Henning Warloe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Henning Warloe talar under dagen til bogekorpsa 20. mai 2006

Henning Warloe (fødd 24. mars 1961 i Bergen) er ein norsk politikar frå Høgre. Han er fødd og voks opp i Bergen. Warloe er utdanna befal. Han er også utdanna ved Norges Handelshøyskole. Utanfor politikken har Henning Warloe vore dagleg leiar for eit eige firma, og var ein av stiftarane av Ferieklubben i Bergen. Ved stortingsvalet 2009 vart Warloe valt inn på Stortinget frå Hordaland.

I valperioden 2003–2007 var Warloe byråd for finans, kultur og næring i Bergen kommune. Frå 2007 var han byråd for kultur, idrett og næring, i tillegg at han sidan utreiinga til Framstegspartiet frå byrådssamarbeidet våren 2009 også har fungert som byråd for finans, konkurranse og utvikling fram til han måtte trekkje seg for å tiltre på Stortinget. I perioden 2. juni 2006–31. januar 2007 fungerte Warloe som byrådsleiar då Monica Mæland hadde barselpermisjon. Han var nestleiar i Hordaland Høgre frå 2007 til mars 2012.

Ein av hobbyane til Henning Warloes er trylling, og i 2008 vart han valt til president i Magiske Cirkel Norge, ein landsomfattande samskipnad for tryllekunstnarar.

I mars 2012 vart Henning Warloe pågripen av politiet etter å ha funne narkotika i bustaden hans. Etter dette trekte Henning Warloe seg frå alle verv, unnateke vervet som stortingsrepresentant, då dette er umogleg. [1] Ny nestleiar i Hordaland Høgre vart Ragnhild Stolt-Nielsen. [2]

[endre] Stortingskomitear

[endre] Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Henning Warloe

[endre] Fotnotar

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk