst du ikkje vil prøve sjølv.
Om det er ønskeleg kan eg prøve å få til slik eg har gjort det i Mal:Infoboks by Tyskland, der ein kan skrive inn koordinatane, og så vert det automatisk lagt til ein raud prikk som viser plasseringa av staden på eit kart, som t.d. slik. Dette kan lagast til slik at når ein skriv inn fylke, så vert det riktige kartet henta inn automatisk. Det er litt jobb å få til alle 19 fylka, men når det først er gjort kan det jo nyttast "overalt". Einaste er at eg treng blanke kart, som eg ikkje kan sjå finns på commons. Men eg trur ikkje det vert synleg om ein t.d. tar den minste kommunen i kvart fylke og fargelegg han grå. Er dette interessant? Eg hadde uansett planlagt å gjere nok slikt ein gong for norske stader. --Frokor 14:11, 20 juni 2007 (CEST)
Dét ville vore kjempeflott. Bra mal! --Ranveig 14:37, 20 juni 2007 (CEST)
Eg prøvede malen her. Eg veit ikkje om malen høver på slike småstader (ønsker kommentar), kanskje det var ein betre tanke å utvikle matrikkelgardmalen, men om malen skulle brukast, ville eg hatt med lokal uttale og matrikkelnummera stadnamnet omfattar. -Knut 16:54, 20 juni 2007 (CEST)
PS Korleis får eg opp kommunekartet?
Ser at malen ikkje fungerer optimalt enno. I alle fall ikkje visuelt. "Anna informasjon"-overskrifta vert unødvendig stor hos meg. Det er fullt mogeleg å legge til fleire parameterar. Dei kan jo berre vere valfri, så kan folk nytte dei ein vil.
Kva kommunekart tenker du på? Slik som det som er nytta i dømet? Desse ligg på commons. --Frokor 17:27, 20 juni 2007 (CEST)
Så lærte eg det - takk! Men i dette høvet vart kartet over Dønna berre ein liten prikk, sette det inn i omtalen av Skorpa i Dønna, mest som ein prøve. - Knut 18:19, 20 juni 2007 (CEST)

Wikimedia Election Notice[endre wikiteksten]

If you are able, please translate this notice to as many possible languages and post it anywhere applicable.

The Wikimedia Election Committee is accepting candidates for the 2007 Wikimedia Foundation Board of Trustees election. Please see [10] for more information.

There is still time for a new candidate to be considered for election, and you may now endorse the candidate of your choice (up to 3 candidates) on the endorsements page, [11]. Please read the instructions carefully prior to endorsing. If you can translate the instructions, please do.

If you have any questions, please contact any member of the election committee, who are listed here [12].

Posted on behalf of the Election Committee,
Philippe

Wikimedia Noreg er stifta.[endre wikiteksten]

Logoen til Wikimedia Noreg

Frå meta:Wikimedia Norge:

Det ble 23. juni 2007 klokken 1100-1300 avholdt møte i Nasjonalbibliotekets auditorium hvor foreningen Wikimedia Norge ble stiftet. Så snart det foreligger protokoll fra referentene vil mer info komme her. Inntil videre kan opplyses om at Hans Rosbach ble valgt som foreningens første leder.

Slutt på kopi frå meta:Wikimedia Norge.


Frå nb:Wikipedia:Tinget#Wikimedia_Norge_stiftet:

Møtet er vel over, vedtekter vedtatt, styre og valgkomite valgt, styret er:

Alle var meget fornøyd med møtet, møteledelse - stor takk til Marius og til de nyvalgte styremdlemmene som stiller sin arbeidskapasitet til disposisjon. Meget bra! mvh Ulf Larsen 23. jun 2007 kl. 16:12 (CEST)

Slutt på kopi frå nb:Wikipedia:Tinget.


  • Et fint møte, og gratulerer og takk til alle som stiller opp for Wikimedia Noreg.--Harry Wad 02:23, 24 juni 2007 (CEST)

Val til styret i Wikimedia Foundation[endre wikiteksten]

Hei!

Klokka 2.00 i natt (norsk tid) åpna det fjerde styrevalget til Wikimedia Foundation. Alle som har registert seg innen 1. mars i år, og hadde minst 400 redigeringer 1. juni kan stemme. For å gjøre det går man til Spesial:Boardvote. Selve stemmegivinga avholdes i år på en ekstern wiki som drives av en nøytral tredjepart.

Det er femten kandidater i valget, og de listes opp i tilfeldig rekkefølge på stemmesiden. Du bør (for ikke å si må) lese kandidatpresentasjonene. Alle kandidatpresentasjonene er oversatt til norsk – stor takk til Cnyborg!

Valget foregår med såkalt «approval voting», dvs. at du kan stemme på så mange du vil. Dersom du synes bare én kandidat er verdig (det stemmes over tre styreplasser), kan du bare stemme på ham/henne, og dersom du synes alle kandidatene er verdige kan du stemme på alle (da vil imidlertid ikke din stemme ha noen effekt, så det er lite tilrådelig). Jeg håper at alle som har mulighet til å stemme benytter sin stemmerett!

Alle systembeskjeder relatert til valget er oversatt til bokmål, mwn ikke noe til nynorsk. Er det greit om jeg legger inn bokmålbeskjedene på nynorsk også? (Kan forsåvidt prøver å oversette også, selv om det ikke alltid blir like bra…) Eller er det noen som vil oversette det selv? I så tilfelle ligger nye beskjeder her.

Tvi tvi, Jon Harald Søby 14:50, 28 juni 2007 (CEST)

About reactive hypoglycemia -traslating a really important page from english-[endre wikiteksten]

Hi, sorry if I wrote this comment in english,but I don't know your language. I've seen your Wikipedia has an article about hypoglycemia. the english and in the italian version of the article, there are some important information about a disease called "reactive hypoglycemia" . Many physicians don't recognize this disease, maybe cause of his unspecific symptoms, and probably there are a lot of case of reactive hypoglycemia still untreated. Although the term "hypoglycemia" entered in the american folk medicine, the existence of reactive hypoglycemia, also called postprandial hypoglycemia, is founded on solid scientific basis;for example:

So, it's important to enhance the knowledge of this disease, and, of course, it would be a good improvement for Wikipedia! I've translated part of the Italian article about reactive hypoglycemia in English;I really hope you can translate the english article in your language, also improving it, if you want. It's just a page(this page) , translate it would be quite easy, wouldn't it?

Thank you very much 84.222.152.219 05:39, 30 juni 2007 (CEST)

Samarbeide mellom nynorsk- og bokmålsredaksjonane[endre wikiteksten]

I samband med retting av feil i ein artikkel nyleg, fall det ein det ein del uheldige ord. For ein som sto på sidelinja såg det ut som om det heile grunna i mistydingar av kvarandres intensjonar. Eg synest like vel det er naudsynt å peike på at Wikipedia på nynorsk og bokmål berre er to utgåver av same leksikonet. At folk i den eine redaksjonen bidreg til å gjera den andre utgåva betre, bør me berre vera taksamme for. Meire av det! Er ein i tvil om kva folk meiner, spør. Og hugs grunnregelen: Ta altid alt i beste meining. --Ekko 19:51, 7 juli 2007 (CEST)

Når ein "bruker" vert fornerma over at ein spør om det er mogleg å gje ei presisering av nøyaktig kva som er gale, og skriv på Tinget at nynorksfolka sutrar, trass i at eg skreiv rett ovanfor at dette satte eg/vi derimot pris på, då er ikkje dette noko som gjev nokon av utgåvene betre. Det som ikkje gjev Wikipedia betre, det er ikkje verd noko å bruka tid på. --Anders 00:07, 8 juli 2007 (CEST)

Invitasjon[endre wikiteksten]

Jeg, på vegne av oss i Wikibøker inviterer med dette bidragsytere som mener de har noe å bidra med, til å registrere seg på Wikibøker, og hjelpe denne lille wikien med 193 artikler å bli stor og innholdsrik. Begge målformene skal brukes, og vi håper på å få alle bøker på begge målformene, selv om det ikke er et absolutt mål. Velkommen til Wikibøker! — H92 (d · b:) 12:15, 8 juli 2007 (CEST)

Eldre stadnamn[endre wikiteksten]

Flytta frå Diskusjon:Haakon Lie

Det er kanskje på tide å ta fatt på den eigentlege diskusjonen. Er Oslo og Christiania kvalitativt ulike begrep når ein omtalar hovudstaden i 1901? Omfattar omgrepet Oslo eit anna geografisk område enn Christiania i 1901, eller er dei like? Dersom ein slår fast at omgrepa er like i geografisk område i 1901 (og det meiner eg dei er etter byutvidinga i 1859) så blir det neste spørsmålet korleis held vi oss generelt til namneendringar? Oslo er ikkje den einaste byen som har skifta namn i norsk historie. Trondheim har vore Nidaros i fleire periodar. Eg meiner det i dei fleste tilfella vil vere rett å bruke det moderne namnet (men eg har ikkje sjekka om vi skriv Konstantinopel eller Istanbul for dei som er født der i den perioden) det er det dei fleste vil kjenne til, i alle fall om artikkelen om byen er tydeleg på at han har hatt eit anna namn i ein periode. Eg meiner derfor det er rett å seie at Håkon Lie er fødd i Oslo, sjølv om byen i dag er større geografisk enn han var i 1901 og at byen hadde eit anna namn den gongen. stykkjet 21:09, 7 juli 2007 (CEST)

Her trur eg, av pragmatiske grunnar, Stykkjet har eit godt forslag og at Oslo er eit godt døme. Ein skal vera særs godt orientert for å styra rett i kva som heit kva når, i tettstaden inst i Oslofjorden. Sjølv om eg ser at historisk presisjon er bra, sjå her:
År Namn Utstrekning
<1624 Oslo Mellom Alna og Hovinbekken
1624-1794 Christiania Frå Akershus Slott til dagens Stortorg
1794-1859 Christiania Frå Pipervika til Akerselva til Kroghstøtten til Regjeringsbygget
1859-1877 Christiania Frå munninga av Frognerkilen til Vestre Aker Kirke til Sandaker til nedsida av Botanisk hage til Galgeberg til Alna
1877-1878 Kristiania (i Statsmatrikkelen), Christiania (i kommunen) Som over
1878-1897 Kristiania (i Statsmatrikkelen), Christiania (i kommunen) Utvida med Bjølsen, Torshov, Kampen, Vålerenga og Gamlebyen
1897-1924 Kristiania Som over
1924-1946 Oslo Som over
1946-1948 Oslo Etterstad blir med
1948-1980 Oslo Resten av Aker blir med
1980 Oslo Tangerud blir innlemma

Kilde: Oslo Byleksikon. Mindre utvidingar i 1784, 1794, 1819, 1839 er ikkje tatt med. Det som no heiter Gamlebyen, og svarar til Oslo før Christiania, blei kalla «Oslo» i perioden 1624-1924.

Eg foreslår difor at me kan velje: Anten brukar me forma «Oslo (dåverande Kristiania)», eller «Christiania (noverande Oslo)». Kva temaet for artikkelen er vil avgjera kva som fell naturleg. Er ein i tvil om kva som er rett, nyttar ein berre Oslo, evt. «noverande Oslo». Det same gjeld også andre norske og utenlandske byar. --Ekko 13:05, 8 juli 2007 (CEST)
Eg gløymde sjølve grunngjevinga: Eit historisk «feil» namn som Oslo, om byen i 1899, vil vera forståeleg for også dei med små kunnskapar om norske tilhøve. For dei med betre kunnskapar er det klart at det er feil. Men nyttar me Kristiania/Christiania feil, er dette ein verre feil, av di den ikkje er lett å sjå utan særskild gode kunnskapar. Og namnet vil som sagt kunne vera uforståeleg for mange. --Ekko 13:34, 8 juli 2007 (CEST)
Dette høyrest lurt ut, men eg vil gjerne forsikra meg om at eg har forstått rett. Altså: For ein person som var fødd i Christiania, kan ein velja om ein vil skriva Oslo eller Christiania, men bør også nemna det andre namnet (med dåverande/noverande) viss dette er kjent. Me skal ikkje tvinga gjennom bruk av det eine eller det andre, men kan unngå feil ved å nytta noverande namn dersom me ikkje er heilt sikre på kva som blei brukt då. --82.21.130.8 15:59, 8 juli 2007 (CEST) Det var meg! --Ranveig 17:22, 8 juli 2007 (CEST)
Eg er samd med Ekko i at dei to alternativa han foreslår er dei beste. Men å skrive Oslo om dette området er aldri «feil», like lite som det er feil å skrive Trondheim om byen den stunda rundt 1930 då han het Nidaros, eller den tida byen het Trondhjem. Tilsvarande skriv vi vel helst Steinkjer sjølv om vi sikter til tida då byen het Steinkjær. -Knut 16:08, 8 juli 2007 (CEST)
Vi kan bruke Christiania (Oslo), Kristiania (Oslo). Er man født i Christiania så er man født Christiania. Tror det er viktig at man opprettholder det originale navnet.--Harry Wad 17:31, 8 juli 2007 (CEST)
Etter mi meining oppsumerar Ranveig og Knut ei god og pragmatisk line. Og eg trur òg det er viktig å hugse at me skriv for allmenta, og at mange ikkje veit at Oslo har hett noko anna før. (I alle fall håpar eg at me når dei òg). --Ekko 18:39, 8 juli 2007 (CEST)
Forma «Oslo (dåverande Kristiania)» trur eg at blir best. Skulle au gjerne høre meininga til Olve her, han plar å koma med klare utsegn. PS: Blei namnet forresten skrive med 'Cr' ein periode som det står i tabellen? --KRISTAGAα-ω 23:31, 8 juli 2007 (CEST)
Eg saknar i grunnen Olve her i mange samanhengar. Og Cristiania skuldast eit akutt tilfelle av pølsefinger. --Ekko 06:07, 9 juli 2007 (CEST)

Adgangskontroll[endre wikiteksten]

Sant skal seiast - skrive nynorsk er jeg ferdig med. Men jeg kan godt tenke meg å lese nynorsk, det er helt uproblematisk. Derfor, når jeg arbeider med den andre norske w. klikker jeg støtt og stadig for å se hva nynorskfolket har skrevet om samme oppslagsord eller tema. Men hvordan komme like fort og greit tilbake til bokmål? Der savner jeg noe i skjermbildet! Dette har alle andre w, og det er mer skadelidende for nynorsk å iritere brukerne, enn det er for dem å lese litt bokmål eller engelsk. Klarer dere å gjøre noe med dette, eller vil dere ikke? krg

Eg skjønar ikkje heilt kva det er du tenkjer på, språklenka i margen til venstre? For dersom ikkje bokmål finst der er det fordi ingen har satt inn [[nb:Ogsåenfinartikkel]] nedst i nynorskartikkelen. Og det er vel ikkje vrangvilje, men nokon artikkelforfattarar kan ikkje, nokon gløymer og så bortetter. Dersom du hjelper oss og sett det inn er det fint. Me vil ha bokmål, svensk og dansk øvst på interwikilista, og {{liminn:skanwiki}} over lista. For sjølsagt sett me pris på at folk les artiklar frå begge dei norske Wikipedia-redaksjonane. --Ekko 23:10, 9 juli 2007 (CEST)
Bottar skal setje opp slike lekkjer, men det forutset at nokon faktisk opererer dei. Det er ikkje alltid at slike lekkjer mellom bokmål og nynorsk blir prioriterte, ofte vel ein å sette opp lekkjer til dei større wikipediane fyrst. 87.248.10.143 17:33, 10 juli 2007 (CEST)

25 000 artiklar i august, kanskje[endre wikiteksten]

I det siste har det kome til over 950 nye artiklar i månaden, det har sakka av no i ferien, men 25 000 vil truleg likevel verte passert neste månad. Om nokon har tenkt å prikke inn ein fiks ferdig stjerneartikkel som kvartmilstein kan det vere på tide å byrje å tenkje på å skrive på han no.

Rundepasseringar:[endre wikiteksten]

(Datoane er frå nb:Mal:Nynorskartikler, og kan vere unøyaktige. Dagen oppdateringa er lagde inn er ikkje nødvendigvis dagen artikkeltalet vart runda.)

  • 15 000 – 15. april 2006
  • 16 000 – 24. juni 2006 (ca. 14 nye artiklar pr. dag i mellomperioden)
  • 17 000 – 17. september 2006 (ca. 11 nye artiklar pr. dag i mellomperioden)
  • 18 000 – 8. november 2006 (ca. 19 nye artiklar pr.dag i mellomperioden)
  • 19 000 – 25. desember 2006 (ca. 21 nye artiklar pr. dag i mellomperioden)
  • 20 000 – 3. februar 2007 (ca 16 nye artiklar pr. dag i mellomperioden)
  • 21 000 – 22. mars 2007 (ca. 21 nye artiklar pr. dag i mellomperioden)
  • 22 000 – 1. mai 2007 (ca. 26 nye artiklar pr. dag i mellomperioden)
  • 23 000 – 3. juni 2007 (ca. 31 nye artiklar pr. dag i mellomperioden)
  • 24 000 – 4. juli 2007 (ca. 32 nye artiklar pr. dag i mellomperioden)
  • 25 000 – ?

--Jorunn 14:21, 15 juli 2007 (CEST)

Det smartaste er truleg å ha ein 4-5 glitrande artiklar som ein kan smelle inn i raskt tempo :-). Så den dagen det skjer får me vel 50+ stjerneartiklar på ein gong? --Ekko 14:34, 15 juli 2007 (CEST)
Ja, akkurat.
Teljaren er elles så slarkete at det gjev god grunn til å trekkje fram ein liten bukett artiklar i slike høve, i staden for å nøye seg med berre ein. --Jorunn 18:05, 15 juli 2007 (CEST)
(Det perfekte tidspunktet er kl. 04.10, 6. august. Det var då artikkelen Sekken vart oppretta som aller fyrste artikkel i 2004. Så viss alle legg inn 5-6 gromartiklar nett då vert det gysla gildt. --Jorunn 18:24, 15 juli 2007 (CEST))
Det ligg script for Mediawiki:Sitenotice og Mediawiki:AnonnoticeBrukardiskusjon:Jeblad#25_000. Eg skal sjå om eg kan køyre scriptet for målpassering om det er interesse for det. Naudsynte endringar er allereide gjord i Mal:Siste endringar så det burde ikkje by på problemar å kjøyre ein logging tå artikkelskrivinga. Jeblad 08:49, 8 august 2007 (CEST)
Gjorde eg det rett no ligg scriptet og ventar på sitenotice til det kjem 25 artiklar til. --Anders 10:27, 8 august 2007 (CEST)
Sitenotice er kun synleg for innlogga brukarar. Anonnotice er den som brukast for anonyme brukarar. Eg trur eg hadde fjerna <small>-taggane men det spelar eigentleg ikkje nokon rolle. Scriptet for logging er no igang i tilfelle nokon skulle dumpe ein masse artikler slik som på bokmål ved 100K-passeringa. Logginga skjer ved å hente siste endringar kvart minutt og då med 100 oppføringar frå artikkelrommet. Det tilsvarer nesten eit døger med noværande aktivitet. Om ikkje disken gjeng full så bør målpasseringen havne i ein eller fleire tå filane. Filane slettast etter eit til to døger så gjev meg bekjed i tide på e-post. Jeblad 10:36, 8 august 2007 (CEST)
Du ser det kanskje ikkje, men anonnotice vart sletta av MediaWiki default den 7. januar 2007 kl. 20:35 . Om det er sterke grunnar til det kan alltids sida opprettast. --Anders 10:50, 8 august 2007 (CEST)
Det ligger nå «-test-Registrer deg-test-1-2-3» i toppen av siden om du logger av. Forøvrig så ble det en «feil» i Mediawiki:Sitenotice, den bruker navnet Wikipedia.no som er feil både her og på bokmål. På bokmål har jeg brukt formen «Vi» men det blir vel en del diskusjon om det. Jeblad 11:08, 8 august 2007 (CEST)
Ja, eg såg det. Fjerna det så ikkje alt for mange andre skulle sjå det og. Men, så lenge anonnotice ikkje eksisterar, visast sitenotice og for uinlogga brukarar, merka eg. Det er vel difor den ikkje har vore i bruk her. --Anders 11:19, 8 august 2007 (CEST)
Legg merke til at det vil dukke opp ei lenkje til ein pressemelding som må liggje på Wikipedia:Pressemeldingar/25 000 artiklar. Jeblad 10:46, 8 august 2007 (CEST)

Om Dannelsen og Norskheden[endre wikiteksten]

Eg har foreslått denne artikkelen sletta, spesielt utan kjeldetilvisingar høver den ikkje som leksikonartikkel, med alle sine vurderingar. Kan nokon andre enn meg freiste å få forfattaren i tale, så den kan skrivast om, heller enn å bli sletta? --Ekko 17:45, 18 juli 2007 (CEST)

Namnediskusjon[endre wikiteksten]

diskusjonssida til artikkelen om 1. divisjon fotball for menn har eg no starta ein diskusjon om artikkelen skal flyttast til Adeccoligaen. Som er det offisielle namnet og også eit mykje enklare namn på ligaen. Kom og sei di meining. --Cato 14:44, 6 august 2007 (CEST)

Sider som mangler interwiki[endre wikiteksten]

På nb har dei spesialsida Spesial:Uten_interwiki. No har eg leita etter den på nn, men forgjeves. Vi burde ha den her og, spesielt ettersom Wikipedia:Manglar interwiki ikkje er oppdatert sidan 2006... --Anders 02:17, 8 august 2007 (CEST)

Spesial:Withoutinterwiki --Jorunn 09:19, 8 august 2007 (CEST)
Kvar er Guttorm Omsettjaren når ein treng han... --Anders 11:25, 8 august 2007 (CEST)

Jeg kjører en runde på Wikipedia:Manglar interwiki nå. Pga nytt format må de gamle listene slettes. Kan noen slette Wikipedia:Manglar interwiki/1 tom Wikipedia:Manglar interwiki/27? Sider med tresifret nr skal beholdes. ZorroIII 20:21, 8 august 2007 (CEST)

Det er gjort, innimellom litt krøll og vandalisme. Sakl Wikipedia:Manglar interwiki/header stå fortsatt? --Anders 21:05, 8 august 2007 (CEST)
Ja, den kommer øverst på alle undersidene. ZorroIII 21:14, 8 august 2007 (CEST)
Ta gjerne med Wikipedia:Manglar_interwiki/9 også. —Helland 22:41, 17 august 2007 (CEST)

Pressemelding 25 000 artiklar[endre wikiteksten]

No nærmar me oss 25 000 artiklar og eg synst me bør feire det med ei pressemelding. Er det nokon av de Administratorar som ynskjer å stå som pressekontakt no? Kan me ta utgangspunkt i 10 000 meldinga? [13] Hogne 07:55, 9 august 2007 (CEST)

Bjarte Sørensen er særs inaktiv, så han bør nok ikkje nyttast. Ranveig og Trondtr er som nynorske representantar i wikimedia Noreg er kanskje gode val. Elles spurde du jo nett Ekko, så då har vi vel tre gode? --Anders 16:35, 9 august 2007 (CEST)
Heilt samd! :D Er samd i at dei er tre gode representantar! Elles er det godt å sjå at det som ein gong var "barnet mitt" no har blitt adoptert av så mange dugande foreldre. Bjarte 17:10, 9 august 2007 (CEST)
Hmm, eg skuldar vel Bjarte ei orsaking no . Han er nok lista som "inaktiv", men ikkje så særs så eg trudde. Må skaffa meg nye "bridla"(les:læra meg å lesa tabellar betre)... fantastic four, anyone? Dukkar Olve opp i løpet av dagen seier me fem... --Anders 17:45, 9 august 2007 (CEST)
Fleire kontaktpersonar er fint, kanskje med spesialbrev til regionaviser der vi har folk i nærleiken, slik at dei kan sende ein fotograf el.l. Eg starta ei pressemelding (hmm, burde det ha vore på ei kladdeside), men vi bør vel gjere henne til noko meir enn ein kopi av 2005. Trondtr 18:12, 9 august 2007 (CEST).
Bra, då stiller du opp! Eg har påbyrja ei pressemelding òg. Kladd hadde nok vore bra! Hogne 18:29, 9 august 2007 (CEST)
Kor er Dittaeva for tida? Hogne 18:29, 9 august 2007 (CEST)
Ranveig har ferie og er i India for tida. Døgnrytmen er noko annleis der. Eg foreslår at ho skal sleppe telefon frå Nynorsk Pressekontor seint på kvelden lokal tid....sidan ho no har ferie. Uansett det er mange gode namn her, er det nokon av dykk som vil? Hogne 18:29, 9 august 2007 (CEST)
Ok, ikkje Ranveig. Eg kan godt stå, skriv dykk på lista, det skadar ikkje med ei lang liste. Kommersielle firma har EIN pressekontakt, vi kan ha mange. Trondtr 18:43, 9 august 2007 (CEST).
Viss det er mangel på folk som vil stå som pressekontakt kan eg melde meg sidan eg ofte snakkar med pressen gjennom jobben min. Om andre vil har eg derimot ingen problem med at dei vert prioritert først. --Frokor 18:58, 9 august 2007 (CEST)
Vi fører deg opp, fint. Elles har eg visst laga ein pressemeldingsdublett, det var ikkje meininga. Kan nokon skrive dei saman? Trondtr 19:50, 9 august 2007 (CEST).

Hva med å koordinere det med Wikimedia Norge, det er jo bra for oss alle at dere passerer 25 tusen, eventuelt at Wikimedia Norge også sender ut en pressemelding? Ulf Larsen - bokmål/riksmålswikipedia

Det ser ut for meg å være i de beste hender slik det nå er, og jeg synes det er naturlig at nn Wikipedia tar æren ved å sende ut meldingen selv. At dette er noe vi alle som har tilknytning til Wikipedia/Wikimedia i Norge kan være stolte over er en helt annen sak.
Jeg bladde tilbake til tidligere pressemelding, noe kanskje også en journalist vil kunne finne på å gjøre. Der står det noe om «Dataalderen og nynorsk». Det er nesten utformet som en utfordring. Kanskje en ide å ta opp den hansken nå. Med 25 000 artikler er nynorsk Wikipedia en ressurs på Internet. Håper dere får en fin artikkel som nr 25 000. Haros 09:14, 10 august 2007 (CEST)
Eg kopierte noko om informasjonsteknologi og nynorsk, men var usikker på kvar det skulle plasserast. Flytt det, dei som syns det bryt flyten. Hadde det hjulpe med avsnitt?

--Anders 09:35, 10 august 2007 (CEST)

Pressekontakt? Ja, gjerne det. Me var slappe rundt 20 000/100 000-skiftet. Truleg fint å få spreidd kontaktane geografisk; øst/vest/nord/sør. --Ekko 16:35, 10 august 2007 (CEST)

Me rundar nok målet i løpet av dagen vil eg tru (satsar på litt auka aktivitet denne lørdagen samanlikna med vanleg). 29 artiklar igjen no kl. 08. Eg er på jobb i heile dag og sit og følgjer med.
Kvar skal pressemeldinga sendast? Her på jobb vert det stundom sendt ut vêrbulletinar og eg har ei lang liste over epostadresser til media i heile landet. Skal me kjøre på? --Frokor 08:04, 11 august 2007 (CEST)
Ja, absolutt, og har du det er det fint. Trondtr 08:23, 11 august 2007 (CEST).
Ja, gratulerar alle saman! Og spesielt til Ekko som fekk den store æra. Eg gjekk glipp av det store augneblinket, men såg Brann nedsable RBK på Stadion så eg er særs nøgd likevel :-) Pressemeldingslista mi ligg derimot på jobb, men det har vel lite å sei om ein ventar til i morgon tidleg. Lite aktivitet i avisverda ein laurdagskveld, og dei fleste søndagsaviser går i trykken no likevel (trur ikkje dei hadde hamna der i morgon likevel). Det er derimot framleis agurktid, så eg trur det er sjans til å få noko omtale. Eg kan sende ut pressemeldinga som det første eg gjer når eg kjem på jobb i morgon. --Frokor 21:54, 11 august 2007 (CEST)
Send direkte til de største avisene og få med noen nyhetsbyrå slik som NTB. Jeblad 22:06, 11 august 2007 (CEST)
Alle dei største står på lista i tillegg til TV og radio (litt i meste laget kanskje, men det skadar jo ingen). --Frokor 22:11, 11 august 2007 (CEST)
Eg reknar med at ein av dykk med fullmakter på engelsk wikipedia ordnar så vi får plassen ved sida av volapük på lista over (dei minste av) dei store wikipediane. Flott av Frokor følgjer opp med pressemeldinga. Sidan få journalstar veit kva Fallots tetrade er, må dei klikke seg inn hos oss, og det er bra. Det kan riktignok hende at «Fallots» gjev andre assosisasjonar enn dei har grunn til å håpe på, men det skuldast ikkje anna enn vankunne, og det er noko wikipedia er laga for å bøte på. - Knut 22:05, 11 august 2007 (CEST)
Eg har lagd nynorsk til på framsida på engelsk. Rettetast 00:19, 12 august 2007 (CEST)
La du ikkje til i feil rekkefølgje? N kjem då før O i alfabetet. Anders 01:18, 12 august 2007 (CEST)
På engelsk sorterer ein etter det lokale namnet på språket, og ikkje etter språkkoden. Det vil sei at Norsk (bokmål) kjem før Norsk (nynorsk). Rettetast 12:24, 17 august 2007 (CEST)
Gratulerer også fra meg som ellers holder til på bokmål. 25 000 artikler er en stor prestasjon. Haros 22:26, 11 august 2007 (CEST)
Gratulerer til alle! --Harry Wad 02:03, 12 august 2007 (CEST)

Loggen såg ved 25 001 artiklar slik ut. Om inkje nokon krev full utskrift så let eg det bli med denne komprimerte utskrifta. Loggen har fullstendige dump av siste endringar over hundre oppføringar om nokon ynskjer å få heile dumpet. Jeblad 22:51, 11 august 2007 (CEST)

Gratulasjonar åt alle på nn-wikipedia med 25000 artiklar! Venlig helsing frå Belgia :) Dolledre 05:31, 12 august 2007 (CEST)


25 001 artiklar (fil Sat Aug 11 21:29:01 CEST 2007.html)
Eg har oppdaga at teljaren i sitenotice oppdaterer seg seg ikkje før eit par minutt i etterkant. Eg haldt på å få sjokk då eg starta nettlesaren og såg teljaren stå på 24 999 og skunda meg henta ein artikkel eg ikkje var heilt ferdig med, lagra utilsikta som anonym, og såg at sitenotice framleis stod på 24 999 medan siste endringar viste 25 001. Men eg er ikkje noko lei meg for det. Er det nokon som fortener dette er det nok Ekko som eg tykkjer skriv gode artiklar som sjøl den meinige kan lese, og han står på så andre kan heva kvaliteta på sine skribleriar. Slike treng vi definitivt fleire av. Anders 05:19, 12 august 2007 (CEST)
Då er katten ute av sekken... --Frokor 08:48, 12 august 2007 (CEST)
Dette har med caching av sider. Loggen bruker artikkeltelleren som står som en liten notis på siste endringar da dtte er en spesialside som unngår caching. Jeblad 12:26, 23 august 2007 (CEST)

Wikipedia:Wikipedia på nynorsk[endre wikiteksten]

I samband med pressemeldinga hadde det vore fint å få skikk på historikken vår. Mange av meldingane på postlista, lenkjer til feil melding, eller inga melding i det heile. Ein annan ting er at Vannposten-arkivet på nb har flytta på seg, slik at lenkja dit og er feil. Dette må rettast i, det ville vore synd å fjerne lenkja til historia vår frå før mange av oss byrja. Anders 18:08, 10 august 2007 (CEST)

Nynorsk på Featured articles[endre wikiteksten]

Nynorsk burde vel vera med på | Wikipedia:Featured articles in other languages? --Sigmundg 07:03, 11 august 2007 (CEST)

Eg skal sjå på dette. --Ekko 13:25, 17 august 2007 (CEST)

Torblokkeringsbot?[endre wikiteksten]

skreve på no:Wikipedia:Tinget: For meg ser det ut som torblokkeringsbot-en fungerer bra her på norsk wikipedia, men på nynorsk wikipedia og wikibooks har de ingen torblokkeringsbot. Hadde det ikke vært en ide å innstallere en slik der også? Prosessor von Stuka 14. aug 2007 kl. 21:44 (CEST).

Eg var tenkt å reise dette spørsmålet sjølv ved eit høve, men ettersom det ikkje er nokon aktive byråkratar her for tida, har eg latt det være. Ein torbot treng adminrettar til å fungere og til det trengst ein byråkrat. Men så er spørsmålet om ein vil ta sjamsen å la ein robot få adminrettar, på bokmål har dei ikkje sett botflagg på torblokkeringsbot, slik at alle hendingar er synlege. Dethar visst fungert greitt der, men ein bot som frekventerer framsida ein gong i timen kan kanskje verte forstyrrande fo nn? --Anders 22:20, 14 august 2007 (CEST)

I mangel av byråkrat kan en steward hjelpe. Har dere maskinvare for å kjøre blokkeringa? En linux-maskin som er på 24/7 er å anbefale. ZorroIII 12:06, 18 august 2007 (CEST)
Linux-maskin som kan køyre dagtid 7 dagar i veka kan eg nok få til, men av praktiske årsaker vert det ikkje mogleg å køyre 24/7 på ei lang stund... --Anders 13:01, 18 august 2007 (CEST)

Eg har ikkje hatt så mykje tid til å redigere her i det siste, men det er lett å få tak i meg på e-post — eller telefon om det skulle haste. -- Olve 13:24, 23 august 2007 (CEST)


Skulestart[endre wikiteksten]

I morgon (20. august 2007) tek eit nytt skuleår til, dette betyr vanlegvis starten på 10 månader med dagleg hærverk her på Wikipedia. Det eg lurer på er om vi har nokon retningsliner for kor lenge vi skal blokkere slike vandalistar, eller om det er opp til kvar enkelt administrator å vurdere? --Cato 19:43, 19 august 2007 (CEST)

Tja, me har nok ikkje nokon «prisliste». Sjølv skil eg på tøys (sletting, tabuord osb) og ondsinna hærverk (åtak på person, rasisme o.l.). I tillegg skil eg på kor ofte det har skjedd. Så mi eiga prisliste blir vel noko slik:
Kor ofte Rølp Sjikane
1. gong {{liminn:test1}} --~~~~ Blokkering ut veka
2. gong {{liminn:test2}} --~~~~ Blokkering ein månad
3. gong Blokkering ei veke Blokkering tre månader
Vidare Blokkering tre månader Blokkering eit år
--Ekko 21:52, 19 august 2007 (CEST)

Ok. Takk skal du ha. --Cato 19:13, 21 august 2007 (CEST)

Heltidswikifanter[endre wikiteksten]

Det kommer fra tid til annen spørsmål om støtte til å lage interne og eksterne wikier, og i noen få tilfeller hvordan de skal bruke og interaktere med Wikipedia. Hvis noen gjerne vil få slike forespørsler så er det greit om jeg får en e-post slik at jeg har noen navn og vise til. Typisk blir det spurt etter designere, arkivarer og programmerere som også kan Mediawikimotoren. Kanskje burde vi sette opp en egen wiki eller mailingliste for slikt? Legg merke til at dette stort sett er aktivitet utenfor Wikipedia men hvor verktøyene er de samme. — Jeblad 23. aug 2007 kl. 12:12 (CEST)

Uønska linjeskift i malar[endre wikiteksten]

Har lagt merke til at når ein nyttar <noinclude></noinclude> i malar, for t.d. å legge malen i ein kategori, interwiki osv., så får ein alltid eit ekstra linjeskift. Det gjeld sjølv om ein byrjar noinclude like etter malen er slutta eller på neste linje slik at det tilsynelatande ikkje skulle vore nokre linjeskift i det heile tatt. Eg prøvde å kategorisere eit par flaggmalar, men med ekstra linjeskift ser det mildt sagt ikkje særleg fint ut. --Frokor 10:30, 24 august 2007 (CEST)

Det er nok i flaggmalane att linjeskifta ligg, spesielt {{flagicon|}}: [http://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=World_Rally_Championship&oldid=280579] . Her hjalp det litt å byte dei ut med {{FIN}},{{NOR}} etc istaden. --Anders 12:29, 25 august 2007 (CEST)

Maskinomsetjing frå engelsk, portugisisk, svensk og esperanto til dansk, og frå dansk til bokmål[endre wikiteksten]

Til orientering: Ein gjeng restriksjonsgrammatikarar i Århus og Odense arbeider på maskinomsetjing. Tidlegare har dei gjort dansk-engelsk, no har dei alt i alt

  • dansk -> engelsk*, esperanto*, bokmål*,
  • engelsk -> dansk*, esperanto*
  • svensk -> dansk, engelsk, esperanto
  • portugisisk -> dansk, engelsk, esperanto

For alle språkpar er det mogleg å lime tekst inn og få det omsett, for språkpara med stjerne er det i tillegg mogleg å lime inn url-ar. I og med at bokmål er med her er dette også relevant for oss. Kvaliteten på den omsette teksten er variabel, og dei har litt problem med wikiformatet, men det er t.d. arbeidsbesparande å få omsett tabellar frå engelsk til dansk, for å få dansk og dermed ofte også norsk tekst til kategoriane. Det er mogleg å omsetje i to steg (engelsk -> dansk -> bokmål), men det går sjølvsagt ut over kvaliteten.

Som eit døme legg eg ved artikkelen om Linguistic Society of America på bokmål, som eg har omsett i to omgangar, først engelsk til dansk, og deretter dansk til bokmål, utan å redigere den danske teksten. Resultatet ser de her:

Sproglige Amerikas Samfund (LSA) er en organisasjon tilsidesatt til menneskespråk vitenskapelige studie, og er det større profesjonelle samfunn for språklige forskere i Nord-Amerika og hinsidest. LSA ble dannet i 1924. først formann Its var Hermann Collitz, valgte i 1925. aktuelle formann av LSAs (2007) er Stefanius-r. Anderson. Noen fremtredende past formenn er Hans Kurath, Josef Greenberg, Calvert Watkins, Morris Halle og Ken Hale. Innhold[skjuler] 1 Journalsprog 2 årlige konferanse 3 Resolutionerne 4 Sproglige Institut 5 External-linker[redigerer] journal språk Hovedartikkel: Språk (journal) offisielle journal av LSAs er Språk, which offentliggjør artikler rapporterende forskning i alle større lingvistiksubdiscipline, som brønn som bok anmelder og en mangfoldighet av annen trafikforbindelse. Under redaktørstilling av den navngjetne Yale Universitet-språkforsker var Bernard Bloch, Språk kjøretøy for the offentliggjørelse av ørten av amerikansk strukturell lingvistikks under det annen kvarter av det 20. århundrede viktige artikler, og var den journal i which ørten av den viktigste efterfølgende utviklinger i lingvistikk spilte de selv ut. LSA holder en årlig lingvistikk konferanse hver år i avvekslende storbyer throughout de Forenede Stand.

Som de ser, langt frå perfekt, men likevel i visse tilfelle heilt sikkert mogleg å spare tid. Eg prøvde t.d. nokre språkartiklar frå engelsk til dansk, og fonemtabellane vart heilt fine, alle artikulasjonsstader og -måtar til noko som ikkje var for langt unna nynorsk. Lenkja til sida deira er her. Trondtr 17:43, 26 august 2007 (CEST).

Lovande, men utover å oversetje fonemtabellar o.l. kan eg ikkje sjå at dette gir nokon meirverdi, heller tvert om. Dette kan ha litt med individuell arbeidsflyt å gjere, men ei oversetjing som framleis er så langt frå målspråket, må vel overetjast avsnitt for avsnitt likevel? Og då er det vel likså godt å forhalde seg til originalversjonen (dersom ein ikkje forstår originalen, stiller dt jo seg sjølvsagt anleis)? --Bep 22:24, 28 august 2007 (CEST)

Betawiki: better support for your language in MediaWiki[endre wikiteksten]

Dear community. I am writing to you to promote a special wiki called Betawiki. This wiki facilitates the localisation (l10n) and internationalisation (i18n) of the MediaWiki interface. You may have changed many messages here on Wikipedia to use your language for your language profile, but if you would log in to for example the English language Wiktionary, you would not be able to use the interface as well translated as here.

If you wish to contribute to better support of your language in MediaWiki, as well as for many MediaWiki extensions, please visit Betawiki, create an account and request translator priviledges. You can see the current status of localisation of your language on meta and do not forget to get in touch with others that may already be working on your language on Betawiki.

If you have any further questions, please let me know on my talk page on the Dutch Wikipedia. We will try and assist you as much as possible, for example by importing all messages from a local wiki for you to start with.

You can also find us on the Freenode IRC network in the channel #mediawiki-i18n where we would be happy to help you get started.

Thank you very much for your attention and I do hope to see some of you on Betawiki soon! Cheers! Siebrand (Betawiki user page) 19:43, 26 august 2007 (CEST)

Kategori:Germanske språk og Kategori:Nordgermanske språk og Kategori:Skandinaviske språk[endre wikiteksten]

Jeg holder på med å sette opp interwikis mellom kategoriene, basert på listene på Wikipedia:Kategoriar som manglar interwiki. Jeg kom da over ovennevnte kategorier, som virker ha en viss overlapp seg i mellom. Kan noen som er gode på området ta en titt og se om ~(under)kategoriene og tilhørende artikler er satt i riktige kategorier? ZorroIII 11:55, 2 september 2007 (CEST)

Ja, dette er ikkje bra. Nordgermanske er i slekt med kvarandre, termen skandinavisk er tvetydig, det kan tyde "dei nordgermanske språka som blir snakka i Skandinavia" eller "språka som blir snakka i Skandinavia". Her er det overlapping, og det er innverknad frå engelsk, som har termar som "Insular Scandianvian" om islandsk og færøysk, relativt kontraintuitivt, sett frå ein skandinavisk [sic!] ståstad. Eg skal sjå på dei. Trondtr 13:18, 2 september 2007 (CEST).
No har eg tømt og deretter sletta kategorien Skandinaviske språk. Det som står att er då Kategori:Nordgermanske språk for ... nordgermanske språk, og kategori:Språk i Noreg osb. for geografisk samband. Trondtr 14:12, 2 september 2007 (CEST).
Da ble det mye bedre! Takker! ZorroIII 15:43, 2 september 2007 (CEST)
Spørsmål: er norrønt språk nordgermansk, germansk eller berre indoeuropeisk? Roar 17:21, 2 september 2007 (CEST)
Det er nordgermansk, tilliks med språksteget før, urnordisk. Trondtr 19:48, 4 september 2007 (CEST).

Beskytta sider[endre wikiteksten]

Kopiert frå: Diskusjon:Sunnhordland Palefiskarlaug Har me ei side som denne: http://sv.wikipedia.org/wiki/Wikipedia:Skyddade_sidnamn ? --Jorunn 00:45, 10 juni 2007 (CEST)

Kanskje ikkje akkurat som den svenske, men her er noko liknande: Spesial:Protectedpages. Hovudforskjellen er vel i grunnen at ein ikkje får sett noko grunngjeving på denne automatiske sida. --Erlend 22:58, 3 september 2007 (CEST)

Preparation of Fundraiser 2007[endre wikiteksten]

Hi, this is just a first introduction message to tell you: there is more to come. I am dealing with the Project Management of the Fundraiser 2007 and therefore will search for contacts of wikimedians who can help us to do our tasks on all projects. I am actually also building the structure for the fundraiser on Meta. We will need people who help to design buttons, translate texts of buttons, documents, sitenotices etc. Should you feel you want to co-operate please let me know. You can reach me on my meta user page or by e-mail at scretella (at) wikimedia (dot) org. If you wish to notify us that you would like to co-operate on translations, it would be nice if you used e-mail and copied the e-mail to me and Aphaia (aphaia (at) gmail (dot) com). Thank you for your attention and I hope to meet you soon! Cheers :-) -- 4 September 2007 Sabine

Geografiske personkategoriar[endre wikiteksten]

Bør vi ha tradisjonelle innbyggjarnamn eller «person frå Kommune»-namn som kategoritre? Ein diskusjon om dette er såvidt påbegynt under Diskusjon:Aurgjeldingar. Ver med og diskutér! :-) Olve 16:58, 9 september 2007 (CEST)

Bilete[endre wikiteksten]

Våre bokmålsvener har gjort eit bra arbeide for å få fram bilete frå norske museum, sjå Tinget. --Ekko 18:17, 13 september 2007 (CEST)

Robotkjøyring[endre wikiteksten]

Eg vil prøve å køyre Hxhbot på nye sider. Håper alle som skriv òg vil leggje inn interwikilenkjer boten kan starte med. —Helland 11:11, 14 september 2007 (CEST)

Katalogisering[endre wikiteksten]

Det er ein lei feil i korleis artiklar vert sortert alfabetisk. Norsk Å kjem før Æ og Ø, sjå til dømes: Kategori:Kyrkjer i Hordaland. --Anders 10:58, 18 september 2007 (CEST)

Det skyldes at sorteringa skjer i henhold til tegnenes innbyrdes plassering i Unicode, ikke etter vårt alfabet. ZorroIII 19:35, 18 september 2007 (CEST)
Sjølvsagd, men det er likevel ein lei feil som det bør leitast etter ei løysing på. --Anders 20:03, 18 september 2007 (CEST)
SVJV er det måten databasen (mysql) sorterer på som begrenser. Se Bugzilla:164. ZorroIII 20:24, 18 september 2007 (CEST)

Å endre ip-adresse til brukarnamn.[endre wikiteksten]

Er det mogleg å endre det at ein artikkel står registrert på di ip-adresse? Eg var innlogga og oppretta ein artikkel. Då eg lagra den, var eg brått ikkje innlogga. Dette har skjedd meg ein gong før også.--Widnes 00:08, 21 september 2007 (CEST)

Det har tydelegvis vore mogleg, men blir ikkje gjort lenger, jf. en:Wikipedia:Changing attribution for an edit. Ufrivillig utlogging kan skje alle; som regel må nettlesaren (eller eit kakemonster inni maskinen) ta skylda. --Ranveig 22:37, 27 september 2007 (CEST)

«Slow script»[endre wikiteksten]

Denne dukka opp for eit par dagar sidan:

A script on the page "Siste endringar - Wikipedia" (http://nn.wikipedia.org/wiki/Spesial:Recentchanges) is making Safari unresponsive. Do you want to continue running the script, or stop it?

Kva er det for noko? Trondtr 23:40, 28 september 2007 (CEST).

Eg går ut frå at det er noko tull i MediaWiki:Common.js eller MediaWiki:Monobook.js, det er der det ligg skript. Men meir enn det kan eg ikkje seia. Kanskje du kan bytta drakt i Innstillingar ei lita stund, så finn me ut om det er i Common eller Monobook feilen ligg? --Ranveig 00:17, 29 september 2007 (CEST)
Eg bytta drakt, gjekk gjennom alle dei andre, og feilen er vekk. Men no er han vekk frå Monobook også. Eg seier i frå viss han dukkar opp att. Trondtr 11:51, 29 september 2007 (CEST).
...og det gjorde han. Altså farvel til Monobook mens stilistane ser på dette. Trondtr 13:24, 29 september 2007 (CEST).
Det kan vera at eg øydela noko då eg tok ut eit par linjer; me får sjå kva som skjer no når det er rulla tilbake (kanskje inga endring med ein gong, eg trur det tek litt tid før javaskript blir oppdatert på Wiki). --Ranveig 00:32, 30 september 2007 (CEST)

26 000[endre wikiteksten]

Det går ikkje veldig raskt med oss, men me har smygd oss forbi 26 000 artiklar i løpet av kvelden. Trur det vart ein ungarsk by, Vác mogelegens. --Frokor 23:57, 28 september 2007 (CEST)

Hmm, nå står teljaren på 26 014 og artikkelen som står på nr. 14 på nye sider er pacemaker. Ikkje fortel meg at Ekko stakk av med æresartikkelen igjen?!? Hurra, i alle høve! --Ranveig 00:10, 29 september 2007 (CEST)
Men det er nr. 15 du må sjå på. Nr. 14 på lista vil vere 26 001. Så det vart Ózd (men ikkje at det er noko viktig) --Frokor 08:07, 29 september 2007 (CEST)
Uff, orsak begge to -- det vart seint i går. Rett skal jo vera rett. --Ranveig 09:30, 29 september 2007 (CEST)
Godt var det. Elles hadde det blitt som då dattera mi vant fire av fem premiar på juletrefesten og ein illsint tiåring skreik: «Det er juks! Det er faren hennar som er julenissen!» (og sto for loddtrekninga). --Ekko 10:12, 29 september 2007 (CEST)

Merking av gode artiklar på interwikien[endre wikiteksten]

Kvifor vert det ikkje merka av kva for artiklar som er gode på interwikien, sånn som det til dømes gjeres på den bokmåle og den engelske wikipeidaen? Lars 23:43, 29 september 2007 (CEST)

Avdi det er noko tull med skriptet som skal merka dei med stjerne, sjå diskusjonen MediaWiki-diskusjon:Monobook.js --Anders 00:10, 30 september 2007 (CEST)
Den gule stjerna viser ikkje med Internet Explorer, men dukker opp med andre nettlesarar (i alle høve for meg). No har eg endra Monobook.js igjen, slik at også IE-brukarar skal få sjå kva som glitrar i det fjerne. Heilt ideelt er det ikkje, men me får prøva ut ulike løysingar. --Ranveig 00:31, 30 september 2007 (CEST)
Men då vil ein jo gå tilbake til to stjerner i alle andre nettlesarar enn liksomnettlesaren, og det er slett ikkje bra. Er det ikkje mogleg å istaden kopiere moonobook frå ein stad der stjerner verkar rett? --Anders 01:03, 30 september 2007 (CEST)
Verker den gule stjerna på en: i jukselesaren? Det var der eg henta henne, men eitt eller anna kan ha gått gale undervegs. Akkurat no synest eg det er greitt med to, så kan me finna ut om det var dét som laga krøll i Safari. --Ranveig 02:35, 30 september 2007 (CEST)
Eg ser framleis ingen stjerner, korkje i Opera eller Firefox. Kanskje det er fordi eg bruker Linux? Eg ser no uansett stjernar båe på bokmåle og engelske wikipedia. Lars 12:48, 30 september 2007 (CEST)
Hmm, nei no forsvann stjernene heilt her... --Anders 13:12, 30 september 2007 (CEST)
Borte vekk i Opera og Firefox, Windows. --Ekko 13:28, 30 september 2007 (CEST)
Eg gjek attende ein versjon på monobook og fjerna AA koda, slik at det forhåpentlegvis berre er FA stjerna att. --Anders 14:36, 30 september 2007 (CEST)

Artikkel på ordførar?[endre wikiteksten]

Kvalifiserar det å vere ordførar til ein artikkel? I infoboksen til kommunane vert det lagt inn lenkje til ordførarnamnet. Og så kryr det av raude ordførar. (Du finn knapt nok ein blå.)Bør lenkja sløyfast?--Andreasv 19:54, 3 oktober 2007 (CEST)

Slik eg ser det burde alle ordførarar, tidlegare, noverande og framtidige, sjølvsagt ha eigen artikkel. Lenkja bør absolutt ikkje sløyfast. Det at dei fleste ikkje har artiklar enno er vel ikkje noko argument for å sletta dei få som finst. Eigentleg er det meir flaut at me ikkje har artiklar om t.d. Herman Kristoffersen og Terje Søviknes, enn at me har artiklar om t.d. Magne Rommetveit og Knut Henning Thygesen (Ein verkeleg raud ordførar, som er blå her...). --Tannkrem 20:23, 3 oktober 2007 (CEST)
Og når vi tilogmed har Tannkrem med på laget i arbeidet for å få fleire blå ordførarar, skal vi nok nå langt i dette arbeidet! - Knut 21:00, 3 oktober 2007 (CEST)
Det lettar vel arbeidet noko om alle brukarar tek på seg å endre ordførernamnet i dei kommunene dei kjenner. Eg har fiksa Gjøvik nett no, men treng lenger tid om eg òg må skrive artikkel om Iddberg. --80.212.1.183 21:23, 9 november 2007 (CET)

Ringdrotten[endre wikiteksten]

Kvi stend artikkelen um Ringdrotten under namnet "The Lord of the Rings?" På mest alle andre språk som boki hev vorte umsett til og som det finst ein wikipedia på er hovudartikkelnamnet det boki heiter i umsetjingi. Er det berre ein glepp frå vår sida at boki hev engelsk namn på norsk wikipedia, elder nyttar me ein annan normal på nynorsk Wikipedia? Eg tykkjer at sédd for seg vitnar ei slik namngjeving um vantande stønad til umsetjingi til Groven Myhren. Me byrja flytta artikkelen, men diverre ligg det ei umdirigering under Ringdrotten. Det krev, so langt eg skynar, at ein administrator slettar Ringdrottenartikkelen for so å flytta Lord of the Rings-artikkelen dit. Eg bed difor um at dette vert gjort. Orsak um dette ikkje er rette plassen å taka upp eit slikt ynske.Edaindirith 23:30, 3 oktober 2007 (CEST)

Tidlegare drøfting ligg under Wikipedia-diskusjon:Originale eller omsette namn. Kortversjonen av fleirtalssynet er at verket Tolkien skreiv heiter "The Lord of the Rings". Ei norsk omsetting er noko anna enn det Tolkien skreiv, og dei ulike norske omsettingane er heller ikkje det same. Så me kan faktisk ha ein artikkel om kvar omsetting, og ein artikkel om verket Tolkien skreiv. Og dette er ikkje eit politisk organ, her stør me ingen ting utanom dokumenterbare fakta. Og inntil dette er drøfta ferdig flyttar eg ingen ting. --Ekko 23:46, 3 oktober 2007 (CEST)
Denne diskusjonsbolken skulle vore plassert i Kategori:Diskusjonar om norske eller originale namn på oppdikta figurar, men det går vel ikkje an å kategorisere bolkar av samfunnshuset. Men til saka: Av dei kategoriserte diskusjonane ser du at det er delte meiningar om dette. Eg er samd med Ekko i at ei omsetjing er noko anna enn eit originalt verk, og i somme høve kan det vere rett å ha ein artikkel om det originale verket, ein annan om det omsette verket. I dei tilfella vi vel å omtale originalen og omsetjinga(ne) i same artikkelen, vil eg til vanleg finne det rett å leggje artikkelen under det omsette namnet.
Dette er òg hovudregelen på dei fleste wikipediaene, så òg på nynorsk. Til dømes er artiklane om Heimskringla og Fyrste mosebok lagt under omsette namn. Men som diskusjonane viser, er det delte meiningar om dette.Knut 07:42, 4 oktober 2007 (CEST)

Eg er einig med første talar. Det er sært at Nynorsk Wikipedia forkastar norske titlar til fordel for utanlandske, og gjev oss uforståelege titlar som Máo-zhǔxí yǔlù. Eg har ikkje sett nokon liknande praksis nokon stad, og synest det gjer oss til eit dårlegare oppslagsverk. Så flytt i det minste denne artikkelen til Ringdrotten. --Ranveig 11:41, 4 oktober 2007 (CEST)

Eg er samd med Ekko. I tillegg kan eg nemna, som eg har nemnt før, at mange i Noreg ikkje vil kunna skjøna noko av mange av riksmålswikipediaen sine artiklar om engelskspråklege bøker (t.d. Harry Potter og LOTR), fordi dei svært sjeldan attgjev originalnamna. På Nynorsk Wikipedia har me oftast med alle namna, også det på bokmål viss det finst. Det trur eg ikkje me ville ha hatt dersom me gjorde slik som riksmålsgjengen gjer, og eg synest det gjer oss til eit betre oppslagsverk. --Tannkrem 19:59, 4 oktober 2007 (CEST)
Om vi tenkjer oss ei interwikial avrøysting:
  • 47 wikipediar har lagt artikkelen om boka på eit anna namn enn «Lord of the Rings».
  • 2 engelskspråklege wikipediar har naturleg nok brukt den engelske tittelen.
  • I tillegg har 3 - indonesisk, skotsk-gælisk og nynorsk wikipedia - skrive om boka under ein engelsk overskrift. Eg veit ikkje om boka er omsett til indonesisk og skotsk-gælisk.
Eg trur ikkje nynorsk wikipedia er noko betre oppslagsverk enn dei 47 andre. Og som sagt ovanfor vinglar praksisen vår på dette feltet, og meiningane er delte. Det spesielle i dette høvet er at artikkelen om Ringdrotten er eldst, mens Lord of the Rings vart lagd inn seinare, og artiklane sidan vart fletta.-Knut 22:53, 4 oktober 2007 (CEST)
Skal me då ha ei avrøysting om originale eller omsette namn, og laga ei retningsline? Fordelen med å ha artikkelen på originalnamnet er at ein då lettare hugsar å ta dette med ... --Gunnernett 12:54, 5 oktober 2007 (CEST)
...medan ulempa er at det norske namnet ofte står fram som eit annanrangs, «feil» namn. («På norsk ofte kalla...»). Eg trur eg stemmer for å stemma, ;-), sidan me aldri klarer å bli einige gjennom diskusjon. Og det er tydeleg gjennom tidlegare flyttingar at me bør ha nedskrivne retningsliner for namngjeving av artiklar. --Ranveig 17:34, 5 oktober 2007 (CEST)
Berre for å få heva røysta før avrøystinga, så vil eg stemma i at eg tykkjer det er løye at nynorsk skal ha sin heilt eigen praksis her. Dersom eit verk, om det er ein film eller ei bok eller anna, føreligg med eit norsk namn, så tykkjer eg det er særs naturleg at det norske navnet blir navn på artikkelen på eit norsk oppslagsverk. Elles blir det fort rart, som det ovanfor nemnde dømet med Mao-boka syner.--Barend 18:20, 5 oktober 2007 (CEST)
No er det jo slik at ganske få ikkje-nynorske verk har nynorske namn. Slik sett så står jo Ringdrotten i ei særstilling. Så me må jo finna ut om dette er ein generell diskusjon om "norske" eller originale namn, eller om det er ein diskusjon om Ringdrotten eller LOTR. Når eit verk ikkje har eit namn på nynorsk er originalnamnet å føretrekkja, særleg når originalnamnet er kjent (og brukt) i Noreg. Ei røysting på generelt grunnlag vil føra til at LOTR og Mao-boka dannar presedens for at me byter velkjende originalnamn (særleg svenske, danske og engelske) ut med bokmålsnamnet, og det synest eg er noko stort tull. Så at me røyster for å flytta LOTR til Ringdrotten og Skammerserien til Skammarserien er heilt greitt. Men å bruka denne artikkelen som ei brekkstong for å få inn ein masse bokmål på Nynorsk Wikipedia, synest eg ikkje noko om.
Det er heller ikkje vanleg på andre Wikipediaer å bruka andre, liknande språk sine namn eller omsetjingar av originalnamnet i artikkeltitlar. Det at dei fleste wikipediaene har LOTR på sitt eige språk i artikkelen, er altså ikkje noko argument som kan brukast om verk som ikkje finst på nynorsk.
Det finst òg artiklar på andre språk som ligg under originalnamnet i staden for det omsette. T.d. en:Mein Kampf og nb:Das Kapital. Me kan sikkert finna fleire døme på at andre gjer det eine eller det andre, men eg synest ikkje det er særleg fruktbart. Me må kunna diskutera dette utan at dei ekstreme eller uvanlege tilfella skal danna presedens for resten, eller at me skal eller ikkje skal gjera noko "fordi alle andre gjer det". Me må gjera det slik me synest det er lurast å gjera det i kvart tilfelle.
Og om me absolutt skal ha (alle?) litterære verk under artikkelnamn på norsk (som oftast bokmål) er det vel minst like rart å ha namn på andre land på originalspråket? For andre land har jo faktisk nynorske namn, i motsetnad til dei fleste bøkene me diskuterer.
Eg kan sjå to gode grunnar til norske namn i staden for originale:
  1. det finst ein nynorsk versjon som folk ikkje veit om.
  2. så godt som ingen av "kundane" våre skjønar originalspråket.
Men dei norske versjonane har me jo likevel med. På bokmål har dei ofte berre den norske versjonen, og få omdirigeringar. Og dei har mange fleire skribentar enn oss, så korleis skal me kunna fanga det opp når ikkje dei klarar det? --Tannkrem 22:42, 5 oktober 2007 (CEST)
Stør Tannkrem i at ei avrøysting om flytting til Ringdrotten berre bør gjelde Ringdrotten. - Knut 23:02, 5 oktober 2007 (CEST)
Uansett har dette berre symbolsk verdi, det vil jo altid vera ein omdirigering frå den eine tittelen til den andre. Og skal me ha ei avrøysting bør den berre gjelde dette konkrete eksempelet. Elles så dreg eg inn spørsmålet om kva me gjer med dei fiktive personane også. --Ekko 18:33, 6 oktober 2007 (CEST)

Skal vi flytte Lord of the Rings til Ringdrotten, eller treng vi ei avrøysting først? - Knut 20:15, 11 oktober 2007 (CEST)

Flytt, evt er dette ei røyst for flytting. Generelt meiner eg artiklane bør ha nynorsk tittel, om det finst, om ikkje nyttar vi orginalen (dvs. engelsk heller enn bokmål for omsette verk, men sjølvsagt med omdirigering frå bokmålsnamnet) stykkjet 22:10, 11 oktober 2007 (CEST)
Flytt, eller skal vi starte røysteprosess? Hogne 10:15, 12 oktober 2007 (CEST)
Eg er mot, så da blir det røysting. Like greit å få dette avklar òg. Skal me ta berre LOTR, eller heil spørsmålet om namn på åndsverk? Evt. også namn på figurar i åndsverk som film og litteratur? --Ekko 10:23, 12 oktober 2007 (CEST)
Eg trur eg og Ekko er i stort mindretal, men viss Ekko vil røysta så er det greitt for meg. Og problemstillinga om figurane er absolutt reell. Dei fleste nordmenn veit truleg ikkje kven Lentu er, sjølv om dei både har lese historia i bokform og sett filmane.
Andre verk som er omsette til nynorsk bør vel vera plankekøyring, dersom denne relativt ukjende tittelen skal vera artikkelnamnet på LOTR. --Tannkrem 10:44, 12 oktober 2007 (CEST)
Eg laga eit framlegg på Wikipedia-diskusjon:Norsk eller originalt namn på åndsverk?‎, me kan ta avrøystinga under først, og sjå kva som kjem ut av det. --Ekko 10:58, 12 oktober 2007 (CEST)

Tannkrem etterlyste gode grunnar til å bruka norsk namn: Tolkien sjølv framstilte seg som omsetjar og redaktør av eit verkeleg verk i bøkene sine (sjå t.d. [14]). Han var så oppteken av at namna han hadde «omsett» skulle få like gode omsetjingar på andre språk som på engelsk at han skreiv ein artikkel, «Guide to the Names in The Lord of the Rings», om korleis dette skulle gjerast. Eg vil derfor hevda at me respekterer verket hans mykje betre ved å følga den tradisjonen enn å hevda at engelsk er det einaste rette. --Ranveig 16:35, 12 oktober 2007 (CEST)

Eit spørsmål: Viss alle artiklane om bøkene lyt stå under dei opphavlege namna, kvifor bruker me dei omsette nynorske namna på bibel-bøkene istaden for dei opphavlege hebraiske / aramaiske / koinegreske namna? Kvifor er det greit å la artiklane stå under tittlane fyrste mosebok, andre mosebok, tredje mosebok osb istaden for Beresjit, Sjemot, Vajikra, osb? Dette er ikkje eit retorisk spørsmål, eg vil gjerne vita kva prinsippet er. -- Arvind 22:21, 12 oktober 2007 (CEST)

Prinsippet, ja. Skal vi sjå... Der verket i original språkutgåve er meir eller mindre fråverande frå heile brukargruppa, men ei omsetjing eller omarbeiding er svært utbreidd og kulturelt viktig, kan omsetjingsnamnet vera eit meir fornuftig val. I tilfellet med Tanákh er Det gamle testamentet eit relativt kraftig omarbeidd verk (dei ulike banda av serien står til og med i ulik rekkjefølgje...(!)). Graden av omarbeiding her og i Stompa-bøkene eller Doktor Dyregod saman med det faktum at originalversjonen i begge desse falla er lite kjent blant norskspråklege gjer det meir naturleg å bruke namnet på dei tilrettelagde versjonane. I fallet Lord of the Rings er innhaldet òg lagt ein del til rette, men originalversjonen er godt kjent og mykje lesen av norskspråklege — inkludert av dei som har lese eller kjem til å lesa minst éi av dei tre ulike norske atterdiktingane under sine tre ulike namn. I tilfellet Lord of the Rings kunne det kanskje til og med forsvarast å ha fire ulike artiklar — inkludert éin kvar for dei norske omdiktingane? Men eg trur det er best å samle dei, og da helst under fellesnemnaren, sidan denne er svært godt kjent blant norskspråklege lesarar. -- Olve 02:07, 13 oktober 2007 (CEST)
Takk for svaret! Trur eg skal tenkja over det litt. :-) -- Arvind 02:23, 13 oktober 2007 (CEST)
Som vi ser av Diskusjon:Ringdrotten, vart artikkelen om Ringdrotten skriven først, men fletta med artikkelen om LotR då sistnemnde vart skriven, sidan Ringdrotten den gongen enno ikkje var i handelen, og det ikkje er vanleg å ha ein artikkel om kvar versjon av ei bok. Olve meiner altså at omsetjingsnamn kan brukast for utbreidde, kulturelt viktige omsetjingar. (Eg reknar med at Johannesevangeliet, Soga om Gunnlaug Ormstunge og Hakkespettboka kjem i denne kategorien.) At Ringdrotten endeleg kom på nynorsk er kulturelt viktig, men det er for tidleg å seie kor utbreidd boka vil bli. Ekko har rett i at overskrifta uansett berre har symbolsk verdi. Då meiner eg vi bør vere medvitne på korleis vi brukar symbola. -Knut 16:52, 13 oktober 2007 (CEST)
Kulturelt tunge omsetjingar der originalversjonen er ukjend for norskspråklege folk flest — merk at den andre biten er like viktig... Johannesevangeliet og Hakkespettboka kjem nok i denne kategorien, men Soga om Gunnlaug Ormstunge er eit tvilsfall. -- Olve 00:59, 14 oktober 2007 (CEST)

Kan vi ikkje også ha ei generell røysting om artikkeloppføring av utanlandskspråklege verk? Eg veit at dette har vore diskutert før, men likevel... Det vil jo uansett bli svært inkonsekvent å føre opp under originalnamn. Til dømes kinesiske og arabiske verk vil i det minste måtte stå under ein transkripsjon. --Erlend 22:00, 18 oktober 2007 (CEST)

Generelle røystingar er vanskeleg, fordi det kan vere nokre verk dei fleste er samde om at bør stå under norsk namn, kanskje Iliaden er eit slikt døme, mens det er andre verk fleire vil ha under originalnamnet. Det kan då vere lettare å finne fram til ei line ved å diskutere kor grensa skal gå, slik m.a. Tannkrem var inne på 12. okt. Ingen har hittil tatt til ords for at alle verk skal leggjast under originalnamnet. -Knut 23:15, 18 oktober 2007 (CEST)
OK, greitt at ingen meiner alle bør liggje under originalnamnet, da. Men Ranveig sitt døme Máo-zhǔxí yǔlù er godt. Synest ikkje vi skal røyste over mange enkeltverk. Ser at resultatet så langt er 11 for flytting og 10 imot, om eg rekna rett. Same kva utfallet blir, må vi prøve å få ei meir samlande løysing enn dette. Eg gjer framlegg om desse retningslinene:
Artikkelen skal plasserast på det norske namnet med ei omdirigering frå originalnamnet dersom:
  • Verket er omsett til norsk. Om det finst ei nynorsk omsetjing brukar vi denne, elles brukar vi bokmålstittelen. Døme: Ringdrotten, Harry Potter og de vises stein.
  • Originalittelen på verket er uforståeleg eller lite kjend og/eller det er tradisjon for eit norsk namn. Døme: Iliaden.
Elles plasserer vi verket på originaltittelen.
Kan dette vera noko dei fleste kan einast om? Heller enn at brukarane blir splitta på midten... Det tolkingsrommet som står att kan føre til at nokre svært få artiklar må røystast over, men da har vi iallfall noko å ta utgangspunkt i utan å få opp ein slik grunnleggjande diskusjon for tjuande gong. --Erlend 01:35, 19 oktober 2007 (CEST)
Slik ville eg òg gjerne hatt det. Men eg er redd du vil få 9 røyster mot det òg. :-) --Ranveig 01:58, 19 oktober 2007 (CEST)
Og eg er «redd» han får ti for. Men meir seriøst: i det framlegget om denne røystinga her kom, kom eg med eit anna framlegg, sjå under Pågåande drøftingar øvst på sida. Når me i kveld ser at det eine synet vann med ei stemme, kan me ikkje gå dit, drøfte fram ein voteringsorden og -grunnlag som gjev meining og finne ei vidtfamnande og omforent løysing? --Ekko 06:32, 19 oktober 2007 (CEST)
Ja, einig i det, Ekko. Plassering av utanlandskspråklege verk er noko som har vore diskutert ørten gonger, og ein byrjar vel å bli lei av dette? Absolutt på tide å koma fram til ei omforeint løysing. Når det er sagt, dersom framlegget mitt får eit fleirtal på to-tre røyster, vil eg sjå på det som forkasta. Fastsetjing av retningsliner vil krevje mykje større semje enn dette. --Erlend 01:20, 20 oktober 2007 (CEST)

Knut og Tannkrem har ovanfor lagt fram forslag om at dette gjelder kun Ringdrotten. Eg vil derfor leggje fram følgjande forslag til vedtak:

Artikkelen Lord of the Rings skal flyttast til Ringdrotten. Røyster skal vere avgitt innan fredag 19. oktober 2007 klokken 23:00. Røysterett har alle brukarar som var registrert 1. oktober 2007.

Røysting[endre wikiteksten]

  • For For Hogne 10:39, 12 oktober 2007 (CEST)
  • Imot Imot av prinsipp, og fordi ingen har kome med verkeleg gode argument for flytting. --Tannkrem 10:49, 12 oktober 2007 (CEST)
  • Imot Imot Bruk av originalt namn peiker til det opphavelege åndsverket, omsett namn til omsetjinga, som er noko anna. Det er skilnad på meg og eit bilete av meg. --Ekko 10:58, 12 oktober 2007 (CEST)
  • Imot Imot --Frokor 11:25, 12 oktober 2007 (CEST)
  • For For Namnet er nynorsk, dette er Nynorsk Wikipedia, og som Edaindirith seier sender valet av engelsk tittel eit signal om at me ikkje godtek eller støtter den nynorske. --Ranveig 11:27, 12 oktober 2007 (CEST)
  • For For samd med det Ranveig skriv. __meco 12:01, 12 oktober 2007 (CEST)
  • For For Nynorsk er ikkje noko dårlegare språk enn dei 47 andre wikipediaspråka som har artikkelen på omsett namn. - Knut 14:55, 12 oktober 2007 (CEST)
  • Imot Imot --Gunnar Mikalsen Kvifte 16:47, 12 oktober 2007 (CEST)
  • For For samd med Knut. --Andreasv 19:32, 12 oktober 2007 (CEST)
  • Imot Imot — namnet på atterdikta verk skil seg markant ut frå ting som bynamn eller personnamn (Hamborg og Hamburg er identiske som byar; Venezia og Venedig er identiske som byar; Georg Friedrich Händel og George Frideric Handel er akkurat same komponisten). originaltittelen er fellesnemnaren for alle omsetjingane, inkludert dei fire skandinaviske versjonane. Ringdrotten og Ringenes Herre er avleidde verk (omsetjingar med eit sterkt (og nødvendig) element av atterdikting — av heile verket, ikkje berre namnet på det), ikkje enkle omsetjingar («Greece» = ‘Hellas’; «Schaf» = ‘sau’; «»). Når eg les Ringdrotten, så les eg Eilev Groven Myhren si meisterlege atterdikting av verket. Og så kunne det vera interessant å lesa Krigen om Ringen og Ringenes Herre for å sjå korleis dei to ulike atterdiktingane til bokmål tek seg ut. Kva 47 andre wikipediautgåver gjer finn eg mindre interessant enn kva som fungerer fagleg sett. ;-) Olve 21:24, 12 oktober 2007 (CEST)
  • Imot Imot --Bep 21:56, 12 oktober 2007 (CEST)
  • For For --Anders 22:27, 12 oktober 2007 (CEST)
  • Imot Imot, folk flest kjenner denne boka enten som Ringenes herre (men det er bokmål), eller The Lord of the Rings, som er originaltittelen.--EIRIK\diskusjon 22:27, 12 oktober 2007 (CEST)
  • For For --Roar 23:02, 12 oktober 2007 (CEST)
  • For For --Otzi123 23:47, 12 oktober 2007 (CEST)
  • For For --Sigmundg 17:09, 13 oktober 2007 (CEST)
  • Mot Mot --KRISTAGAα-ω 17:39, 14 oktober 2007 (CEST)
  • For For Fordi eg meiner boktitlar, filmtitlar o.l. bør vera på norsk, om det fins eit norsk navn, og på nynorsk målform om det fins.--Barend 23:50, 14 oktober 2007 (CEST)
  • For For -- Samd med Knut. --Harry Wad 02:51, 16 oktober 2007 (CEST)
  • Imot Imot -- --Gunnernett 13:32, 17 oktober 2007 (CEST)
  • Imot Imot Eigentleg er eg generelt for at verk som finst på norsk skal stå under artikkelnamnet dei er kjent for på norsk, men det går ikkje å gjera unnatak for berre eitt verk - dét blir for rart. I ei meir generell røysting ville eg ha røysta for. --Erlend 21:55, 18 oktober 2007 (CEST)

Resultat[endre wikiteksten]

11 røyster for flytting, 10 mot. Artikkelen skal flyttast ved første høve. Det går mot omkamp ser eg, eg vil også gjerne røyste for framlegget frå Erlend. Hogne 00:20, 20 oktober 2007 (CEST)

Resultatet er klart nok, men det gjev ikkje grunnlag for konklusjonar ut over spørsmålsstillinga. Skal vi finne ei line i dette spørsmålet, må ho byggje på konsensus, og det kan vi ikkje votere oss fram til. Kanskje kan vi samle oss om ei framtidig line som tek utgangspunkt i det Olve og andre representanter for mindretalet skreiv i debattbolken over avrøystinga.-Knut 21:48, 21 oktober 2007 (CEST)
Eg tykkjer me bør ha ein debatt om den framtidige lina i dette spørsmålet, og eg meiner ikkje den bør bygge på det Olve skreiv. Men den diskusjonen bør vel få sin eigen tråd?--Barend 00:46, 24 oktober 2007 (CEST)
Han har det: Wikipedia-diskusjon:Norsk eller originalt namn på åndsverk?. --Tannkrem 00:49, 24 oktober 2007 (CEST)

Gode artiklar[endre wikiteksten]

Burde det ikkje vore ein peikar til dei gode artiklane ein stad på hovudsida? Eg fann ein link til sida på Arbeidskontoret, men det er vel ikkje første plassen folk som er på utkikk etter godt lesestoff vil gå. (Samfunnshuset er vel forøvrig klar for ein del arkivering? Det går tregt å skrive her, reknar med det er fordi sida er så lang.) --Frokor 16:08, 5 oktober 2007 (CEST)

Ja, dei bør fram i lyset så mange stader me kan tenka på. Kanskje me kan legga til etter Grunnlagt: 31. juli 2004. Artiklar: 26 259. «Gode artiklar: 15»? Eller ein stad i boksen for utvald artikkel? --Ranveig 17:08, 5 oktober 2007 (CEST)
Siste arkiveringsrunde dumpa eg alt i eit fellesarkiv. Om nokon vil flytte diskusjonar til stader dei høyrer betre heime er det fritt fram, elles kan me vel bare laga neste arkiv. --Ranveig 17:08, 5 oktober 2007 (CEST)

Finske stadnamn[endre wikiteksten]

Etter ein diskusjon om kor vidt artikkelen om den finske byen Torneå/Tornio skal ha svensk eller finsk form på wikipediaen vår prøvde eg å finne informasjon på språkrådet sine sider. Eg fann ikkje noko som generelt sa kva form ein skal nytta på norsk, så eg sende dei ein mail. Her er utdrag frå svaret eg fekk: «Det er vedteke at det etter offisiell norsk rettskriving skal nyttast svenske former for stadnamn i Finland med offisiell svensk form.»

Det vil sei at artiklane våre om t.d. finske byar skal heite Torneå (og ikkje Tornio), Helsingfors (ikkje Helsinki), Åbo (ikje Turku), Tammerfors (ikkje Tampere), Nyslott (ikkje Savonlinna) osv. Ein ser for såvidt denne retningslinja her http://www.språkrådet.no/Ordboeker/Geografiske_namn/. Om ein søker på Helsinki vil det stå: «(Helsinki) sjå Helsingfors» osv.

Så i følge språkrådet (som ein vel bør følgje på ein norsk wikipedia) skal ein på norsk nytte det offisielle svenske namnet på ein finsk stad. Om ein stad ikkje har offisielt svensk namn skal det finske namnet nyttast. --Frokor 12:55, 11 oktober 2007 (CEST) --Frokor 12:55, 11 oktober 2007 (CEST)

Ja, slik er det. Det er dessverre ein del sivil ulydnad mot dette vedtaket her på nn (det ligg diskusjonar t.d. her og (med mange prinsipielle drøftingar, men utan konklusjon) her). Sjølv meiner eg Språkrådet sitt vedtak er godt, m.a. fordi nordmenn ikkje veit korleis dei skal uttale dei finske namna, og fordi alle finnar og finlandssvenskar vil bruke dei svenske namna når dei snakkar med oss på svensk. Og norsk og svensk er same språk, omtrent. Viss du ser på dei ulike artiklane ser du at dei fleste er på svensk, men ein del er på finsk. Ein del av lenmalane er tospråklege, ikkje alltid like vellukka. Men eg tar gjerne i mot meir støtte for bruk av svenske namn på norsk. Trondtr 19:40, 11 oktober 2007 (CEST).
Når det er usemje om skrivemåtar, bør vi lytte til fagfolk. I dette tilfellet språkrådet. Då betyr det mindre at eg òg er samd i at namnet Finland i norsk språk fell meir naturleg enn Suomi, og Åbo for meg fell meir naturleg enn Turku. Dersom svensktalande finnar i samtale med oss som snakkar norsk helst bruker dei finlandssvenske namneformene, står argumentasjonen endå sterkare. Dersom vi skulle setje oss opp mot språkrådet sine råd, måtte det vere ut frå ein konsensus. - Knut 20:02, 11 oktober 2007 (CEST)
Eg meiner, om det ikkje kom klart fram, at me bør følgje Språkrådet. Eg ser av diskusjonen om Helsinki/Helsingfors at enkelte som vil halde på finske namn der ein har offisielle svenske namn har flytta artiklar på grunnlag av språkrådet sine reglar. Adriatarhavet vart t.d. flytta til Adriahavet, eit riktig valg syns eg, trass i at eg ikkje hadde høyrt denne namneforma før. Men då må me vere konsekvent. Anten får me følgje språkrådet. Punktum. Ellers så får me ta dei vanskelege diskusjonane etter kvart og gå eigne vegar med eigne reglar. Me følgjer språkrådet når det gjeld rettskriving, så kvifor skulle me ikkje gjere det same med stadnamn? --Frokor 20:36, 11 oktober 2007 (CEST)
Eg meiner at vi ikkje slavisk skal følgje språkrådet. Men, dersom vi ikkje skal gjere det må vi ha særs gode grunnar. Sluttar meg med andre ord til det Knut skreiv. stykkjet 22:04, 11 oktober 2007 (CEST)
Eit døme kan vere der Språkrådet si form gjev fleirtydingar ein kan unngå ved å bruke andre former (utan at den andre forma er altfor ukjend for folk flest). --Frokor 22:40, 11 oktober 2007 (CEST)
«Følg Språkrådet» er greit for meg. Ekko 22:30, 11 oktober 2007 (CEST)
Eg elsker dei finske namna, og håper eg (ein) får lov til å bruka dei i artiklar om eg (eller andre) ønsker det, på same måte som klammeformer kan brukast i artikkeltekstar men ikkje andre stader. Elles er eg einig i at det vil vera ryddigast å følga vårt Skraprad (som eg feilstava det sist eg gugla) i tjukt og tynt. --Ranveig 01:06, 12 oktober 2007 (CEST)
Einig. -- Olve 02:32, 12 oktober 2007 (CEST)
Eg står ved kvart ord eg har skrive i tidlegare drøftingar om at bruken av finske navn er mykje betre enn bruken av svenske navn. Men det eine argumentet eg bøyer meg for, er det om konsekvens når det gjeld Språkrådet. Frokor tok meg med omsyn til Adriahavet, og han har rett, ein bør, som hovudregel, vera konsekvent. Så med tungt hjarte legg eg ned sverdet, og gjev opp kampen for dei finskspråklege navna. Bruk dei svenske. Kvitt flagg. Sukk.--Barend 23:48, 14 oktober 2007 (CEST)

Framlegg til retningsliner[endre wikiteksten]

Eg har prøvd å utarbeida generelle retningsliner for namngjeving av artiklar. Dei stemmer ganske godt med det som er sagt under #Finske stadnamn ovanfor, og med tidlegare semjer.

  1. Me følger i hovudsak alminneleg nynorsk språkbruk og reglane fastsette av Språkrådet.
  2. Dersom desse strir mot kvarandre, har reglane frå Språkrådet forrang, om ikkje anna er avgjort gjennom brei semje.
  3. Me bruker andre titlar enn det som er sagt over dersom det er brei semje for dette, som kan grunngjevast. Gode grunnar kan til dømes vera at titlar strir mot Wikipedia-prinsippa eller at ein unngår fleirtydingsrot ved å bruka eit anna velkjend namn.
  4. Språkbruk i artikkeltekstar er friare. Medan ein bør bruka hovudformer av ord og tilrådde namn i titlar og kategoriar, kan ein bruka klammeformer og mindre vanlege namn i tekstar, så lenge bruken er konsekvent innan artikkelen.

Det hadde vore fint med mykje tilbakemelding på dette, både at ein er samd i nokre eller alle punkta, at ein er usamd i noko men kan leva med det, eller om ein ønsker omformulering. --Ranveig 01:09, 12 oktober 2007 (CEST)

Einig i det meste her. Personnamn og kunstneriske/litterære verknamn bør vi vel ha eksplisitte (hovud)reglar for òg — jfr. tidlegare diskusjonar. -- Olve 02:35, 12 oktober 2007 (CEST)
Eg er med på den óg. --Frokor 08:42, 12 oktober 2007 (CEST)
Dette ser bra ut. For Finland er det ein by eg har språkrådsproblem med, og det er Lahtis, som det faktisk heiter på svensk. Der har vinteridretten fått gjennom den finske forma i norsk språkbruk. Ikkje for det, eg kan leve med "Lahtis" som artikkelnamn, eg. Trondtr 09:26, 12 oktober 2007 (CEST).
Det finst nok fleire tilfelle, både på finsk og andre språk, der det er vanleg å bruka eit anna namn enn det offisielle norske. Men eg er samd i at det er lurt å følgja sprakradet om det ikkje er særs gode grunnar mot det. Språkrådet er diverre heller ikkje konsekvente med å bruka skandinaviske namn framføre andre (sjå t.d. Venedig, Godthåb, Dorpat, Sambandsstatane), men det får me berre leva med, det er den einaste språknormeringsinstitusjonen me har. Ja, bortsett frå Nynorsk Wikipedia då... --Tannkrem 09:50, 12 oktober 2007 (CEST)
??? Sjølv ikkje bestemor mi sa Venedig! Det er då dansk? --Ekko 10:11, 12 oktober 2007 (CEST)
Nei det er vel svært få utanfor dei mest hardbarka riksmålskrinsane som seier det, men i gamle dagar hende det vel at folk skreiv det. Venedig står med feit skrift på NW og det er ikkje berre i Danmark byen heiter det. Men poenget mitt var heller ikkje kor mykje brukte dei ulike namna var. --Tannkrem 10:27, 12 oktober 2007 (CEST)
Samd med desse retningslinene. Kanhende er heller ikkje eg alltid samd meg Norsk språkråd, men det er ikkje viktig nok. --Bep 20:59, 12 oktober 2007 (CEST)
Eg er ikkje heilt samd. Mange namn, som Godthåb, Drontheim, Victoriasjøen, osb. er okkupantmakta sine namn og eg tykkjer ikkje dei skal lønast med å få bestemma kva stadane dei har okkupert skal heite. Å kalla Ukerewe for Victoriasjøen er som å kalla Oslo for Hitlerborg eller Bagdad for Bushistan. Anten bør Victoriasjøen til Ukerewe, eller så bør Trondheim flyttast til Drontheim (vi bør kanskje spørja Trond Giske om løyve fyrst ...). --Sigmundg 13:59, 13 oktober 2007 (CEST)
Eg støttar framlegget. Eg trur alle kan finne noko på Språkrådet som ein ikkje er samd i og namneformer som kan virke merkelige. Eg er heilt einig i at det t.d. ville vore rart å nytte Lahtis i staden for Lahti, men i tilfelle der opp til fleire brukarar her er ueinige om kva form som skal nyttast kan det vere greit å ha ei ekstern retninslinje som Språkrådet er. --Frokor 16:31, 13 oktober 2007 (CEST)
Framlegget er godt. Om det skal skrivast inn på Arbeidskontoret, kan språket i tredje punktet pussast litt på, dessutan bør vi for norske stadnamn vise til Statens namnekonsulentteneste, ikkje språkrådet. -Knut 17:06, 13 oktober 2007 (CEST)
Eg er for retningslinene. Og det er aller mest for i dei, er at det vert heldt ope ei moglegheit for å gjera unntak når det er brei semje om det, som formulert i punkt 3. --Barend 23:54, 14 oktober 2007 (CEST)

Røysteprosess er påbyrja[endre wikiteksten]

Sjå [15]

Omdirigeringar kan kategoriserast![endre wikiteksten]

Eg oppdaga her om dagen at eit under var skjedd, nemleg at ein også kan plassera omdirigeringssider i kategoriar. Dei vil fortsatt omdirigera, men samstundes dukka opp i kategoriane dei er plasserte i. Eg prøvde ut dette med Sarotex i Kategori:Antidepressiv, og det verka så bra at eg føreslår å gjera det same med alle lækjemiddel, altså omdirigera frå salsnamna til det kjemiske namnet på stoff, men legga alle namna i kategoriar.

Dette vil gjera det enklare å finna fram i kategoriane der me har måtta ta harde namneval, trur eg, og kan til dømes brukast i samband med dei kjære finske stadnamna våre. Samstundes er det mogleg det blir rot og tull om fleire artiklar skal oppførast fleirfaldige gonger i kategoriar. Er det nokon som har motførestillingar? --Ranveig 16:45, 12 oktober 2007 (CEST)

Strålande ide! Hovudpoenget med kategoriar må jo vera å kunne leite «på måfå», du hugsar at det var eit antidepressiv, men kva det heit hugsar du ikkje. Så då blar du gjennom kategorien. Kjør på, styrmann! --Ekko 20:38, 14 oktober 2007 (CEST)
Du meinar vel styrfrue? --Sigmundg 20:53, 14 oktober 2007 (CEST)
Det held med Styrveig. --Ranveig 21:12, 14 oktober 2007 (CEST)
Styrveig skal bli! --Ekko 22:09, 14 oktober 2007 (CEST)
Hm. Dette åpnar jo moglegheiter for mykje rot, er min første tanke. Her må ein iallfall syna stor varsemd. Alle er vel samde i at ein ikkje vil at Olav den heilage og Olav II av Noreg begge skal dukka opp i kategorilista kategori:norske regentar. Men er det bra om både Dublin og Baile Átha Cliath dukkar opp på lista over hovudstader i Europa? Ja, jo, kanskje?--Barend 00:00, 15 oktober 2007 (CEST)
Som Barend seier, må ikkje dette misbrukast. Men når Simen og Simon er omtalte i same artikkelen, bør begge namna finnast på kategorilistene. -Knut 10:12, 28 oktober 2007 (CET)

Nettstadsnotis[endre wikiteksten]

I natt omsette eg notisen som kjem øverst på alle sidene til nynorsk. Viss noen vil endre er det muleg på http://meta.wikimedia.org/wiki/Fundraising_2007/Text_for_sitenotice på metasidene. --KRISTAGAα-ω 16:20, 27 oktober 2007 (CEST)

27 000 artiklar[endre wikiteksten]

Truleg vart det Hålogaland teater av stykkjet

Grattis! -- Hogne 10:42, 29 oktober 2007 (CET)

  • 3x3x3 tusen må vi feire med eit smil! -Knut 16:31, 29 oktober 2007 (CET)
Utruleg, andre gongen eg har passert ein mileåæl, og denne gongen ante eg det ikkje. stykkjet 18:23, 29 oktober 2007 (CET)
Ein Smil meiner du vel, Knut. Gratulerer til Stykkjet og oss alle! --Ranveig 23:07, 29 oktober 2007 (CET)


Månadsdugnad[endre wikiteksten]

I løpet av oktober vart det vel avklart kven som skal banke ordførarklubbene dei neste fire åra. Det finst artigare arbeid enn å skrive inn nye ordførarar i firehundreogførti kommunar, men skal wikipedia vere eit truverdig oppslagsverk, må vi gjere den jobben.

Vi har eit godt hjelpemiddel i lista Ranveig laga. Sjølv om månaden er slutt, håper eg fleire vil ta medansvar og gjere den kjedelege jobben med å oppdatere listene. Jobben er greiast der ein har lokalkunnskap og veit kva for nyhetskjelder det er effektivt å bruke. -Knut 22:27, 2 november 2007 (CET)

Eg har tidlegare kome med eit framlegg til ei (i mine auge) relativt (eg veit det vanskelegare, men det overser eg) enkel utviding av media-wiki (eller kva dei no kallar programvara), det å kunne ha eit sett med tabellar for eit sett med artiklar som endrar seg over tid. T.d. trenarar i eliteserien, ordførarar... og så bortetter. Ville det ikkje vere greiare å halde denne typen informasjon ved like i éin tabell? --Bep 00:40, 3 november 2007 (CET)
Dette burde vera mogleg å gjera med ParserFunctions, ideelt sett med parti, startår og sluttår som kan brukast til ulike ting. Eg skal vekk i helga, men kan tenka ut måtar å gjera det på og rapportera tilbake til veka. --Ranveig 11:15, 3 november 2007 (CET)

Asteroideklassar[endre wikiteksten]

Kva høver best; type S, type M og type C (evt. type-S), eller (som på engelsk) S-type, M-type og C-type?


Eg meiner type X er betre enn X-type, men eg ser asteroiderelaterte artiklar operar med X-type; men det finst enno ikkje nokon sider om dei ulike asteroideklassane. Harald Khan 17:26, 4 november 2007 (CET)

astro.uio.no nyttar S-type som klassifisering av asteroidar, medan romfart.no har nytta begge delar. Eg trur eg ville fulgt fagfolka på universitetet her. --Frokor 17:49, 4 november 2007 (CET)

Ang. staving: heiter det S-type asteroide, S-type-asteroide eller S-typeasteroide? Harald Khan 16:00, 8 november 2007 (CET)

Det er nok S-type-asteroide vil eg tru. --Frokor 17:43, 8 november 2007 (CET)
1. er feil, 2. er lettast å lesa, så eg støtter også det. --Ranveig 17:47, 8 november 2007 (CET)

Ok, eg flytta artikkelen min om S-type-asteroide. Harald Khan 19:04, 8 november 2007 (CET)

Døme: Øvre Romerike prosti[endre wikiteksten]

Øvre Romerike prosti: Eg har redigert artikkelen - og erfarte då at det var ei rekkje kvite felt (tomrom - eller mellomslag - mellom orda). Eg prøvde å rette opp i dette, men etter at eg lagra sida, spratt ho attende til det tidlegare kaotiske oppsettet. Det ser greitt ut inntil ein går inn på redigeringssida. Kva er grunn til dette? --80.212.1.183 19:11, 9 november 2007 (CET)

Tomromma er laga av Tab-tasten i eit teksthandsamingsprogram. Ein må sletta kvart enkelt av dei, noko eg har gjort. Artikkelen var altså ikkje spedalsk likevel! --Ranveig 19:40, 9 november 2007 (CET)
Det er mi skyld. Eg skreiv 104 prosti-artiklar, alle sydd over same malen, og eg laga eit enkelt reknearkprogram der eg la inn informasjon om dei 104 prostia i Noreg, og eg fekk programmet til å produsere artiklane. Sidan eg ikkje er noko flink med programmering, vart resultatet slik. Det er ikkje forbiletleg, men eg meinte at om det skulle vere noko vits å ha artiklane, burde landet vere komplett. Og slik vart det: Eg sparte tid, alle som skal redigere sidan får meirarbeid :( -Knut 23:09, 15 november 2007 (CET)
Eg nyttar eit strålande lite javascript, wikEd.js, som eg har kopiert frå ein eller annan stad og inn på Brukar:Frokor/monobook.js. Det fungerar ikkje i IE (kanskje berre i Firefox som eg nyttar, men det veit eg ikkje). Eg syns det er noko rotete og nyttar det ikkje heile tida, men det er strålande til ein del oppgåver. Det kan t.d. fjerne alle slike tab-mellomrom med eit museklikk. Eller omforme ein del html-kodar til wiki-kodar (som t.d. tabellar) og anna knask. Ein enkel knapp oppe i høgre hjørnet gjer at det berre skal eit klikk til for å skru han av og på. For oss som gjer ein del oppryddingsarbeid er det eit strålande verktøy.
Om nokon vil prøve det er det berre å kopiere det frå sida mi og inn på dei eiga monobook.js side (som du sikkert må opprette om du ikkje har andre ting der). Du må truleg reloade eller starte nettlesaren på nytt før det virkar. --Frokor 01:37, 16 november 2007 (CET)
Eg har omsett teksten til norsk i wikED.js. Om ein kopierar
// install [[User:Cacycle/wikEd]] in-browser text editor
document.write('<script type="text/javascript" src="'
+ 'http://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Brukar:Frokor/wikEd.js'
+ '&action=raw&ctype=text/javascript"></' + 'script>');
inn på Brukar:BRUKAR/monobook.js så skal dette no fungere. Det hadde sikkert vore mogeleg å lage knappar som kan endre "ting i hermeteikn" til «ting i hermeteikn» eller til dømes fått engelske tal som 100,000 til å verte 100 000 med eit enkelt trykk på ein knapp. Eg vågar meg derimot ikkje ut på det (blir fort svimmel av denne...) --Frokor 03:50, 16 november 2007 (CET)

Spesialteikn[endre wikiteksten]

Dei me hev er for få. Me trenger ogso ćãřÿijỳǫůşţìîőțµëō og fleire. Gwgwrgwrehg 22:00, 15 november 2007 (CET)

Ein del av desse kunne nok vore med, men då me oppretta spesialteikna var det ønske om at boksen ikkje vert for stor og omfattande (som t.d. på engelsk wikipedia). æ, ø, å osv er med for folk som ikkje skriv på norsk tastatur. Kvifor t.d. gruppa med À, è osv er med veit eg ikkje, dei er vel like enkele å lage på alle tastatur? Det er for øvrig òg ã, ÿ, ì, ë, som vert nemnd av Gwgwrgwrehg, men ein del av desse teikna kunne kanskje vore putta inn. Boksen burde kanskje i større grad vore for teikn som er vanskelege å lage. Eg saknar òg & nbsp; som eg brukar så godt som kvar dag. --Frokor 22:54, 15 november 2007 (CET)

Mal:Solsystem[endre wikiteksten]

Ok, dagens mal er ikkje den aller beste, så eg har forsøkt meg på brukarsidene mine å oversetja den engelske malen, her. Byrjar det å likne på noko? Harald Khan 14:45, 22 november 2007 (CET)

Kategoriar[endre wikiteksten]

Eg er av den typen at eg ofte blar i kategoriane. Ein ting er at vi nok enno har eit stykkje igjen før alle artiklane er optimalt kategorisert, noko anna er at det er ikkje noko lette måte å bla i kategoriar. Burde det ikkje i venstremenyen på vore ei lenke til Kategori:kategoriar, denne sida er ikkje så lett å finne ellers. Slik kunne fleire nytte dette verktyet som kategoriane er. Det er ikkje slik at eg berre er interessert i dei kategoriane som slektar til den artikkelen eg les akkurat no. stykkjet 20:25, 26 november 2007 (CET)

Eg stiller meg bak dette forslaget.--Gunnar Mikalsen Kvifte 14:31, 27 november 2007 (CET)
Eg stør og forslaget.--Anders 14:52, 27 november 2007 (CET)

Eg er imot. Ein kjem fram til sida ved å trykka på "Kategoriar", som står nedst på kvar side. Om verktøy-boksen blir for uoversiktleg, vil han bli unyttig -- sjølv om det godt kan drøftast kva som bør og ikkje bør stå der. --Ranveig 15:00, 27 november 2007 (CET)

Forsida er ei av dei sidene som ikkje har kategorilenkje nedst. Men akkurat det problemet kan ordnast opp i ved å kategorisere denne (desse) sida (sidene) òg. Likevel er det litt lite intuitivt å finne fram til kategoritreet slik det er no, så det hadde no vore fint med ei betre løysing — trur eg. -- Olve 16:04, 27 november 2007 (CET)
Samd med at vi skal vere forsiktig med å ha for mykje i verktøy-boksen. Men per i dag skal du ha flaks, eller vore med ei stund for å finne på å klikke på kategoriar. Andre løysningar bør vi kunne finne. Eg vil påstå at ei lenke til kategoriar er viktigare enn "lenkjer hit", "relaterte endringar" etc for den vanlege brukar. Kanskje og viktigare enn "Tilfeldig side" stykkjet 16:58, 27 november 2007 (CET)
'Lenkjer hit' vil eg gjerne verna, men dei to andre er mindre viktig enn Kategoriar. Eg er for å ta inn 'Kategoriar' i venstre-menyen, og om det gjer det mindre oversikteleg, så ta gjerne bort både 'tilfeldige sider' og 'relaterte endringar'! Hogne 22:35, 27 november 2007 (CET)
Eg brukar stundom 'Tilfeldig side'-knappen. Me kan kanskje fjerna "Last opp fil", sidan filar helst skal på Commons uansett?--Gunnar Mikalsen Kvifte 00:00, 28 november 2007 (CET)
Eg trur det knapt vil merkast om ein får inn ei ekstra linje i venstre-menyen og ikkje gjere han meir uoversiktlig. --Frokor 00:04, 28 november 2007 (CET)
Kanskje burde vi i same farta sett på å endre kategorisida til noko som liknar nb.? Sjå denne stykkjet 13:25, 29 november 2007 (CET)
Ja, dette er mykje betre. Vår Wikipedia:Kategoriar kan flyttast til Wikipedia:Kategorihjelp Hogne 10:46, 30 november 2007 (CET)
Ja!!!!!--Ekko 10:52, 30 november 2007 (CET)

Høgnorsk og nynorsk[endre wikiteksten]

Kvifor er høgnorsk og nynorsk skilde? Bokmål og riksmål er ikkje det. Denne Wikipediaen er liten nok frå før av. Om ein kann sameina dei, kan det verta fleire artiklar om fleire emne. Gwgwrgwrehg 19:19, 27 november 2007 (CET)

Fordi det gjer at me kan nytta ordboka og rettskrivingsreglane når me skriv. Høgnorsken ligg som kjent på sida av vanleg rettskriving. Og at det skulle bli så mange fleire artiklar av å blande rettskrivingsreglane kan eg ikkje sjå. --Ekko 19:34, 27 november 2007 (CET)
Eg meiner det må slåast saman. Det er sikkert ikkje mange som skriver på høgnorsk likevel. (Gwgwrgwrehg)
Høgnorsk er frykteleg kjekt å lesa, men det er ikkje fullt så enkelt å skriva det i og med at det er ei ikkje-offisiell rettskrivingsnorm ein ikkje lærar i skulen. Eg vegrar meg frå å redigera artiklar på høgnorsk fordi eg er redd for å øydeleggja språket, og eg trur neppe eg er den einaste. Å ha eit skilje mellom dei to rettskrivingsnormane er å gjera wikipedia meir inkluderande; dei fleste nordmenn har diverre problem nok med å skriva vanleg nynorsk allereie. Skal me kunne verta eit fullgodt oppslagsverk (og det skal me jo) er me nøydde til å vera opne for alle nynorskbrukarar, og høgnorsk er diverre eit (kultur)elitespråk per i dag. Det er kanskje vakrare å lesa, men når det heldt ein frå å retta på feil i teksten vert det meir problematisk enn det er til gagn. --Gunnar Mikalsen Kvifte 20:19, 27 november 2007 (CET)
Eg er nok einig med GMK her, skilnaden mellom Nynorsk og det konservative Høgnorsk vert ganske store. Det er ingen som hindrar folk i å skriva høgnorsk her, sjå artiklane i Kategori:Høgnorske flokkar og under. Diverre er det særs få høgnorskbrukarar som skriv her. Kanskje vi skulle i staden ha som mål å få fleire av dei til å skrive her ved å profilere høgnorsk tydelegare, på eit eller anna vis. Eit namnebyte til «Wikipedia på Nynorsk og Høgnorsk» kanskje? --Anders 20:38, 27 november 2007 (CET)
God idé. "Velkommen til Nynorsk Wikipedia" bør byttast ut med "Velkomen til nynorsk og høgnorsk Wikipedia". På alle sidor må det standa til dømes "lag denne artikkelen på høgnorsk" (det same på høgnorsk om det er ein nynorskartikkel som ikkje finst). Høgnorsken må verta meir likestilt med nynorsk. Om eg søkjer på ein artikkel som ikkje finst, så kann eg ikkje laga ein høgnorskartikkel, berre nynorsk. Gwgwrgwrehg 23:06, 27 november 2007 (CET)


Eg vil òg seie at eg hev sett nokon skrivi korrekt nynorsk (men "gamaldags") som vart "retta" så det vart meir likt bokmål. Gwgwrgwrehg 19:53, 27 november 2007 (CET)

Ein skal vanlegvis ikkje rette rett nynorsk, men høgnorsk artiklar skal flyttast til namnerommet hn/artikkelnamn, ikkje for å skilje høgnorskartiklar, men at artiklar skal kunne stå på begge former. --Anders 20:44, 27 november 2007 (CET)
Fullt ut samd med GMK. Løysinga som er vald, fungerer godt. Vi skal ikkje øyde krefter på denne saka her. - Knut 23:41, 27 november 2007 (CET)
Ja, sant å seie trur eg det er betre for høgnorsken å starte sitt eige prosjekt om dei ikkje er nøgde med ting her. Om eit slikt prosjekt viser seg å ha livets rett — f.eks. på Wikia.com eller på ein privat tenar — så skulle det vera muleg å få til ei integrering i sjølve Wikipedia-systemet og, men da som eige språk — noko som vil gjera det vesentleg lettare å produsere eit høgnorsk leksikon. -- Olve 23:46, 27 november 2007 (CET)
Sist sumar sette Ivar Aasen-sambandet opp ein høgnorsk wiki på nettsidene sine. Sjå "Mållekken" på http://www.ivaraasen.no/wiki/. Om ein ser på "Siste brigdi" er det rom for fleire til å skriva på wikien ... --Gunnernett 09:15, 28 november 2007 (CET)
Eg tykkjer det er bittelitt synd at vi skal ha to høgnorskwikiar no då, og begge to kunne marknadsføyrd det betre.Desverre er det heller ikkje mogleg å flytte høgnorske flokkar frå wikipedia til målleken, eller omvendt, slik vilkora deira er.--Anders 11:11, 28 november 2007 (CET)
Det finst berre 40 artiklar, stort sett korte, på høgnorskwikien, så det skulle ikkje vera noko problem for dei å byte om til kompatible vilkår. Da kan dei kopiere og skrive om herifrå, og dei vil kunna få til eit stort leksikon på ein augneblink. Vi kan godt skrive om dei på forsida her òg og hjelpe dei til å få fleire lesarar og bidragsytarar. -- Olve 13:18, 28 november 2007 (CET)
Eg trudde høgnorsk-spursmålet var løyst med den ordningi me hev no, og som fungerar godt, og eg røystar for at me held fram som fyrr. Og sidan eg sjølv er millom dei som hev skrive artiklar på høgnorsk, vil eg fyrst som sist slå fast at eg _ikkje_ godtek at Ivar Aasen-sambandet tek artiklar eg hev vore med på og flytter desse til sin eigen wiki. Artiklar som skal kopierast frå Wikipedia må fylgja dei same lisensieringsreglane som GNU GPL, og det gjer Ivar Aasen-sambandet ikkje med sin wiki, tvert imot. Her er upplegget tydelegvis at dei vil ha friviljuge til å skriva artiklar for seg, medan dei sjølve skal sitja med alle rettar til det endelege resultatet. Dei fylgjer helder ikkje kravi til nøytralitet, som då dei sletta ein artikkel um det sjølvstendige høgnorsktidskriftet Målmannen, med den grunngjevingi at "Dette er ikkje staden for fundamentalisme". Gjerne for meg, men GNU GPL må respekterast - frie og ufrie artiklar skal ikkje blandast. Det er det frie og ikkje minst _nøytrale_ råmeverket som Wikipedia gjev som gjer det interessant for meg å skriva her - Det er uaktuelt for meg å driva gratisarbeid for ein privat organisasjon, som jamvel stend for ein organisasjonspraksis der andre sentrale høgnorsktiltak ikkje ein gong kann umtalast. Eg skynar eigenleg ikkje at nokon skal vera interesserte i å gå inn på slike vilkår i det heile. Linuxboksen 12:12, 9 desember 2007 (CET)
Eg skal elles medgjeva at eg gjerne kunde ha skrive fleire høgnorskartiklar enn det eg hev gjort so langt, men noko av problemet er nett dette med at eg ikkje veit um det eg gjer til sjuande og sist er burtkasta eller ikkje. Med alle dei umkampane som hev vore um høgnorsk eller ikkje høgnorsk her på nynorsk wikipedia so vert det vandslegt å vita um artikkelskriving er noko ein skal satsa på eller ikkje. Det siste eg ynskjer å gjera er å skriva høgnorskartiklar som endar med å verta umsett til bokmålsnær nynorsk og der høgnorskversjonen til slutt vert sletta. Eg trur faktisk ein fyresetnad for å få fleire høgnorskskrivande til å engasjera seg her er at det vert klårt at høgnorskartiklane fær lov til å vera her. Eventuelt at det kjem ei nyordning der høgnorskartiklane vert skilde ut i ein eigen wiki som fylgjer dei same kravi til nøytralitet og upphavsrett, og som _ikkje_ inneber at høgnorskartiklane vert privatiserte til ein utanforståande organisasjon. Linuxboksen 12:57, 9 desember 2007 (CET)
Eg trur framlegget kom frå ein med lite erfaring frå wikipedia, og som kanskje ikkje kjennner noko særleg til historia til den ordninga me har. Eg trur òg du har rett i at når me no har ei ordning skal me vera samde om at den ordninga ligg fast så langt som mogeleg. --Ekko 18:54, 9 desember 2007 (CET)


Gwgwrgwrehg skreiv: "Kvifor er høgnorsk og nynorsk skilde? Bokmål og riksmål er ikkje det."

Av di høgnorsk fell meir utanfor gjeldande nynorsk-rettskriving enn det riksmål fell utanfor gjeldande bokmål-rettskriving, i alle fall um me held oss innanfor hovudformene. Bokmål/riksmål hev òg ei fastare rettskriving, so at det er lettare å semjast. Det er òg mange fleire som meistrar riksmål enn høgnorsk. Difor vil eit upplegg med sams bolkar "sperra" for vidgingar dersom dei er skrivne på høgnorsk. Difor vart me i si tid samde um å skipa eigne bolkar på høgnorsk jamsides bolkar på nynorsk etter gjeldande rettskriving, so at me slapp å trakka kvarandre på føtene og stridast um kva som er godt språk.

Dei eigne høgnorskbolkane på nynorsk Wikipedia hev soleis tvo fyremål - folk kann lesa og sjå korleis høgnorsk sér ut og folk som skriv høgnorsk kann få vera med. Eit eige ålment netuppslagsverk (som Wikipedia) på høgnorsk sér eg som heilt urealistiskt. Eg vil difor uppmoda til å halda fram med den løysingi som alt er og at folk som skriv høgnorsk gjerne skriv på nynorsk Wikipedia, slik eg som formann for landssamskipnaden for høgnorskrørsla, Ivar Aasen-sambandet, gjer når eg møter høgnorskingar.

Som Gunnernett skreiv, skipa me i Ivar Aasen-sambandet ein eigen wiki "Mållekken" på (http://www.ivaraasen.no/wiki/). Denne wiki-en hev eit noko anna fyremål enn nynorsk Wikipedia. Forutan å vera ein stad der folk kann prøva seg på å skriva høgnorsk og få rettleiding, legg me meir tyngd på språklege artiklar, målføring, ordlistor, rettleiding osb.

Linuxboksen tek elles i miss um lisensieringi på "Mållekken". Kvar den som skriv hev sjølv retten til eige tilfang og kann gjera kva hann vil med dette, men han gjer samstundes tilfanget tilgjengeleg til ikkje-kommersielt bruk for ALLE. Lisensieringi er ikkje GNU GPL, og difor ikkje kompatibelt med Wikipedia. GNU GPL er derimot ikkje den einaste frie lisensen som finst, so dette er ikkje noko dramatiskt eller spesielt. Ein skal derimot ikkje sjå burt ifrå at einskilde artiklar vert lisensiera under GNU GPL når artiklane hev nådde ein viss kvalitet og kann segjast å vera ferdige. Det vil òg i framtidi vera tilfang på "Mållekken" som ikkje vil vera under open lisens, på grunn av upphavsrettar (so ikkje me kann gjera noko med); i det fall, vil det vera nemnt serskilt.

Grunnen til at eg sjølv ikkje lenger skriv på nynorsk Wikipedia, endå det på langt nær er definitivt, er at eg hev ein altfor travel kvardag til å hamna i endelause kveruleringar med folket i "Målmannen" og maalmannen.blogspot.com (og det hev seg slik at det eg veit mest um, er språklege emne). På "Mållekken" slepp eg dette. Det hev altso ingenting med "høgnorsk-løysingi" på nynorsk Wikipedia å gjera. At teigen um "Målmannen" vart burtteken på "Mållekken", var av di ingen i Ivar Aasen-sambandet hev sansen for sjikanering av homofile, muslimar, alle "idiotar" i tillegg til alle konspirasjonsteoriane. Då og då fær eg spursmål frå utanforståande um me høgnorskingar er kristenfundamentalistar. Noko eg avmaktar. På andre stader på Internet fær Målmannen-folket gjera kva dei. Dette til vitring. --Fatagnus 20:39, 25 desember 2007 (CET)

Punktum i bilettekstar[endre wikiteksten]

Italiensk is.

Eg dumpa bort i ein diskusjon på bokmåls-Tinget. Omsett til moderne norsk var problemstillinga at somme brukar punktum etter bilettekstar, andre gjer det ikkje, og det kan irritere perfeksjonistar. Konkusjonen vart at bilettekst av ufullstendige setningar, utan etterfølgande setning, bør stå utan punktum, medan fullstendige setningar bør avsluttast med eit punktum.
Som døma til høgre viser, gjer vi begge delar her på nn-wiki. Men eg meiner punktum høver dårleg i korte bilettekstar. -Knut 18:39, 29 november 2007 (CET)

Godt poeng! Hadde berre perfeksjonistane der vore like interesert heile tida i å leite etter feil i artiklar som kan irritere, enn å leite etter feila hjå kvarandre. Eg ser eg stundom er ganske inkonsekvent sjølv når det gjeld punktum, men det eg tykkjer er at setningar som består av få ord, to eller tre, ikkje treng punktum, men med fleire setningar skal ein sjølvsagt ha punktum. «1902» er forøvrig ein ufullstendig og i mine auge, ei dårleg setning.--Anders 16:19, 30 november 2007 (CET)

no/nb[endre wikiteksten]

Det har blitt ein del robotar no som ikkje skjøner at interwikilenkja nb er godkjend bruk her på nn, og difor rettar det til no. Skal vi sløyfe nb som omdirigering til bokmålswikipediaen og dermed gjere det enkelt for iw-lenkjararane, eller skal vi fortsette å bruke nb som iw-lenkje til nettsida som ligg feil likevell. Då slepp me no då å skrive fleire manualar omatt, enno ein gong. Eg spør, for eg ser det er ein del andre enn berre meg som framleis brukar nb som iw-lenkje... --Anders 16:19, 30 november 2007 (CET)

Lombardisk Wikipedia[endre wikiteksten]

Nokon som hugsar kor mykje vi streva for å få lov til å ha ei eiga nynorskutgåve av Wikipedia? Det pågår for tida ein kampanje mot Lombardisk Wikipedia. Wikipediaen har ein del tydelege problem som absolutt må ordnast opp i, men kampanjen har som mål å slakte wikipediaen heller enn å ordne opp i problema. Kanskje ikkje det heilt store sjokket at det først og fremst er italienarar som vil bli kvitt dette prosjektet og nestleiaren av Wikimedia Italia som trugar med blokkering av motstandarar han ikkje likar ordvalet til.... Ta ein titt den som kan og ver med på å avgjera kva som skal skje med denne utgåva. -- Olve 14:33, 2 desember 2007 (CET)

Eg ser at argumenta for å stengje er at lombardisk språk ikkje eksisterer, at den lombardiske wikipediaen vert misbrukt til å spreie ein politisk bodskap, og at artiklane er robotproduserte spirer. Eg har ingen forutsetning for å vite om dette er rett, men kanskje Olve kan gje oss eit samandrag av argumenta andre vegen? Dessutan: Kven kan røyste i denne avrøystinga? -Knut 15:27, 2 desember 2007 (CET)
Alle som har ein brukarkonto på Meta kan stemme, såvidt eg kjenner til. Argumenta for å behalde wikien inkluderer at fleire av argumenta for å stengje wikien ikkje held mål; det finst ein del brukbare artiklar å byggje vidare på (og mange å slette); det finst folk, inkludert i Noreg, som er kvalifiserte til å utvikle wikien i betre retning; osv. At lombardisk språk «ikkje eksisterer» (!) er sjølvsagt ein rein retorisk leik... Sjå elles Kemmótar sine innlegg for synspunkt frå ein person med særleg god innsikt i saka. -- Olve 17:04, 2 desember 2007 (CET)
Takk for tipset, denne avgjerdi kann kanskje verta prinsipielt viktug seinare. Eg tenkjer då på spursmålet um ein eigen høgnorsk wikipedia på litt lengre sikt. Kann lombardisk få status som eige språk, kann vel me og få det. Linuxboksen 18:35, 9 desember 2007 (CET)

Uviktige endringar[endre wikiteksten]

Eg har delteke ein del på engelsk Wikipedia, og eg veit kva «minor edit» går ut på: retting av trykkleif, flytting av komma, lett omskriving av ei setning. Då hakkar eg av for minor edit utan problem. Men eg er då pedant, og uviktig endring tyder noko heilt anna enn minor edit ! Eg får meg ikkje til å hakke av der. Det er då viktig at Wikipedia ikkje har feilstavingar, ikkje sant? Om ei endring er verd å gjere, så er ho også viktig. Meiner eg. Dagens hjartesukk. Hordaland 19:31, 3 desember 2007 (CET)

Heilt einig. Tok sjansen på å endra språket utan dei store kontroversane. Berre administratorar og byråkratar kan endre språkfila for brukargrensesnittet, men og vanlege brukarar kan koma med føreslag på oversetjingar. Framleis er ikkje grensesnittet heilt oversett til nynorsk, så her er det jobb å gjere! --Anders 20:19, 3 desember 2007 (CET)
Wow. Rask service|sørviss her. Mindre endring er bra. Noko med små eller liten hadde òg gått an. Eg toler å bli kalla for vanleg brukar ;-) men ikkje å få høyre at mine bidrag er uviktige. Takk. Hordaland 20:44, 3 desember 2007 (CET)
I følgje ordboka tyder minor anten mindre, mindreårig, minst eller moll(?). Eg fann mindre til å vera det beste alternativet. Mindreårige endringar passar nok meir tulleendringar. Eg er og litt usikker på små endringar. Og eg er (en)no ikkje blitt så høg på pæra at eg har gløymd at administratorar er vanlege brukarar me og, berre med litt fleire oppgåver... :) --Anders 21:00, 3 desember 2007 (CET)
(moll er frå musikken...som i A minor = A moll = Am osv.) --Frokor 21:22, 3 desember 2007 (CET)
Uff, ja sjølvsagt! Det burde jo ein gammal korpsmusikant framleis koma i hug. --Anders 21:26, 3 desember 2007 (CET)
Eg har lært at absolutt komperativ (gradformar utan samlikning, «ei mindre endring») er dårleg nynorsk. Kva seier filologane? Ein annan ting er at haken produserer ein u - så vi skulle helst funne eit u-ord. - Knut 22:50, 3 desember 2007 (CET)
Vi kan definere kva haken skal gi sjølv, til dømes m. --KRISTAGAα-ω 23:04, 3 desember 2007 (CET)
Når det gjeld absolutt komparativ på nynorsk, så er magekjensla mi at avgrensa bruk av han er eit mindre problem i den store samanhengen... :-) Olve 02:51, 4 desember 2007 (CET)
Ja, det finst større problem, men det er ofte lettare å løyse småproblema. I dette tilfellet trur eg l og lita endring lèt betre. -Knut 07:28, 4 desember 2007 (CET)
Minimal endring? Tyder kanskje det minste som er råd å få til. (Det var berre for å få med alle mogelegheitane. Og mogelegheit er det styggaste ordet som finst.)
Eg likar best lita. Hordaland 10:31, 4 desember 2007 (CET)
Samd med Knut; l for lita endring --Andreasv 11:01, 4 desember 2007 (CET)
Kva med «f» for «flikk» eller «s» for «småplukk»?--Gunnar Mikalsen Kvifte 12:40, 4 desember 2007 (CET)
S for småplukk er eit bra forslag — in my not-so-humble opinion... :) Olve 13:56, 4 desember 2007 (CET)
Eg trur ein l vil kome til å sjå noko rart ut, meir som eit eittal enn ein bokstav, men kanskje det berre er vanen. --Frokor 13:19, 4 desember 2007 (CET)
Tør nokon konkludere? (For min del er «lita» eller «små» grei skuring, medan ordet «mindre» veks i munnen :)- Knut 16:53, 5 desember 2007 (CET)
Småplukk er best. Hordaland 19:13, 5 desember 2007 (CET)

Da ser det ut som vi kan ha ei stemningslodding her:

Skal vi bruke «småplukk» og «s»?

  • For For -- Olve 18:02, 8 desember 2007 (CET)
  • For For -- Knut 18:53, 8 desember 2007 (CET)
  • For For -- Hogne 22:38, 8 desember 2007 (CET)
  • For For --Gunnar Mikalsen Kvifte 23:51, 8 desember 2007 (CET)
  • For For --Ekko 00:04, 9 desember 2007 (CET)
  • For For -- Harald Khan 12:13, 9 desember 2007 (CET)
  • For For --Hordaland 16:34, 9 desember 2007 (CET)

«lita endring» og «l»

  • Imot Imot - «l» er ikkje tydeleg nok på Siste endringar-sida. Dessutan kan det vera snakk om å rette tre hundre kommafeil og fire hundre skrivefeil utan å endre sjølve meiningsinnhaldet, og da er det rett nok småplukk, men ikkje akkurat noka lita endring... -- Olve 03:43, 9 desember 2007 (CET)

«Mindre endring» og «m»

  • <>For For -- --Anders 19:06, 8 desember 2007 (CET)<>
  • Imot Imot -- Det kan vera snakk om å rette tre hundre kommafeil og fire hundre skrivefeil utan å endre sjølve meiningsinnhaldet, og da er det rett nok småplukk, men ikkje akkurat noka mindre endring... -- Olve 03:43, 9 desember 2007 (CET)
  • Mal:KommentarGreitt, eg tykkjer no at tre hundre kommafeil og fire hundre skrivefeil er såpass stort at det ikkje akkurat er noko småplukk heller, med mindre ein er bærplukkar av yrke. Så det argumentet bør nok flikkast på. Men om det er så at filologane alt har bestemd seg for småplukk, då treng ein jo ingen avstemming. --Anders 16:41, 9 desember 2007 (CET)

Kristaga eller andre som kan det lyt endra «u» til «s». --Anders 16:59, 9 desember 2007 (CET)

u er irriterande lik n, så eg gler meg til s'en er på plass. -- Knut 20:57, 15 desember 2007 (CET)

No har nissen vore der og ordna. Hurra! Eg må seia det gjer meg varm om hjarterøtene å haka av for "småplukk" i staden for ei "uviktig endring". --Ranveig 16:31, 17 desember 2007 (CET)
Det slår meg plutseleg som litt suspekt at det står «NS» når eg t.d. lagar nye omdirigeringssider.--Gunnar Mikalsen Kvifte 16:42, 18 desember 2007 (CET)
Som ein ivrig "dirigent" var det det første som slo meg; men det får no vera måte på kva nazistar skal ha domene på. Deira mest suksellfulle "erobring" må vera hakekrossen.
Harald Khan 19:13, 18 desember 2007 (CET)
Ein ting: det står framleis at u = mindre endring på historikksidene. --Harald Khan Ճ 17:56, 6 januar 2008 (CET)
Fiksa. --EIRIK\diskusjon 19:40, 6 januar 2008 (CET)

28 000[endre wikiteksten]

Då har me runda ei ny grense. Denne gong med den italienske byen Pescara. --Frokor 15:19, 5 desember 2007 (CET)

Gratulere Frokor! Du er jammen bra aktiv... :) --Anders 15:23, 5 desember 2007 (CET)
Eg synest me fyk forbi milepålar stadig vekk, men det er altså over ein heil månad sidan sist, så det går ikkje fort. ;-) --Ranveig 16:32, 5 desember 2007 (CET)
Bravo! Ein dag skal eg bruke geografiartiklane våre som reiseguide! - Knut 16:57, 5 desember 2007 (CET)
Frokor er ein ressurs.--Gunnar Mikalsen Kvifte 18:14, 5 desember 2007 (CET)
Stilig. :-) Harald Khan 18:56, 5 desember 2007 (CET)

Endringsforslag for vedtektane til WM Noreg[endre wikiteksten]

Wikimedia Noreg

For å bli godkjende som local chapter så må WM Noreg endre noko på vedtektane. Det blir publisert eit komplett forslag i løpet tå kort tid. Bakgrunnen er at det er kome nokon kommentarar om at våre vedtekter gjer at vi dels blir for tett knyttat til Wikimedia Foundation, dels at vi tek på oss ansvar vi ikkje vil vara istand til å følgje opp. De aktuelle paragrafane i Wikimedia Norge/Vedtekter er §1b, §2a, §2a5, §2a6, §3, §4a og §4e. Stort sett er det mindre justeringar. Vi har fått aksept for å fortsette registreringa, under forutsetnad av at dei problematiske vedtektene tas opp til diskusjon på fyrste årsmøte. Vi blir uansett ikkje eit local chapter før vedtektene har ein akseptabel form. Sjå også Delphine Ménard sine kommentarar. — Jeblad 9. des 2007 kl. 13:45 (CET)

Visittkort[endre wikiteksten]

Wikimedia Noreg

Under forutsetnad av at vi blir godkjende som local chapter så har WM Noreg intensjonar om å prøve å få istand ein organisert framstilling tå visittkort til de mest aktive medlemmene. Det er ikkje fatta noko formelt vedtak på dette for vi må først få lov til å bruke opphavsrettsleg beskytta materiale fra Wikimedia Foundation, noe som forutset at vi er eit godkjent chapter. De tankane vi har gjort oss så langt er at brukarar vi har tiltru til kan få noe slikt, at de har ein av de offisielle logoane på forsida, url'er til dei mest sentrale prosjektane, namnet til den aktuelle brukaren saman med vedkommande sitt brukarnamn og på baksida ein minimumstekst som fortel litt om kva ein bruker er og ikkje minst at vedkommande ikkje kan garantere noen form for spesifikk omtale av det han beskriver. Bakgrunnen er at det stadig kjem spørsmål om kven brukarar representerer og kor de som dei er i kontakt med kan finne meir informasjon. Nokon som hev lyst til å prøve seg på eit design? Og ikkje minst på teksten til baksida? Det er viktig at visittkorta formidlar at brukaren representerer seg sjølv, kva rolle brukaren har på prosjektane og at WM Norge hev tiltru til brukarens tidlegare arbeid. — Jeblad 9. des 2007 kl. 13:18 (CET)

Besöksstatistik[endre wikiteksten]

Sysadmin Domas Mituzas har börjat göra loggfiler tillgängliga. De senaste 72 timmarna hade följande 200 sidor flest visningar på nynorsk Wikipedia: 1:a plats Spesial:Search (9191 visningar), 2 Hovudside (4832), 3 Spesial:Recentchanges (1696), 4 Fil:Flag of Italy.svg (1425), 5 USA (685), 6 Jul (557), 7 Juletre (476), 8 Oxford (425), 9 Spesial:Random (417), 10 Chicago (415), 11 Hjelp:Innhald (387), 12 Wikipedia:Samfunnshuset (364), 13 Wikipedia:GNU Free Documentation License tekst (329), 14 Wikipedia (320), 15 Wikipedia:Om (287), 16 Nazisme (256), 17 Carcassonne (254), 18 Spesial:Export (249), 19 Spania (247), 20 Tyskland (240), 21 Wikipedia:Kontakt (230), 22 Spesial:Specialpages (229), 23 Special:Recentchanges (224), 24 Storbritannia (220), 25 Wikipedia:Brukarportal (218), 26 Frankrike (215), 27 Nynorsk Wikipedia (213), 28 Hawaii (213), 29 Wikipedia:Arbeidskontoret (211), 30 Italia (208), 31 Periodesystemet (206), 32 Noreg (203), 33 Kategori:Kategoriar (197), 34 Kategori:Europeiske flagg (186), 35 Bali (186), 36 Wikipedia:Vilkår (185), 37 Sverige (185), 38 Diskusjon:Den europeiske unionen (183), 39 RSS (181), 40 Spesial:Upload (180), 41 Jødedommen (180), 42 Snø (177), 43 Canada (175), 44 Dorothe Engelbretsdotter (163), 45 Tidssone (162), 46 Glade jul (162), 47 Turisme (158), 48 Astrid Lindgren (155), 49 Nynorsk (154), 50 Henrik Ibsen (154), 51 H.C. Andersen (154), 52 Europa (151), 53 Engelsk språk (149), 54 2007 (144), 55 Wikipedia:Gode artiklar (139), 56 Kommunisme (139), 57 Islam (138), 58 Egypt (136), 59 Det lyser i stille grender (136), 60 Gammastråling (134), 61 Fascisme (131), 62 Brukar:AlleborgoBot (130), 63 Kommunenummer (129), 64 Special:Search (128), 65 Det britiske flagget (128), 66 Bjørn (126), 67 AIDS (126), 68 Naturalismen (123), 69 Special:Statistics (120), 70 Alkohol (118), 71 Julenissen (117), 72 Sveits (116), 73 En stjerne skinner i natt (116), 74 Barokken (114), 75 Katt (113), 76 Hellas (112), 77 Det italienske flagget (112), 78 2004 (111), 79 Jan Guillou (110), 80 2005 (110), 81 Den russiske revolusjonen (109), 82 Tyrkia (108), 83 Trymskvida (108), 84 Emil i Lønneberget (108), 85 Det norske flagget (108), 86 Advent (108), 87 Spesial:Watchlist (105), 88 Wikimedia Commons (104), 89 Nederland (104), 90 Kristendommen (104), 91 Hinduismen (104), 92 Juleevangeliet (102), 93 Resesjon (101), 94 Australia (101), 95 Alexander Kielland (101), 96 2006 (101), 97 Wikipedia:Retningsliner (100), 98 Håvamål (100), 99 Den europeiske unionen (100), 100 Celle (99), 101 Krokodille (97), 102 Reinsdyr (96), 103 Kapp Verde (96), 104 Düsseldorf (96), 105 Afrikas historie (96), 106 Napoléon Bonaparte (95), 107 Latin (94), 108 Japan (94), 109 1999 (94), 110 Oslo (93), 111 Narkotika (93), 112 Den amerikanske revolusjonen (93), 113 Berlin (93), 114 Polen (92), 115 Styresett (90), 116 Penis (90), 117 Hai (90), 118 William Shakespeare (89), 119 Tysk språk (89), 120 Alf Prøysen (89), 121 Mandarin (88), 122 England (88), 123 Brukardiskusjon:Ssolbergj (87), 124 Britney Spears (87), 125 Petter Dass (86), 126 Gibraltar (86), 127 Finland (86), 128 Eit barn er født i Betlehem (86), 129 Afrika (86), 130 2003 (86), 131 Svartedauden (84), 132 Rev (82), 133 Gud (82), 134 2000 (82), 135 Wikipedia:Gode nynorskord (81), 136 Russland (81), 137 India (81), 138 Fransk språk (81), 139 Algerie (80), 140 Wiki (79), 141 Republikken Makedonia (79), 142 Irland (79), 143 Bergen (79), 144 Antikkens Hellas (79), 145 Vagina (78), 146 Fyrverkeri (78), 147 Anne B. Ragde (78), 148 Ris (77), 149 Portugal (77), 150 Josef Stalin (77), 151 Den franske revolusjonen (77), 152 wikipedia:kontakt (76), 153 Menneske (76), 154 Kategori:Spirer 2007-12 (76), 155 Hydrogen (76), 156 GNU Free Documentation License (76), 157 Genève (76), 158 Brukar:Michae2109 (76), 159 Blogg (76), 160 Wikipedia-diskusjon:Arbeidskontoret (75), 161 Mitt hjerte alltid vanker (75), 162 Hjarte (75), 163 Salt (74), 164 Klima (74), 165 Chile (74), 166 Republikk (73), 167 Nasjonaldag (73), 168 Asia (73), 169 Vatn (72), 170 Strikking (72), 171 Konstruktivisme (72), 172 Jesus (72), 173 Hund (72), 174 Adolf Hitler (72), 175 1997 (72), 176 Napoleon (71), 177 Leonardo da Vinci (71), 178 George W. Bush (71), 179 Den katolske kyrkja (71), 180 1800-talet (71), 181 Paris (70), 182 Oter (70), 183 Nyttår (70), 184 Nedbør (70), 185 Krig (70), 186 Internett (70), 187 Det franske flagget (70), 188 Austerrike (70), 189 1996 (70), 190 Sau (69), 191 Brasil (69), 192 Sovjetunionen (68), 193 Motto (68), 194 Milliard (68), 195 Donau (68), 196 Verdas nasjonalflagg (67), 197 Det australske flagget (67), 198 Nasjonalsong (66), 199 Juni (66), 200 Danmark (66). Hur kan denna statistik användas? Till att börja med kan man ju kontrollera om de här sidorna är så välskrivna som de borde. Längre fram lär vi oss kanske utnyttja statistiken på fler sätt. --LA2 00:04, 13 desember 2007 (CET)

Takk for dette, det er særs interessant. Eg trur det kanskje tyder på at me bør forbetra artiklane våre om land. Dei har mange lenker og lesarar, men ofte lite innhald. --Ranveig 11:32, 13 desember 2007 (CET)
Særleg delstatsartiklane i Sambandsstatane treng sårt å fyllast på, mange er spirer som eigentleg ville klassifisert som frø, hadde det ikkje vore for malane. Her trengst det månadsdugnad eller to.--Anders 11:46, 13 desember 2007 (CET)
Interessesant, kan vi få tak i ei ny måling litt ut i januar? 15% av treffa går på hovudsida, det dreg med seg mange treff på vekas artikkel. Alle land og verdsdelar samla har 15 % av treffa, juleartiklar, dvs. aktualitetsstoff? 6 % (Wikipedia:Statistikk/Treffstatistikk_12._desember_2007) Det hadde òg vore interessant å vite noko om korleis lesarar kjem til hovudsida, frå søkjenettstader, andre nn:-artiklar, no.wikipedia.org eller andre. Apropos, eg finn stadig nettsider som peikar generelt til no: hovedside, men ikkje nn: hovudside, også nettstader med en del nynorskstoff elles. Vi bør ta en ny runde med å informere om at Wikipedia finst på nynorsk. Roar 11:28, 1 januar 2008 (CET)

Kvisleis manglar nynorsk?[endre wikiteksten]

Står eg på hovudsida i engelsk wikipedia, kan eg velje å gå direkte til nynorsk- eller bokmålssidene. Står eg i 'simple engelsk' er berre bokmål tilgjengeleg. For å kome til nynorsksidene derfrå, må eg alltid gå om eit anna språk. Nokon som kan rette på dette? Takk. Hordaland 21:52, 15 desember 2007 (CET)

Eg trur du lyt snakke med dei på Simple Talk om det er nokon grunn til at lenkje til nn ikkje er lagt til der (det trur eg ikkje), og om nokon med administratorrettar på den wikien vennlegst kunne leggje ei lenkje til nn på hovudsida der og. --Anders 22:16, 15 desember 2007 (CET)
Nokon har nok gjort det, utan å melde frå her. Feilen har irritert meg i fleire veker, men er no retta opp! (Til tider kjenner eg det slik at det finst tankelesarar på Wikipedia.) --Hordaland 11:02, 16 desember 2007 (CET)
Eg seier som Ranveig: No one expects the nynorsk administrator! --Ekko 11:26, 16 desember 2007 (CET)


Google Goes After Wikipedia[endre wikiteksten]

Vart gjort merksam på denne artikkelen Google Goes After Wikipedia --Andreasv 12:04, 18 desember 2007 (CET)

Olav H. Hauge og Geirr Tveitt[endre wikiteksten]

Neste år har dei begge 100-års-jubileum. Hordar av skuleungdom vil vera på jakt etter stoff, er me gode nok? --Ekko 21:24, 20 desember 2007 (CET)

Artikkelen på bokmål om no:Geirr Tveitt er veldig bra og bør etter mi meining bli oversett hit. Hogne 22:56, 20 desember 2007 (CET)
Eg har dumpa ei maskinomsetting av Geirr Tveitt på diskusjonssida til artikkelen. stykkjet 11:02, 21 desember 2007 (CET)
Eg har byrja arbeide med den her: Geirr Tveitt/sandkasse

Og kva med å flytta artikkelen om Olav H. Hauge til Olav H. Hauge? Eller er han kjend med fullt mellomnamn òg? --Ranveig 16:40, 21 desember 2007 (CET)

Heilt samd om namnet på artikkelen. Mellomnamnet til OHH må gjerne kome i første setninga, men ser framand ut i tittelen. --Hordaland 19:22, 21 desember 2007 (CET)
Olav H. Hauge blir vel naturleg, ja. -- Olve 01:13, 26 desember 2007 (CET)
Artikkelen er flytta. --Gunnar Mikalsen Kvifte 03:33, 26 desember 2007 (CET)

Henrik Wergeland 200 år. --Bep 19:42, 3 januar 2008 (CET)

Andreasv si flotte teikning av Haakon Lie
Andreasv si flotte teikning av Geirr Tveitt

Bilete /teikning[endre wikiteksten]

Begge jubilantane fortener å få ein framside-artikkel hjå oss i år. Begge saknar bilete. Andreasv viste sine gode evner til å teikne i artikkelen om Haakon Lie. Skal vi tørre be han kome med illustrasjonar av jubilantane? Hogne 21:49, 1 januar 2008 (CET)

Skal freiste - om tida strekk til, og blyanten vill. --Andreasv 09:40, 4 januar 2008 (CET)
Flott, eg tillet meg å glede meg! Hogne 10:04, 4 januar 2008 (CET)
Òg gleda fekk eg, ei flott teikning av Tveitt, Andreasv, mange takk!
Hugs å legge inn {{PD-Self}} eller ein anna tag... Hogne 10:03, 8 januar 2008 (CET)

God jul[endre wikiteksten]

Bødalen, fire dagar før vintersolkverv. (Foto: Kjetil Lenes)

Og med dette vil eg ynskje alle nynorskwikipedantar ei god og fredfull jul. Me har gjort mykje bra i året som snart ligg bak oss, me er ein god gjeng og neste år blir truleg enno betre. Helsing frå Ekko 14:39, 23 desember 2007 (CET)

I like måte, Ekko! Og god jul til alle dykk andre òg! Neste år rundar med 50 000! Berre vent å sjå! :D Fint bilete forresten. --Frokor 14:51, 23 desember 2007 (CET)
God jul! Harald Khan Ճ 15:05, 23 desember 2007 (CET)
God jul og ei fredfull vinterhøgtid alle saman! Det er så kjekt å sjå at vi som leksikon vert betre og fyldigare dag for dag. Diverre er det ikkje like kvitt her i vest, men det kjem vel får vi håpe... --Anders 15:06, 23 desember 2007 (CET)
Ikkje i år i alle fall ;-) Eller...kanskje på nyttårsaftan, men ikkje før. --Frokor 15:20, 23 desember 2007 (CET)

God jul alle. stykkjet 15:15, 23 desember 2007 (CET)

God Jul fra oss på bokmålsutgaven! Jeblad 20:47, 23 desember 2007 (CET)
God jul! - Knut 08:13, 24 desember 2007 (CET)
God jul! Postar eit bilete frå Fjærland i ettermiddag. Det var kvitt der. --Bep 22:07, 25 desember 2007 (CET)
Fjaerlandsfjorden.jpg
God jul!

--Gunnar Mikalsen Kvifte 00:58, 26 desember 2007 (CET)

Gledeleg jul frå meg òg. Eg lèt vera å senda eit bilde av tradisjonelt engelsk juleregn. --Ranveig 02:04, 26 desember 2007 (CET)
God jul til alle frå Kvitlauk 08:56, 30 desember 2007

[endre wikiteksten]

Is there anyone available to translate the new donate portal into ‪Norsk (nynorsk)‬? Instructions/what to translate is located at wikimedia:User:Cbrown1023/Donate. Thanks! Cbrown1023 02:11, 29 desember 2007 (CET)

If anyone does decide to translate it, please leave any questions on my meta talk page and tell me there when it is finished. :-) Cbrown1023 04:32, 30 desember 2007 (CET)

Bilete i kategoriar?[endre wikiteksten]

Har lagt inn ymse relevante bilde under kategori:almanakkar. Dette kan vera ein måte å gjera Commons-bilda meir direkte tilgjengelege for «vanlege» brukarar på, og det kan dessutan vera ein måte for oss som skriv å tenkje litt meir aktivt på kva som finst av bilde og korleis vi best muleg kan illustrere artiklane våre. Syn på saka? Er dette ein god, måteleg eller dårleg idé? -- Olve 23:12, 29 desember 2007 (CET)

Eg syns det er ein god ide, så lenge det vert nytta med måte. --Frokor 23:17, 29 desember 2007 (CET)
Eg likte dette. Korleis legg ein inn bilete i kategorien? stykkjet 08:15, 30 desember 2007 (CET)
Finn du eit bilde på Commons som fortener lokal kategori her på Nynorsk Wikipedia, så kopier berre «image:[filnamn.jpg]» (set inn filnamnet som passar), lim det inn i søkjefeltet her på nnwp og trykk på «Enter». Da kjem du til ei side som viser bildet, men utan lokal tekst når du klikkar på «Endre». Skriv inn kategorinamn på vanleg måte, lagre, — og da er det gjort. :-) Olve 08:50, 30 desember 2007 (CET)
Dette ser flott ut! Så lenge filene ikkje bidreg til at det er over 200 oppføringar i ein kategori (slik at ein får meir enn ei side), synest eg me kan oppmuntra til det. Legg gjerne også til nynorsk skildringstekst om biletet på Commons og/eller her på nn: når de er i gang. --Ranveig 11:38, 30 desember 2007 (CET)
Korleis og kvar legg eg til slik tekst?stykkjet 00:28, 5 januar 2008 (CET)
Du redigerer biletet som om det var ein vanleg artikkel og legg til [[kategori:vintersport]] og lagrar. Slik som dette.
Eit tips til: når eg finn eit bilete på Commmons som ikkje er nytta her, kopierer eg berre filnamnet og tilbake her skriv eg i søkeboksen til venstre: fil:filnamn akkurat som om det skulle ha vore ein artikkel eg leita etter. Då får eg opp det same biletet her og og kan kategorisere det på vanleg måte.--Anders 13:08, 6 januar 2008 (CET)
Men korleis og kor legg eg til ein nynorsk skidringstekts. Er det formatkrav, krav til innhald etc? stykkjet 13:43, 6 januar 2008 (CET)
Det er etter det eg veit, ikkje mogleg å skildre galleribilete på same måte som ved bilete i artiklar. Det er vel heller slik Ranveig meiner. Ellers får ho gjeve oss ei forklåring. --Anders 14:29, 6 januar 2008 (CET)

Visste du at...[endre wikiteksten]

Har lagt til ein (etter mi meining) interessant fakta om ungarsk drikkekultur i "visste du at"-arkivet, men oppdaga til stor frustrasjon at den særdeles nyttige informasjonsbiten ikkje automatisk dukka opp på framsida. Det gjekk kjapt opp for meg at det sjølvsagt ikkje er alle og einkvar som har høve til å fikle med sjølvaste hovudsida på nynorskwikipediaen vår, so eg lurer på om nokon med denslags autorisasjon kunne ha hjulpe meg med å spreie det viktige bodskapet. Kvitlauk 09:00, 30 desember 2007

For å leggje inn ting på hovudsida lyt du leggje informasjonsbiten i Mal:Visste du at. Men viktigast av alt er det at han er lagt inn i artikkelen du vil lenkje til — elles blir det jo villeiande reklame. Og ølreklame, attpåtil...! ;-p Olve 09:41, 30 desember 2007 (CET)
Ølreklame på nynorsk wikipedia? Nei takke seg til! - Men takk for hjelpa, har lagt til biten no. Det hadde seg nemleg slik at etter ein mislukka revolusjon frå ungarsk side, der dei sleipe austerrikarane allierte seg med dei endå sleipare russarane, skåla sigarherrane og deira allierte med øl. Bitre som ungararane var over tapet, svor dei at dei dei neste 150 åra ikkje skulle klunke ølglasa saman, det var det berre austerriksk-russisk pakk som gjorde. Sjølv om det no er meir enn 150 år sidan vert det framleis rekna som uhøfleg, og jamvel direkte upatriotisk å skåle med øl. Eg er kanskje ein særing, men eg tykkjer det er ei svært interessant historie. Kvitlauk 12:58, 30 desember 2007
Ja, men poenget er at faktabiten må finnast att i artikkelen du lenkjer til — altså i artikkelen øl. Og der står det ikkje noko om dette enno. (Med andre ord: Om du berre vil ha faktabiten i artikkelen om Ungarn, så bør du ikkje lenkje til Øl på ein slik måte at folk ventar å finne noko om dette der...)-- Olve 16:36, 30 desember 2007 (CET)
Aha! Gotcha. Som det heiter på godt norsk. Kvitlauk 17:08, 30 desember 2007
Løysinga er vel å setje den «heite» lenkja i utheva skrift---Knut 17:20, 30 desember 2007 (CET)